Prop. 1 S

(2019–2020)

FNs generalforsamling vedtok 25. september 2015 resolusjonen Transforming our world: The 2030 Agenda for Sustainable Development . Alle FNs medlemsland er forplikta til å følge opp dei 17 berekraftsmåla i agendaen. I Noreg har Kunnskapsdepartementet eit koordineringsansvar for berekraftsmål 4:

«Sikre inkluderande, rettferdig og god utdanning og fremje moglegheiter for livslang læring for alle»

Målet har 7 delmål og 3 gjennomføringsmål som dekker alle utdanningsnivå. Noreg var i 2019 kome langt i å nå dei fleste delmåla under berekraftsmål 4 samanlikna med andre land innanfor og utanfor Organisation for Economic Cooperation and Development (OECD). Noreg var også nærare å nå utdanningsmålet i 2019 enn i 2017 ifølge OECD-rapporten Measuring Distance to the SDG Targets . Likevel er det framleis utfordringar – også i Noreg.

Boks 10.1 FNs berekraftsmål 4: Sikre inkluderande, rettferdig og god utdanning og fremje moglegheiter for livslang læring for alle

Delmål under berekraftsmål 4:

  • 4.1 Innan 2030 sikre at alle jenter og gutar fullfører gratis og likeverdig grunnskule og vidaregåande opplæring av høg kvalitet som kan gi dei relevant og reelt læringsutbyte

  • 4.2 Innan 2030 sikre alle jenter og gutar tilgang til god og tidleg omsorg og førskule, slik at dei er førebudde på å begynne i grunnskulen

  • 4.3 Innan 2030 sikre kvinner og menn lik tilgang til god teknisk og yrkesfagleg opplæring og høgare utdanning, medrekna universitetsutdanning, til ein overkomeleg pris

  • 4.4 Innan 2030 oppnå ein stor auke i talet på unge og vaksne med kompetanse, mellom anna i tekniske fag og yrkesfag, som er relevant for sysselsetjing, anstendig arbeid og entreprenørskap

  • 4.5 Innan 2030 avskaffe kjønnsforskjellar i utdanning og opplæring og sikre lik tilgang til alle nivå innanfor utdanning og yrkesfagleg opplæring for sårbare personar, deriblant personar med nedsett funksjonsevne, urfolk og barn i utsette situasjonar

  • 4.6 Innan 2030 sikre at all ungdom og ein stor del vaksne, både kvinner og menn, lærer å lese, skrive og rekne

  • 4.7 Innan 2030 sikre at alle elevar og studentar tileignar seg den kompetansen som er nødvendig for å fremje berekraftig utvikling, mellom anna gjennom utdanning for berekraftig utvikling og livsstil, menneskerettar, likestilling, fremje fred og ikkjevald, globalt borgarskap og verdsetjing av kulturelt mangfald og kulturen sitt bidrag til berekraftig utvikling

  • 4 a. Etablere og oppgradere utdanningstilbod som varetek omsynet til barn, personar med nedsett funksjonsevne og kjønnsforskjellar, og sikrar trygge, ikkjevaldelege, inkluderande og effektive læringsomgivnader for alle

  • 4 b. Innan 2020 oppnå ein vesentleg auke, på verdsbasis, i talet på stipend som er tilgjengelege for studentar frå utviklingsland, særleg dei minst utvikla landa, små utviklingsøystatar og afrikanske land, for å gi dei tilgang til høgare utdanning, mellom anna yrkesfagleg opplæring og program for informasjons- og kommunikasjonsteknologi, teknikk, ingeniørfag og vitskap, i utvikla land og i andre utviklingsland

  • 4 c. Innan 2030 oppnå ein vesentleg auke i talet på kvalifiserte lærarar, mellom anna gjennom internasjonalt samarbeid om lærarutdanning i utviklingsland, særleg i dei minst utvikla landa og i små utviklingsøystatar

Regjeringa vil i den nasjonale oppfølginga særleg legge vekt på tidleg innsats i barnehage og grunnopplæring og å betre gjennomføringa i vidaregåande opplæring. I 2018 hadde 3 av 4 elevar fullført vidaregåande opplæring etter 5 år. Ungdom som ikkje er i arbeid eller går på skule, vil få særskild merksemd. Det er også ei utfordring at for få fullfører høgare utdanning.

