Prop. 1 S

(2019–2020)

Kunnskapsdepartementet har eit overordna ansvar for å samordne integreringspolitikken til regjeringa. Alle departementa har eit sjølvstendig ansvar for å gi innvandrarar like høve, rettar og plikter på sitt område, og til å bidra til at måla i integreringspolitikken blir nådde.

Eit godt kunnskapsgrunnlag og tilgang til relevant informasjon om innvandrarar er ein føresetnad for at Kunnskapsdepartementet skal kunne vareta samordningsansvaret for integreringspolitikken på ein god måte, men òg for at fagdepartementa skal kunne vareta ansvaret sitt.

Mål for integrering er eit viktig verktøy for å syne utvikling over tid på viktige område for innvandrarar i Noreg. Ordninga blei introdusert i statsbudsjettet for 2006. Det blir rapportert årleg i statsbudsjettet. Departementa skal nytte informasjonen i ordninga i sitt ordinære arbeid på eigne ansvarsområde. Indikatorane i ordninga er delt inn i fire temaområde: arbeid og sysselsetjing, utdanning og kvalifisering, levekår, og frivillig verksemd og deltaking. Hovudmålet for integreringspolitikken er at fleire er i arbeid og deltek i samfunnslivet. Dette er òg målet med ordninga.

Rapporteringa på Mål for integrering gir eit bilete av utviklinga på integreringsfeltet. Biletet er ikkje fullstendig, og det kan vere fleire årsaker til at situasjonen endrar seg i positiv eller negativ retning. Innvandrarar er ei mangearta gruppe. Det er folk som kjem frå EØS-land for å ta seg arbeid, andre kjem grunna krig og forfølging i heimlandet, og nokre kjem for å leve saman med familie som bur i Noreg. Dei er gamle og unge, nokre har budd i Noreg i kort tid, andre i mange år. Dette er sentrale faktorar som forklarer endringar.

Rapportering på indikatorar for integrering vil i framtida skje i ei anna form, og dette er derfor siste året rapporten Mål for integrering blir lagd fram på denne måten.

Arbeid og sysselsetjing

Høg sysselsetjing og låg arbeidsløyse er sentrale mål for den økonomiske politikken til regjeringa og er avgjerande for å sikre eit berekraftig velferdssamfunn. Regjeringa fører ein aktiv arbeids- og velferdspolitikk for at flest mogleg skal kunne delta i arbeidslivet. Det er viktig med ein arbeidsmarknad som tilpassar seg endringar i etterspurnaden etter arbeidskraft. For å bidra til låg arbeidsløyse, høg yrkesdeltaking og god mobilitet blir dei arbeidsmarknadspolitiske verkemidla tilpassa situasjonen på arbeidsmarknaden.

Utviklinga på arbeidsmarknaden er god. Norsk økonomi har vore i ein oppgangskonjunktur sidan slutten av 2016. Bedriftene etterspør arbeidskraft, og fleire strøymer til arbeidsmarknaden. Sysselsetjinga held fram med å auke slik ho no har gjort sidan slutten av 2016, etter fleire år med fall. Auken i sysselsetjinga har ført til færre arbeidslause. Den registrerte arbeidsløysa er no på det lågaste nivået på nesten ti år.

Arbeidsinnvandringa auka sterkt etter EØS-utvidingane på 2000-talet og fall markert etter 2012, parallelt med at etterspurnaden etter arbeidskraft i Noreg vaks saktare og situasjonen betra seg i mange av avsendarlanda. Sjølv om etterspurnaden etter arbeidskraft har teke seg klart opp i Noreg etter 2016, kan vi ikkje sjå at dette har ført til auka innvandring.

Lågare vekst i innvandrarbefolkninga kan gjere det lettare for innvandrarar å få innpass på den norske arbeidsmarknaden. Mangel på kompetanse og arbeidsrøynsle ut frå behova på arbeidsmarknaden vil likevel kunne trekke i motsett retning. Arbeidsinnvandringa har vist seg å svinge med konjunkturane og gir ein stabiliserande effekt på arbeidsmarknaden.

Nokre grupper opplever særlege utfordringar med å få innpass i arbeidslivet og har behov for assistanse som styrker sjansane deira for å kome i jobb. Blant innvandrarar frå land utanfor EØS-området er det arbeidssøkarar som stiller svakare på arbeidsmarknaden, til dømes grunna manglande formell kvalifisering. Den aktive arbeidsmarknadspolitikken skal stimulere til god tilgang på arbeidskraft, motverke avgang frå arbeidslivet til varige trygdeytingar og redusere og førebygge arbeidsløyse.

Sysselsetjing

Frå og med 4. kvartal 2017 har SSB gått over til å sjå på alderspopulasjonane 20–-66 år i arbeidsmarknadsstatistikken, i staden for 15–-74 år, som blei nytta tidlegare. Denne rapporteringa vil framleis sjå på populasjonen 15–-74 år for å kunne samanlikne med tidlegare år.

Sysselsetjinga i Noreg er høg samanlikna med i dei fleste OECD-land. Det er særleg høg deltaking blant kvinner og seniorar, medan sysselsetjinga for menn i alderen 25–54 år er lågare enn gjennomsnittet for OECD. Innvandrarar og særleg innvandrarkvinner deltek i mindre grad på arbeidsmarknaden enn befolkninga elles, men det er viktig å merke seg at innvandrarkvinner i Noreg er sysselsette i høgare grad enn innvandrarkvinner i andre land. Samtidig er Noreg eit av dei landa som har størst gap mellom sysselsette innvandrarar og sysselsette i befolkninga elles.