Kunnskapsdepartementet vil samarbeide med Utanriksdepartementet om Noregs oppfølging av berekraftsmål 4 i internasjonale organisasjonar. Som ein del av oppfølginga deltok Kunnskapsdepartementet i delegasjonen frå Noreg til FN-møtet High Level Political Forum on Sustainable Development (HLPF) i juli 2019. På HLPF presenterte Noreg nasjonale og internasjonale utfordringar og framgang, samt forslag til korleis ein kan auke framgangen for å nå utdanningsmålet innan 2030. Statsråd Iselin Nybø bidrog òg til å fremma eit globalt kvalifikasjonspass, open tilgang til forsking globalt, og Noregs kandidatur til Tryggingsrådet i FN.

Nedanfor følger ein kort gjennomgang av status og viktige tiltak i nasjonal oppfølging av dei ulike delmåla og gjennomføringsmåla under berekraftsmål 4.

Delmål 4.1

Omtrent 100 pst. av alle barn i Noreg fullfører 10-årig obligatorisk grunnskule, og 98 pst. gjekk direkte til vidaregåande opplæring i 2018. Norske elevar på 4. og 5. trinn viser ein klar framgang i lesing, og ligg langt over det internasjonale gjennomsnittet, viser Progress in International Reading Literacy Study (PIRLS 2016). Jentene har framleis betre leseferdigheiter enn gutane, medan minoritetsspråklege elevar les betre enn i 2011. Hovudtendensen er likevel at fleirspråklege elevar skårar gjennomsnittleg lågare enn einspråklege elevar. Kjønnsskilnadene ser òg ut til å auke. Trends in International Mathematics and Science Study (TIMSS 2015) viser at norske elevar på 5. trinn presterer svært bra i matematikk. Dei skårar signifikant høgare enn elevar i same alder i dei andre nordiske landa og plasserer seg blant dei beste i Europa. På 9. trinn kan norske elevar sine prestasjonar i matematikk karakteriserast som middels gode i eit europeisk perspektiv. I naturfag presterer norske elevar godt på 5. trinn og middels godt på 9. trinn sett i eit europeisk perspektiv. I Programme for International Student Assessment (PISA)-undersøkinga frå 2015 skåra norske 15-åringar for første gong over OECD-gjennomsnittet i både lesing, matematikk og naturfag. Særleg viser norske elevar svært god framgang og gode resultat i lesing, og dei har òg ei positiv utvikling i matematikk. I naturfag har resultata vore stabile sidan 2009. 84,7 pst. av jentene og 81,2 pst. av gutane oppnådde minst eit minimumsnivå i matematikk. For lesing var dei tilsvarande tala 90,8 pst. for jenter og 79,5 pst. for gutar. Sjå omtale under programkategori 07.20 Grunnopplæringa for nærare omtale av grunnskulepoeng og nasjonale prøvar. Resultata frå PISA 2018 blir publiserte i desember 2019. Resultata frå TIMSS 2019 blir publiserte i 2020.

Delmål 4.2

I 2018 gjekk 91,8 pst. av 1- til 5-åringane i barnehage, opp frå 91,3 pst. i 2017. I 2018 gjekk 97,6 pst. av 5-åringane i barnehage før skulestart, same del som i 2017.

Ei nasjonal moderasjonsordning sikrar at ingen familiar skal betale meir enn 6 pst. av inntekta si for ein barnehageplass, avgrensa av ein nasjonalt fastsett maksimalpris for foreldrebetaling. I tillegg får barn i alderen 2–5 år frå låginntektsfamiliar 20 timar gratis barnehagetilbod per veke, og inntektsgrensa var frå 1. august 2019 auka til 548 500 kroner.

Sjå programkategori 07.30 Barnehagar for nærare omtale.

Delmål 4.3

60 pst. av både menn og kvinner i aldersgruppa 25–64 år deltok i 2017 i formell utdanning eller ikkje-formell opplæring i dei siste 12 månadene. Det er høvesvis 1 og 2 prosentpoeng lågare enn i 2012 for menn og kvinner. 35,3 pst. av 19–24-åringane var i høgare utdanning i 2018, omtrent som i 2017. Delen kvinner i same aldersgruppe som var studentar i 2018, var 42,8 pst., og delen menn var 28,4 pst. i 2018. Kvinner utgjorde 59,1 pst. av alle studentane i høgare utdanning i 2018. Delen menn har hatt ein svak auke i dei siste 10 åra. Over 40 pst. av fagskulestudentane følger utdanningstilbod innanfor tekniske fag. Det er ein liten del kvinner innanfor dei tekniske faga, 7,4 pst. i 2018.

Gratisprinsippet i høgare utdanning og låne- og stipendordninga gjennom Lånekassen bidreg til å gi lik tilgang til høgare utdanning for både kvinner og menn, jf. omtale under programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking, programkategori 07.40 Høgare yrkesfagleg utdanning og programkategori 07.80 Utdanningsstøtte. Innanfor høgare yrkesfagleg utdanning er utdanninga til over 70 pst. av studentane delvis eller fullstendig finansiert med offentlege midlar. Seks av ti fagskulestudentar følger deltidsutdanningar, noko som gjer det enklare å stå i jobb under utdanninga.

Betre gjennomføring i høgare utdanning har vore eit mål i lang tid. Ein stadig større del av bachelor- og masterstudentane har fullført på normert tid enn tidlegare. For dei som begynte på eit bachelorstudium i 2015, var det 47,8 pst. som fullførte på 3 år, noko som er opp frå 47,1 pst. for dei som begynte i 2014. Same tal for den delen av eit opptakskull som fullførte mastergraden på 2 år, var 53,6 pst. av dei som starta i 2016, samanlikna med 52,6 pst. av dei som starta året før. Sjå nærare omtale under programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking.

Delmål 4.4

For å oppnå ein stor auke i talet på unge og vaksne i Noreg med kompetanse som er relevant for sysselsetjing, må fleire gjennomfører utdanninga. Ei av hovudutfordringane er å styrke gjennomføringa i vidaregåande opplæring. I 2018 hadde 75,3 pst. av elevane som starta i 2013, fullført vidaregåande opplæring etter 5 år. Dette var ein liten auke på 0,3 prosentpoeng frå førre kull og rundt 6 prosentpoeng fleire enn for dei som starta i 2007. I 2018 var det ein kjønnsskilnad på over 10 prosentpoeng, med ein gjennomføringsgrad innan 5 år på 80,6 pst. for kvinner og 70,5 pst. for menn. Regjeringas politiske plattform frå januar 2019 har som eit mål at innan 2030 skal 9 av 10 elevar som tek til på vidaregåande opplæring, fullføre og bestå.

Regjeringa har teke fleire initiativ for å løyse fråfallsproblematikken. Frå hausten 2019 blei det mogleg å gå rett frå det 1. året på studieførebuande program til det 2. året på yrkesfaglege utdanningsprogram. Regjeringa styrker tidleg innsats i skulen med fleire lærarar, rett til intensiv opplæring for dei som heng etter, og tryggare overgang frå barnehage til skule. Regjeringa innfører ny tilbodsstruktur i fag- og yrkesopplæringa frå og med skuleåret 2020–21. Fleire elevar skal få spesialisering frå dei startar i vidaregåande opplæring. Læreplanane blir endra slik at dei blir meir relevante og gir betre moglegheit for fordjuping. Frå skuleåret 2016–17 blei det innført ei fråværsgrense i vidaregåande skule. Målet var å motivere elevane til jamn innsats og hindre skulk. Dagsfråværet gjekk ned med rundt 40 pst. etter innføringa av fråværsgrensa og har halde seg stabilt. Timefråværet gjekk også ned, og er i 2018–19 framleis lågare enn før fråværsgrensa blei innført tross ein liten auke frå førre skuleår. Delen som sluttar undervegs i skuleåret er stabil. I 2015–16, siste året før innføringa av fråværsgrensa, var delen elevar som slutta, 4 pst. I 2017–18 var delen elevar som slutta, 3,8 pst. Regjeringa greier ut om fylkeskommunane kan få eit utvida og meir heilskapleg ansvar for å følge opp alle unge i alderen 16 til 24 år, òg for dei som sluttar på skulen eller som ikkje får læreplass. Ein del av elevane som begynner i vidaregåande opplæring har av ulike grunnar eit svakt utgangspunkt frå grunnskulen. Det kan mellom anna vere aktuelt at fylkeskommunane tilbyr desse forsterka opplæring gjennom forkurs og eigne opplegg. Formålet er å gi alle elevane, òg dei med svak kompetanse frå grunnskulen, ei meir reell moglegheit til å fullføre vidaregåande opplæring.