Innvandring påverkar den samla sysselsetjinga gjennom kor stor del innvandrarar utgjer av befolkninga, og i kva grad dei er i arbeid. Innvandrarar utgjorde 19 pst. av befolkninga mellom 20 og 64 år i 2017 og 16 pst. av dei sysselsette i same alder. Innvandrarar deltek i mindre grad på arbeidsmarknaden enn befolkninga elles. Forskjellen har likevel blitt mindre. I befolkninga i alt var 67 pst. i aldersgruppa 15–74 år i 4. kvartal i 2018 sysselsette, og for befolkninga utan innvandrarar låg sysselsetjinga på 67,9 pst. (Statistisk sentralbyrå (SSB)). For innvandrarar var 62,7 pst. sysselsette – altså 5,2 prosentpoeng lågare enn for befolkninga utan innvandrarar. Med justering for at innvandrarbefolkninga er yngre enn majoritetsbefolkninga, blir den reelle skilnaden i arbeidsdeltakinga endå større.

Figur 11.1 Sysselsetjing for innvandrarar, befolkninga utan innvandrarar og befolkninga i alt. Prosentpoeng. 4. kvartal 2018

Figur 11.1 Sysselsetjing for innvandrarar, befolkninga utan innvandrarar og befolkninga i alt. Prosentpoeng. 4. kvartal 2018

Kjelde: SSB

Gapet mellom dei to gruppene blir mindre for kvart år som går. Differansen var til dømes 8 prosentpoeng i 2009, 5,5 prosentpoeng i 2013 og 4,3 prosentpoeng i 2018. Samanlikna med majoritetsbefolkninga har sysselsetjinga blant busette innvandrarar svinga noko meir over konjunkturane. Etter 2015 har sysselsetjinga blant innvandrarar auka meir enn i majoritetsbefolkninga.

Sysselsetjingsraten er sterkt påverka av dei aktuelle gruppene si samansetjing med omsyn til landbakgrunn, butid, kjønn og alder. Ifølge Frischsenteret tek det kortare tid å kome i arbeid dess betre konjunktursituasjonen er i Noreg.

Bratsberg, B., Raaum, O. og Røed, K. (2016): Flyktninger på det norske arbeidsmarkedet . Søkelys på arbeidslivet. Nr. 3, 2016, Årgang 33.

Det betyr at sjansane for å få jobb for innvandrarar er vesentleg meir konjunkturfølsame enn for norskfødde.

Det er stor variasjon i føresetnadene til innvandrarane for å kome inn på den norske arbeidsmarknaden. Mange har problem med å kome inn på arbeidsmarknaden på grunn av svake kvalifikasjonar og manglande utdanning. Verdien av kompetanse og formelle ferdigheiter blir stadig viktigare på arbeidsmarknaden. Noreg har ein arbeidsmarknad med høge kompetansekrav. Arbeidsmarknaden vil i større grad enn tidlegare stille krav til omstilling. Erfaringar viser at dei med høg utdanning omstiller seg lettare enn dei som berre har grunnskuleutdanning.

Meld. St. 29 (2016–2017) Perspektivmeldingen 2017.

Sysselsetjinga er lågare og arbeidsløysa høgare for dei som ikkje har fullført vidaregåande utdanning. Medan arbeidsinnvandrarar oftare enn befolkninga utan innvandrarar har høgare utdanning utover fire år, skil personar med flyktningbakgrunn og familieinnvandrarar seg ut ved at dei i større grad berre har grunnskuleutdanning.

NOU 2019: 7 Arbeid og inntektssikring. Tiltak for økt sysselsetting.

Om lag 70 pst. av flyktningane som kom til Noreg i 2015 og 2016, hadde inga utdanning eller berre grunnskule som fullført utdanning.

Integrering gjennom kunnskap. Regjeringens integreringsstrategi 2019–2022 . Kunnskapsdepartementet.

Det låge utdanningsnivået gjer det særleg utfordrande for denne gruppa å få innpass på den norske arbeidsmarknaden.

Landbakgrunn

Innvandrarar frå land i Europa og Nord-Amerika som i stor grad har kome som arbeidsinnvandrarar, har høgare sysselsetjingsgrad enn innvandrarar frå land i Afrika og Asia. Innvandrarar frå Vest-Europa, Nord-Amerika med fleire og EU-land i Sentral- og Aust-Europa blir dominerte av arbeidsinnvandrarar og familiegjenforeinte til arbeidsinnvandrarar. I innvandrargruppene frå Asia og Afrika er det flest flyktningar, og ein del av dei har relativt kort butid i Noreg. Sysselsetjinga er særleg låg blant kvinner i denne gruppa. Eit nytt trekk vi har sett etter 2017, er at sysselsetjinga har auka mykje blant personar frå Afrika og Asia, og meir enn blant innvandrarar frå andre europeiske land.

Figur 11.2 Sysselsetjing etter landbakgrunn. Prosentpoeng. 4. kvartal. 2008–18

Figur 11.2 Sysselsetjing etter landbakgrunn. Prosentpoeng. 4. kvartal. 2008–18

Kjelde: SSB

Butid

Med lengre butid aukar sysselsetjingsnivået i dei fleste innvandrargrupper. Etter nokre år med butid når dei fleste inntekter over låginntektsgrensa. Forskjellane mellom gruppene blir likevel ikkje utjamna. For afrikanske innvandrarar med butid på over ti år er sysselsetjinga framleis låg.

Sysselsetjinga er låg blant flyktningar i dei første åra etter at dei kom til Noreg, men ho aukar i dei første fem til sju åra. Etter det begynner sysselsetjinga å falle, og fleire mottek trygd.