Sjå nærare omtale under programkategori 07.20 Grunnopplæringa. For gjennomføring i høgare utdanning, sjå delmål 4.3 eller programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking.

Delmål 4.5

I februar 2019 presenterte eit ekspertutval NOU 2019: 3 Nye sjanser – bedre læring. Kjønnsforskjeller i skoleprestasjoner og utdanningsløp . Etter ein kunnskapsgjennomgang slo utvalet fast at det er tydelege kjønnsforskjellar, som i hovudsak gjer at gutar kjem dårlegare ut på alle nivå i utdanningssystemet. Kjønnsforskjellane i opplæringsløpet kan få konsekvensar for vidare utdanning, arbeid, helse og familiesituasjon seinare i livet. Ekspertutvalet foreslo 64 tiltak mot uheldige kjønnsforskjellar som går på kunnskapssystemet for barnehage og grunnopplæring, tidleg og tilpassa innsats, grunnskulens innhald og organisering, og overgangar i utdanningsløpet. I 2019 har rapporten vore på høyring, og Kunnskapsdepartementet vil mellom anna følge han opp i ei varsla melding til Stortinget om tidleg innsats hausten 2019. Sjå nærare omtale under programkategori 07.20 Grunnopplæringa og kap. 8 Likestilling og arbeid mot diskriminering.

Delmål 4.6

Den førre Programme for the International Assessment of Adult Competencies (PIAAC 2011–12) viser at befolkninga i Noreg mellom 25 og 64 år hadde god kompetanse samanlikna med i andre land. Dei eldste (55–64 år) og yngste (16–24 år) deltakarane i PIAAC hadde lågare ferdigheiter i lesing og talforståing enn gjennomsnittet av befolkninga. Dei yngste hadde dessutan lågare ferdigheiter enn det internasjonale gjennomsnittet for same aldersgruppe. Regjeringa gjennomfører kompetansereforma Lære heile livet for at ingen skal gå ut på dato i arbeidslivet, og for at fleire skal kunne stå lenger i arbeid. Sjå omtale av tiltaka i kompetansereforma under programkategori 07.50 Kompetansepolitikk og livslang.

Delmål 4.7

I Meld. St. 28 (2015–2016) Fag – Fordypning – Forståelse. En fornyelse av Kunnskapsløftet varsla regjeringa ei fagfornying for grunnopplæringa. Nye læreplanar skal ta til å gjelde frå hausten 2020. Gjennom fagfornyinga skal også tre tverrgåande tema inkluderast i læreplanane i dei faga som er relevante: berekraftig utvikling, folkehelse og livsmeistring og demokrati og medborgarskap. Forslag til nye læreplanar har vore ute på høyring våren 2019, og nye læreplanar blir fastsette av Kunnskapsdepartementet hausten 2019 for så å ta til å gjelde hausten 2020.

Den naturlege skulesekken er eit nasjonalt tiltak som skal bidra til at barn og unge gjennom opplæringa får kunnskap om og blir medvitne om berekraftig utvikling og miljøutfordringar i verda. Skular som deltek i Den naturlege skulesekken , får midlar, rettleiing og kompetanseheving for lærarar for å utvikle og gjennomføre undervisning for berekraftig utvikling.

Gjennomføringsmål 4 a

Prinsippet om nulltoleranse for mobbing er nedfelt i opplæringslova. Frå hausten 2018 fekk alle fylka i landet eigne mobbeombod. Regjeringa set også i gang ei følgeevaluering for korleis ombodsordninga bør vere i dei nye fylka frå 2020.

Opplærings- og utdanningssektoren vil bli underlagd krava om universell utforming av IKT i ny likestillings- og diskrimineringslov. Det betyr mellom anna at skulane sine nettsider, digitale læringsplattformer og digitale læremiddel må vere universelt utforma innan 2021. For alle nye nettløysingar gjeld plikta allereie frå 2019.

Gjennomføringsmål 4 b

Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku) har ansvaret for å administrere Partnarskapsprogram for globalt akademisk samarbeid (NORPART). Det overordna målet med programmet er å styrke kvaliteten i høgare utdanning i Noreg og dei 39 landa i Afrika, Asia og Latin-Amerika som er ein del av ordninga, gjennom utdanningssamarbeid og gjensidig studentmobilitet. I Dikus evaluering av avviklinga av Kvoteordninga frå 2018 fortel dei at det er ulike oppfatningar av omlegginga på norske universitet og høgskular. Dei fann òg at NORPART har betydd ei dreiing frå støtte til enkeltstudentar basert på institusjonsavtalar, til fokus på institusjonelt samarbeid i partnarskapsprogram. Programmet er finansiert av Kunnskapsdepartementet og Utanriksdepartementet. Sjå programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking for nærare omtale.

Gjennomføringsmål 4 c

Tal frå Grunnskolens Informasjonssystem (GSI) viser at 5,7 pst. av lærarane i grunnskulen ikkje oppfyller tilsetjingskrava i lovverket. Rapporten Lærere uten pedagogisk utdanning i grunnskolen 2018/2019 frå Statistisk sentralbyrå (SSB) tyder på at også mange av dei som manglar ei fullført pedagogisk utdanning, har høg utdanning. Med pedagogisk utdanning meiner SSB her utdanning som gir kompetanse for tilsetjing og undervisning, og ikkje anna pedagogisk utdanning. Rapporten finn at 86 pst. av dei som ikkje har slik pedagogisk utdanning, har ei universitets- eller høgskuleutdanning. Statistikk frå SSB (2018-tal) viser at det i vidaregåande skule er rundt 24 pst. som ikkje har ei lærarutdanning, medan 11 pst. har anna pedagogisk utdanning. 5 pst. av alle lærarane har ikkje fullført studium på universitets- og høgskulenivå. Merk at tala for grunnskulen og vidaregåande skule bygger på ulike kjelder, og derfor ikkje bør samanstillast.

Regjeringa har sett inn ei rekke tiltak for å gjere både lærarutdanningane og læraryrket meir attraktive. Strategien Lærerutdanning 2025 – nasjonal strategi for kvalitet og samarbeid i lærerutdanningene kom i 2017, same år som regjeringa løfta grunnskulelærarutdanningane til masternivå. Frå 2019 gjeld kravet om mastergrad for opptak til praktisk-pedagogisk utdanning. Ved å stramme inn karakterkrava for opptak til lærarutdanningane ønsker regjeringa å rekruttere fagleg sterkare studentar, med betre gjennomføringsevne. Det er sett av midlar til samarbeid om praksis av høg kvalitet og til kompetanseheving og forsking på lærarutdanning. Det blir satsa tungt på vidareutdanning, rettleiingsordningar og karrierevegar for lærarar. Regjeringa har òg gitt pengar til internasjonalisering i grunnskulelærarutdanningane. Diku forvaltar desse midlane gjennom NOTED-programmet, som gir støtte til utdanningssamarbeid og studentutveksling mellom lærarutdanningsinstitusjonar i Noreg og i utlandet. Sjå programkategori 07.20 Grunnopplæringa og programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking for nærare omtale.