Bratsberg, B., Raaum, O. og Røed, K. (2017): Immigrant labour market integration across admission classes. Nordic Economy Policy Review – Labour Market Integration in the Nordic Countries 2017.

Butid påverkar òg stillingsprosenten for innvandrarar frå Afrika og Asia. Innvandrarar frå desse landa er overrepresenterte i dei yrka der deltidsarbeid er svært utbreidd. Litt over 63 pst. av lønnstakarane blant alle innvandrarar jobba heiltid i 4. kvartal 2018, mot 71,8 pst. blant lønnstakarar eksklusive innvandrarar. Men det er stor forskjell innvandrargruppene imellom. Innvandrarar frå EØS-landa hadde ein heiltidsdel på 69,7 pst., medan gruppa frå Asia og Afrika var nede i 56,2 pst. Med ei butid i Noreg på meir enn 15 år har 65,8 pst. av innvandrarar frå Asia og Afrika heiltidsstillingar.

Figur 11.3 Sysselsetjing etter butid. Prosentpoeng. 4. kvartal 2008–18

Figur 11.3 Sysselsetjing etter butid. Prosentpoeng. 4. kvartal 2008–18

Kjelde: SSB

Kjønn

Sysselsetjingsgapet mellom innvandrarkvinner og innvandrarmenn er større enn for kvinner og menn i befolkninga elles. Dette gapet held fram også med butid. For innvandrarar (i alderen 15–74 år) i alt hadde menn ein sysselsetjingsdel på 66,2 pst. og kvinner 58,8 pst. Dette utgjer eit gap på 7,4 prosentpoeng. Tilsvarande differanse i befolkninga elles var på 4,8 prosentpoeng, der sysselsetjingsdelen for menn var 69,3 pst. og for kvinner 64,4 pst.

Delen sysselsette flyktningkvinner er klart mindre enn for menn i den første perioden i Noreg, men stig etter det jamt utover frå år til år. Det betyr at kjønnsforskjellane blir utjamna markert over tid. Til dømes endar kvinner frå Somalia med over 20 års butid opp med noko høgare sysselsetjingsprosent enn somaliske menn.

Næsheim, Helge Nome (2016): Arbeid – mål og arena for integrering . Samfunnsspeilet 4/2016.

Flyktningkvinner har høgare sysselsetjing i Noreg enn i andre EU-land, men ligg om lag 4 prosentpoeng under Sverige. Sjølv om nivået i dei nordiske landa er høgt, er det klart lågare enn for befolkninga elles.

Oxford Research (2018): Nylända kvinnors etablering. En komparativ studie av nylända kvinnors etablering på arbetsmarknaden i Norden och de etableringspolitiska insatserna . TemaNord 2018: 520, Nordiska Ministerrådet.

Høge kompetansekrav på arbeidsmarknaden, låg eller ikkje relevant utdanning, lite arbeidsrøynsle frå heimlandet, manglande språkkunnskaper og lang veg til fagutdanning er viktige årsaker til at innvandrarkvinner med flyktningbakgrunn slit med å få innpass på arbeidsmarknaden.

Figur 11.4 Sysselsetjing etter kjønn. Prosentpoeng. 4. kvartal 2008–18.

Figur 11.4 Sysselsetjing etter kjønn. Prosentpoeng. 4. kvartal 2008–18.

Kjelde: SSB

Alder

Sysselsetjinga varierer mykje med alder. Når ein samanliknar andelen sysselsette innvandrarar og befolkninga elles, bør ein ta omsyn til at innvandrarar i gjennomsnitt er yngre, og at det har kome fleire menn enn kvinner. Begge desse forholda tilseier isolert sett at fleire skal vere sysselsette.

NOU 2019: 7 Arbeid og inntektssikring. Tiltak for økt sysselsetting.

For den yngste aldersgruppa (15–19 år) er det ein differanse på 12,9 prosentpoeng i sysselsetjing når ein samanliknar innvandrarar med heile befolkninga. Denne differansen er på 12,5 prosentpoeng for aldersgruppa 20–24 år. Det har vore ein underliggande nedgang i andelen sysselsette unge generelt over lang tid. Det har samanheng med at fleire tek lengre utdanning.

Det har òg vore ein underliggande nedgang i delen sysselsette menn i aldersgruppa 25–54 år sidan slutten av 1970-talet gjennom fleire konjunktursyklusar. Utviklinga i tala etter 2000 kan tyde på at ein slik negativ, men noko svakare trend har halde fram med å gjere seg gjeldande etter år 2000.

NOU 2019: 7 Arbeid og inntektssikring. Tiltak for økt sysselsetting.

I aldersgruppene 25–39, 40–54 og 55–66 år skjer det ein reduksjon i differansen i sysselsetjing mellom innvandrarar og heile befolkninga til respektive 11,1, 11,4 og 11,8 prosentpoeng.

Gjennomsnittsalderen blant innvandrarar frå EU-land i Aust-Europa er lågare enn i majoritetsbefolkninga. Det trekker sysselsetjingsraten opp for innvandrargruppa. Den relativt store delen alderspensjonistar i majoritetsbefolkninga bidreg til å trekke ned sysselsetjingsnivået. I den eldste aldersgruppa (66–74 år) er differansen mellom innvandrarar og resten av befolkninga på 3,2 prosentpoeng.

Figur 11.5 Sysselsetjing fordelt på alder for heile befolkninga og innvandrarar. Prosentpoeng. 4. kvartal 2018

Figur 11.5 Sysselsetjing fordelt på alder for heile befolkninga og innvandrarar. Prosentpoeng. 4. kvartal 2018

Kjelde: SSB

Norskfødde med innvandrarforeldre

Norskfødde med innvandrarforeldre utgjorde nesten 180 000 personar ved inngangen til 2019. Mange norskfødde med innvandrarforeldre er relativt unge, og vil derfor vere utanfor arbeidsstyrken. Berre 14 pst. er 25 år eller eldre, medan 70 pst. er under 16 år. Nokre er i vidaregåande opplæring eller høgare utdanning.

Totalt er 70,5 pst. av alle norskfødde med innvandrarforeldre mellom 20 og 66 år sysselsette. SSB finn at ulik landbakgrunn gir til dels store skilnader i tilknyting til arbeidsmarknaden i aldersgruppa 25–39 år.

Kirkeberg, Mads Ivar mfl. (2019).): Norskfødte med innvandrerforeldre – hvordan går det med dem? Demografi, utdanning og inntekt. Rapporter 2019/21. SSB.

Landbakgrunn har mykje å seie for utdanningsnivået, som er ei generelt viktig forklaring på ulik tilpassing til arbeidsmarknaden. Yrkestilknytinga aukar med meir utdanning. Norskfødde mellom 25 og 39 år med innvandrarforeldre frå India og Vietnam har ei sterk yrkestilknyting, og ligg litt over den jamgamle befolkninga utan innvandrarbakgrunn.

Yrkestilknyting målt etter yrkesinntekt høgare enn to gongar folketrygda sin grunnsum. SSB.

Dette gjeld for begge kjønn.

Blant norskfødde med innvandrarforeldre 19–24 år er 40,6 pst. i høgare utdanning. Dette er 5,5 prosentpoeng høgare enn for resten av befolkninga. Det at så mange norskfødde med innvandrarforeldre er i gang med ei høgare utdanning, er positivt i eit integreringsperspektiv, då formell kompetanse er viktig for å kome inn på arbeidsmarknaden.

Kirkeberg, Mads Ivar mfl. (2019).): Norskfødte med innvandrerforeldre – hvordan går det med dem? Demografi, utdanning og inntekt. Rapporter 2019/21. SSB.

Blant norskfødde kvinner med innvandrarforeldre er utdanningsnivået gjennomgåande høgare enn blant norskfødde menn med foreldre som har innvandra. Når ein ser på inntekt, har mange norskfødde barn av innvandrarforeldre klart gjort det betre enn foreldra sine då dei var på same alder. Mange norskfødde har langt meir utdanning enn foreldregenerasjonen, og dette har bidrege til ei sterkare tilknyting til arbeidsmarknaden og høgare yrkesinntekter enn tilfellet var for innvandrarforeldra deira då dei var på same alder (25–39 år).

Arbeidsløyse

I 2018 gjennomførte NAV fleire endringar som har ført til eit brot i tidsserien i ARENA-registeret, som er talgrunnlaget for registrerte arbeidsledige blant innvandrarar. Tal på registrerte arbeidsledige blant innvandrarar før endringane kan derfor ikkje samanliknast direkte med tal etter innføringane. Effekten av endringane er ikkje endeleg kartlagd, og dei kan slå ulikt ut for forskjellige grupper. Kjelde: SSB.

Arbeidsløysa har gått gradvis ned sidan hausten 2016. Den registrerte arbeidsløysa har falle til det lågaste nivået sidan 2008, og er klart lågare enn 20-årsgjennomsnittet. Arbeidsløysa blant innvandrarar har hatt same utviklinga som arbeidsløysa elles, men sjølve nivået er høgare. Den registrerte arbeidsløysa for innvandrarar gjekk ned med nesten 1 prosentpoeng frå 2. kvartal 2018 til 2. kvartal 2019 til 5,2 pst. Blant befolkninga elles var 2,1 pst. arbeidsledige i 2. kvartal 2019, medan delen av befolkninga eksklusive innvandrarar var 1,5 pst. på same tid.

Ifølge SSB

SSB analyse 2018/23: Innvandrere utenfor arbeidsmarkedet . SSB

er vegen frå å vere arbeidssøkar til å vere ein del av arbeidsstyrken lik vegen for resten av befolkninga. Likevel er ein større del innvandrarar registrerte som arbeidssøkarar.

Delar av innvandrarbefolkninga har utfordringar med å få ei fast og varig tilknyting til arbeidslivet. Dette kjem til uttrykk gjennom ein høgare del ledige og lengre arbeidsløyse periodar. For innvandrarar frå Asia og Afrika har arbeidsløysa i mange år vore fire til fem gongar høgare enn for resten av befolkninga.

Låg sysselsetjing og høg langtidsarbeidsløyse kan i hovudsak forklarast med mangelfull og lite relevant kompetanse. Mange vaksne flyktningar har eit kompetansenivå som ligg vesentleg under gjennomsnittet i majoritetsbefolkninga, og Noreg har ein arbeidsmarknad med høge kompetansekrav. Mangelfull kompetanse kan omfatte ikkje berre manglande formalkompetanse og fagutdanning, men òg utilstrekkelege norskkunnskapar. Ein stor del av dei innvandrarane som nyleg har kome, har korkje grunnskule eller vidaregåande opplæring, og denne tendensen er særleg tydeleg for flyktningar.

Figur 11.6 Del arbeidsledige blant innvandrarar og befolkninga i alt. pst. av arbeidsstyrken. 2. kvartal 2011–19

Figur 11.6 Del arbeidsledige blant innvandrarar og befolkninga i alt. pst. av arbeidsstyrken. 2. kvartal 2011–19

Kjelde: SSB

Landbakgrunn

Alle landgrupper har opplevd nedgang i arbeidsløysa etter årsskiftet 2015–16. Størst har nedgangen vore blant personar frå EU-land i Aust-Europa. Det var òg denne landgruppa som opplevde størst auke i arbeidsløysa i 2014 og 2015.

Det er store skilnader i arbeidsløysenivået mellom ulike landgrupper. Innvandrarar frå Afrika hadde den høgaste arbeidsløysa på 9,6 pst., følgt av innvandrarar frå Asia med 5,9 pst. Det høge nivået i arbeidsløysa blant innvandrarar frå Afrika kan forklarast med den store delen flyktningar i denne gruppa.

Figur 11.7 Arbeidsløyse etter landbakgrunn. 2. kvartal 2011–19

Figur 11.7 Arbeidsløyse etter landbakgrunn. 2. kvartal 2011–19

Kjelde: SSB

Kjønn

Tala viser at det er litt lågare arbeidsløyse for innvandrarmenn (4,8 pst.) enn innvandrarkvinner (5,7 pst.)) i 2. kvartal 2019. Dette er ei endring frå tidlegare år, då innvandrarmenn har hatt ei høgare arbeidsløyse enn innvandrarkvinner. I befolkninga i alt har mennene ein noko høgare arbeidsløyse enn kvinnene med høvesvis 2,2 pst. mot 2 pst. Alle gruppene har hatt nedgang sidan same tid året før.

Figur 11.8 Arbeidsløyse etter kjønn. pst. av arbeidsstyrken. 2. kvartal 2011–19

Figur 11.8 Arbeidsløyse etter kjønn. pst. av arbeidsstyrken. 2. kvartal 2011–19

Kjelde: SSB

Det er store variasjonar mellom dei ulike nasjonalitetane der nokre land har langt større kjønnsforskjellar enn gjennomsnittet for innvandrarar. Kjønnsforskjellane er særleg store for innvandrarar frå til dømes Afghanistan, Pakistan, Tunisia og Bangladesh. For innvandrarar frå Bosnia-Hercegovina, Russland, Filippinane og Serbia er kjønnsforskjellane om lag som for majoritetsbefolkninga.

Norskfødde med innvandrarforeldre

Det ligg ikkje føre oppdaterte tal (2. kvartal 2019) for arbeidsledige norskfødde med innvandrarforeldre. Tal frå 3. kvartal 2018 frå SSB viser at arbeidsløysa for norskfødde med innvandrarforeldre er stabil. Arbeidsløysa for denne gruppa var den same i 3. kvartal 2017 og 3. kvartal 2018, 3,4 pst. Dette gjeld dei i aldersgruppa 15–29 år, der vi finn dei aller fleste av norskfødde barn med innvandrarforeldre. For befolkninga utan innvandrarar i same aldersgruppe låg arbeidsløysa på 2,2 pst. på same tid, medan tilsvarande tal for innvandrarar var 6 pst.

Utdanning og kvalifisering

Barnehagen og skulen er viktige arenaer for inkludering og språkutvikling. Undersøkingar frå SSB og Fafo

Bråten, B. mfl. (2014): Gratis kjernetid i barnehager. Sluttrapport . Fafo-rapport 2014:44, Drange, N. (2016): Gratis kjernetid i barnehage i Oslo. Rapport 1: Oppfølging av barna på tredje trinn . SSB Rapporter 2016/36.

viser at gratis kjernetid har hatt god effekt. Barn med innvandrarbakgrunn frå bydelar som har hatt tilbod om gratis kjernetid i barnehage, skårar betre på kartleggingsprøvar i lesing og rekning på 1., 2. og 3. trinn samanlikna med barn med innvandrarbakgrunn frå bydelar som ikkje hadde tilbod om gratis kjernetid.

Drange, N. (2018): Gratis kjernetid i barnehage i Oslo. Rapport 2: Oppfølging av barna på femte trinn . SSB Rapporter 2018/34.

Barnehagedeltakinga for minoritetsspråklege barn ligg framleis lågare enn for andre barn, og forskjellen er større jo yngre barna er. Det har likevel vore ei positiv utvikling for minoritetsspråklege 1- og 2-åringar i dei siste åra.

Ei samla vurdering av indikatorane for grunnopplæringa viser at både barn, unge og vaksne som sjølve har innvandra, og norskfødde med innvandrarforeldre opplever utfordringar i møte med utdanningssystemet. Når det gjeld delen elevar på dei to lågaste meistringsnivåa på nasjonale prøvar, er både elevar som sjølve har innvandra, og norskfødde elevar med innvandrarforeldre overrepresenterte samanlikna med andre elevar. Vi ser at det er vanskelegare for elevar med innvandrarbakgrunn å få lærekontrakt eller bli tekne opp som lærekandidatar samanlikna med andre elevar. Dette viser seg å vere like vanskeleg for norskfødde med innvandrarforeldre som det er for innvandrarar. Når det gjeld dei som tek vidaregåande opplæring som vaksne, er delen med innvandrarbakgrunn som fullfører og består, ein del lågare enn for andre vaksne. Blant personar i aldersgruppa 16–25 år er det over dobbelt så stor del av innvandrarar som verken er i utdanning, arbeid eller har fullført og bestått vidaregåande opplæring, samanlikna med norskfødde med innvandrarforeldre og andre.

Samtidig er det også positive trekk. Ser vi på grunnskulepoeng, er avstanden mellom norskfødde med innvandrarforeldre og andre elevar liten. Norskfødde jenter med innvandrarforeldre får fleire grunnskulepoeng enn gutar utan innvandrarbakgrunn. Avstanden mellom dei som sjølve har innvandra, og andre elevar er større.

I dei siste tre åra har det vore ei svak positiv utvikling når det gjeld gjennomføring i vidaregåande opplæring for alle elevar. Særleg hos jenter som har innvandra, ser vi ei positiv utvikling. Dei norskfødde gutane med innvandrarforeldre gjennomfører i langt mindre grad enn dei norskfødde jentene med innvandrarforeldre. Alderen når ein kjem til landet, har mykje å seie for om ein innvandrar klarer å fullføre og bestå. Det har vore ei positiv utvikling i dei siste tre åra når det gjeld fullføring for elevar som kom til landet i ungdomsskulealderen.

Det er store variasjonar mellom elevar med innvandrarbakgrunn. Mange oppnår like gode eller betre resultat enn gjennomsnittet for alle elevar, og har store ambisjonar om høg utdanning.

Bakken, A. og Elstad, J.I. (2012): For store forventninger? NOVA Rapport nr. 7/12.

Bakken, A. (2014): Ulike perspektiver på skuleresultatene til barn og unge med innvandringsbakgrunn . Oslo, NOVA.

Bakken, A. og Hyggen, C (2018): Trivsel og utdanningsdriv blant minoritetselever i videregåede . NOVA Rapport nr. 1/18

Delen av folket som tek høgare utdanning, aukar generelt. Blant norskfødde med innvandrarforeldre – både hos gutar og jenter – er det ein markant større del som tek høgare utdanning samanlikna med både dei som sjølve har innvandra, og andre.

Delen minoritetsspråklege barn i barnehage

Figur 11.9 Delen barn i barnehage blant minoritetsspråklege barn og andre barn, 2016–18 (pst.)

Figur 11.9 Delen barn i barnehage blant minoritetsspråklege barn og andre barn, 2016–18 (pst.)

Kjelde: SSB

Minoritetsspråklege barn i barnehagen er definerte ved at både barnet og dei føresette har eit anna morsmål enn norsk, samisk, svensk, dansk eller engelsk. 83 pst. av minoritetsspråklege barn i alderen 1–5 år gjekk i barnehage i 2018. For andre barn i same aldersgruppe var delen 94 pst. Delen barn som går i barnehage, aukar med alderen til barna. For minoritetsspråklege barn er forskjellen mellom ulike aldersgrupper mykje større enn for andre barn. For 4- og 5-åringar er delen minoritetsspråklege barn som går i barnehage, nesten like høg som for andre barn, medan for 1- og 2-åringar er delen betydeleg lågare enn for andre barn, særleg for 1-åringane. Minoritetsspråklege barn startar altså seinare i barnehage, og har i gjennomsnitt gått færre år i barnehage før dei begynner på skulen, sjølv om det store fleirtalet av minoritetsspråklege barn har gått i barnehage før skulestart. Trenden i dei siste åra er likevel stadig aukande dekningsgrad for alle aldersgrupper av minoritetsspråklege barn, og at forskjellen i dekningsgrad mellom minoritetsspråklege og andre barn er noko redusert. Det har særleg vore ei positiv utvikling for minoritetsspråklege 1- og 2-åringar i dei siste åra.

SSB gjennomfører på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet ei longitudinell undersøking for perioden 2017–2023 der ein følger skulegangen til fire årskull barn med innvandrarbakgrunn frå bydelar i Oslo som hadde tilbod om gratis kjernetid i barnehage. Første delrapport frå desember 2016

Drange, N. (2016): Gratis kjernetid i barnehage i Oslo. Rapport 1: Oppfølging av barna på tredje trinn . SSB Rapporter 2016/36.

viser at desse barna skårar betre på kartleggingsprøvar i lesing og rekning på 1., 2. og 3. trinn samanlikna med barn med innvandrarbakgrunn frå bydelar som ikkje hadde tilbod om gratis kjernetid. For barn utan innvandrarbakgrunn er det ingen forskjell. Andre delrapport frå oktober 2018

Drange, N. (2018): Gratis kjernetid i barnehage i Oslo. Rapport 2: Oppfølging av barna på femte trinn . SSB Rapporter 2018/34.

viser at barn med innvandrarbakgrunn frå bydelar med gratis kjernetid presterer ganske likt på nasjonale prøvar på 5. trinn samanlikna med barn med innvandrerbakgrunn i bydelar som ikkje hadde tilbod om gratis kjernetid. Det var noko belegg for at barn i familiar der mor ikkje er i lønna arbeid, gjer det noko betre på prøvane i bydelar med gratis kjernetid. Analysane tyder også på at barna i bydelar med gratis kjernetid gjer det noko betre på leseprøven etter at tiltaket blei innført.

Gjennom einskildstudiar, dialog med innvandrarbefolkninga og statistikk over yrkesaktivitet og bruk av kontantstøtte kan vi anta nokre årsaker til den låge barnehagedeltakinga for barn med innvandrarbakgrunn. Årsakene kan vere av både økonomisk og kulturell art. Det at mødre har hovudansvaret for små barn, kombinert med den lågare yrkesdeltakinga og høgare bruk av kontantstøtte, gjer at det er få incentiv for å la barnet begynne i barnehage som 1-åring. Også uro for om barnet får god nok omsorg, og tru på at det er tilstrekkeleg å gå i barnehage frå 3–4-årsalderen for å lære norsk før skulestart, bidreg til seinare barnehagestart.

Moderasjonsordning for familiar med låg inntekt og gratis kjernetid for 4–5-åringar i familiar med låg inntekt blei innført i 2015, og no har også 2- og 3-åringar i familiar med låg inntekt rett til gratis kjernetid. Minoritetsspråklege barn er overrepresenterte blant låginntektsfamiliar, og dermed også blant familiar som har rett til moderasjon og/eller gratis kjernetid. Dette betyr at desse ordningane kan ha ein sterkare effekt på å auke barnehagedeltakinga for minoritetsspråklege barn enn for andre barn.

Resultat på nasjonale prøver for innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre

Figur 11.10 Delen elevar på meistringsnivå 1 og 2 i nasjonale prøver i engelsk, lesing og rekning på 8. trinn, etter innvandringskategori, 2018 (pst.)

Figur 11.10 Delen elevar på meistringsnivå 1 og 2 i nasjonale prøver i engelsk, lesing og rekning på 8. trinn, etter innvandringskategori, 2018 (pst.)

Kjelde: SSB

Nasjonale prøver skal måle elevane sine ferdigheiter i lesing og rekning og i delar av engelskfaget. Resultatet skal gi skuleeigaren og skulen eit grunnlag for kvalitetsutvikling i opplæringa. Elevar på 5., 8. og 9. trinn deltek på nasjonale prøver. Nasjonale prøver er delte inn i tre nivå på 5. trinn og fem nivå på 8. og 9. trinn. Her omtalar vi berre prøvene på 8. trinn.

Det er ein høgare del av elevar som sjølve har innvandra (innvandrarar), som er fritekne frå nasjonale prøver enn norskfødde med innvandrarforeldre og andre elevar.

Elevar med rett til spesialundervisning eller rett til særskild norskopplæring kan få fritak frå nasjonale prøvar.

På 8. trinn er 11 pst. av innvandrarane fritekne frå nasjonale prøver i lesing. I engelsk og rekning er høvesvis 11 og 9 pst. fritekne. Det er små forskjellar mellom norskfødde med innvandrarforeldre og andre elevar i den delen som er friteken. 3 pst. av både norskfødde med innvandrarforeldre og andre elevar er fritekne i kvar einskild av prøvene.

Prosentdelen elevar på dei to lågaste meistringsnivåa er høgare blant innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre enn blant andre elevar. Det er størst forskjellar i lesing og minst forskjellar i engelsk. Tala må tolkast i lys av at den delen som er friteken, er høgare for innvandrarar enn for norskfødde med innvandrarforeldre og andre.

I lesing gjer jentene det betre enn gutane. I rekning gjer gutane det betre enn jentene. Desse forskjellane gjer seg gjeldande mellom både gutar og jenter med innvandrarbakgrunn og andre gutar og jenter. Det er små forskjellar mellom gutar og jenter i engelsk.

Butida har stor betydning for meistringsnivået til elevane, sidan det har mykje å seie for tid til å utvikle gode norskferdigheiter. Dei som har budd i Noreg i 5–6 år, nærmar seg nivået til dei norskfødde med innvandrarforeldre i lesing. Samtidig er norskfødde med innvandrarforeldre overrepresentert på dei to lågaste meistringsnivåa på nasjonale prøver samanlikna med andre elevar.

Grunnskulepoeng for innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre

Figur 11.11 Grunnskulepoeng etter innvandringskategori og kjønn, 2016–18

Figur 11.11 Grunnskulepoeng etter innvandringskategori og kjønn, 2016–18

Kjelde: SSB.

Grunnskulepoeng blir nytta som inntaksgrunnlag til vidaregåande opplæring. Poenga er berekna ved å ta snittet av alle standpunkt- og eksamenskarakterar, og multiplisere med 10. Elevar som manglar sluttvurdering i fleire enn halvparten av faga, får ikkje berekna grunnskulepoeng.

Det er om lag like store forskjellar i grunnskulepoenga mellom innvandrarelevar og norskfødde elevar med innvandrarforeldre, som det er mellom norskfødde elevar med innvandrarforeldre og andre elevar.

Det er vanskeleg å vurdere resultata til innvandrarelevar. Mange av dei kan ikkje vurderast ut frå ordinære læreplanar, fordi dei treng tid til å tileigne seg eit nytt språk. 16 pst. av innvandrarelevane har ikkje fått berekna grunnskulepoeng i 2018. Det er særleg dei med 0–2 års butid som ikkje har fått berekna grunnskulepoeng, 48 pst. Til samanlikning har 17 pst. av dei med 3–4 års butid og 5 pst. av dei med 5–6 års butid ikkje fått berekna grunnskulepoeng.

Butida har stor betydning for kor mange grunnskulepoeng innvandrarar har ved utgangen av 10. trinn. Det er først blant dei med meir enn 7–8 års butid at talet på grunnskulepoeng nærmar seg talet på grunnskulepoeng for norskfødde med innvandrarforeldre.

Det er også ein sterk positiv samanheng mellom elevprestasjonar og kva utdanningsnivå foreldra til eleven har.

T.d. Wiborg, Ø., Arnesen, C.Å., Grøgaard, J.B., Støren, L.A. og Opheim, V. (2011): Elevers prestasjonsutvikling – hvor mye betyr skolen og familien? Rapport 35/2011, Oslo, Nifu Step.

Relativt mange ungdommar med innvandrarbakgrunn har foreldre med låg utdanning. Forskjellen i talet på grunnskulepoeng mellom elevar med innvandrarbakgrunn og andre elevar blir redusert når ein samanliknar innanfor grupper av elevar der foreldra har tilsvarande utdanningsbakgrunn.

Sjå SSB i Utdanningsdirektoratet (2017): Innvandrere i grunnopplæringen .

Jenter har i gjennomsnitt 4,6 grunnskulepoeng meir enn gutane. Norskfødde jenter med innvandrarforeldre har fleire grunnskulepoeng enn gutar utan innvandrarbakgrunn.

Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre som oppnår full yrkes- eller studiekompetanse fem år etter at dei startar i vidaregåande opplæring

Figur 11.12 Delen som starta i vidaregåande opplæring i skuleåret 2011–12 (2011-kullet) til 2013–14 (2013-kullet), og som fullførte og bestod vidaregåande opplæring i løpet av fem år, etter innvandringskategori og kjønn (pst.)

Figur 11.12 Delen som starta i vidaregåande opplæring i skuleåret 2011–12 (2011-kullet) til 2013–14 (2013-kullet), og som fullførte og bestod vidaregåande opplæring i løpet av fem år, etter innvandringskategori og kjønn (pst.)

Kjelde: SSB.

Delen som startar i vidaregåande opplæring same år som avslutta grunnskule, er 98 pst. for norskfødde med innvandrarforeldre og andre elevar. Delen er lågare for innvandrarar, med 84 pst. Det er først og fremst dei med svært kort butid (0–2 år) som ikkje går over i vidaregåande opplæring. Innvandrarar med over fire års butid startar i vidaregåande opplæring nesten like ofte som dei utan innvandrarbakgrunn.

Dei norskfødde med innvandrarforeldre nærmar seg dei andre elevane når det gjeld å fullføre og bestå vidaregåande opplæring i løpet av fem år. Dette gjeld både gutane og jentene, men dei norskfødde jentene med innvandrarforeldre gjennomfører nesten i same grad som dei andre jentene.

58 pst. av innvandrarane som starta i vidaregåande opplæring i skuleåret 2013–14 (2013-kullet), fullførte og bestod vidaregåande opplæring i løpet av fem år. Delen har auka i dei siste åra, men er framleis betydeleg lågare enn delen norskfødde med innvandrarforeldre og andre. Kor lenge ein har budd i Noreg, har mykje å seie for fullføringsprosenten. Tal for 2018 viser at 58 pst. av dei som har budd 5–6 år i landet, fullfører og består innan fem år. Av dei som har budd meir enn 10 år i landet, fullfører 70 pst.

Årsaker til at elevar sluttar, er mange, til dømes manglande motivasjon, feilval, mangel på læreplassar eller gjentekne stryk.

Markussen, E. og I. Seland (2012): Å redusere bortvalg – bare skolenes ansvar? En undersøkelse av bortvalg ved de videregående skolene i Akershus fylkeskommune skoleåret 2010–2011 . Rapport 6/2012. Oslo, Nifu Step.

Det er ein sterk samanheng mellom utdanningsnivået til foreldra og delen som fullfører og består vidaregåande opplæring, for både elevar med og elevar utan innvandrarbakgrunn. Karakternivået frå grunnskulen forklarer også mykje av forskjellen i fullføring mellom elevar med innvandrarbakgrunn og andre elevar. Elevar med innvandrarbakgrunn og andre elevar med same karakternivå og same sosiale bakgrunn fullfører og består i like stor grad vidaregåande opplæring. Norskfødde med innvandrarforeldre fullfører og består i større grad enn andre elevar med same sosiale bakgrunn og likt karakternivå frå grunnskulen.

Falch, T., L.-E. Borge, P. Lujala, O.H. Nyhus og B. Strøm (2010): Årsaker til og konsekvenser av manglende fullføring av videregående opplæring . Rapport nr. 03/10, Trondheim, SØF.

Forskjellar i tilgang til sosioøkonomiske ressursar bidreg også til å forklare mykje av karakterforskjellane mellom ulike innvandrargrupper. Ved samanlikning av elevar med ulik innvandrarbakgrunn, men som veks opp med tilsvarande sosioøkonomisk status, er karakterforskjellane langt mindre enn når det ikkje er justert for forskjellar i sosioøkonomisk status.

Tidlegare forsking har vist at elevar med innvandrarbakgrunn jobbar meir med lekser, og i større grad planlegg å ta høgare utdanning enn andre elevar. Jenter med innvandrarbakgrunn brukar aller mest tid på lekser, og nesten ein time meir enn gutar utan innvandrarbakgrunn. Eit ekstra utdanningsdriv hos elevar med innvandrarbakgrunn vil altså kunne kompensere for andre faktorar, som låg sosioøkonomisk status og butid, og bidra til mindre forskjellar frå andre elevar. Samanheng mellom bustad og skule på den eine sida, og skuleprestasjonar, utdanningsdriv og trivsel på den andre sida, er relativt avgrensa. Dette betyr at elevar med innvandrarbakgrunn, uavhengig av kvar dei bur, og kvar dei går på skule, møter mange av dei same moglegheitene og avgrensingane i utdanningssystemet.

Bakken, A. (2014): Ulike perspektiver på skoleresultatene til barn og unge med innvandringsbakgrunn . Oslo, NOVA.

Bakken, A. (2003): Minoritetspråklig ungdom i skolen. Reproduksjon av ulikhet eller sosial mobilitet? Rapport 15/2003, Oslo, NOVA.

Bakken, A. og Hyggen, C. (2018): Trivsel og utdanningsdriv blant minoritetselever i videregående . NOVA Rapport nr. 1/18.

Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre med læreplass som første ønske som har fått godkjend lærekontrakt

Figur 11.13 Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre med læreplass som første ønske som har fått godkjend lærekontrakt eller plass som lærekandidat1, 2016–18 (pst.)

Figur 11.13 Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre med læreplass som første ønske som har fått godkjend lærekontrakt eller plass som lærekandidat 1 , 2016–18 (pst.)

1 Som lærekandidat på opplæringskontrakt er det ikkje krav om at du må ha bestått fag på vidaregåande skule. Målet for ein lærekandidat er å oppnå planlagd grunnkompetanse.

Kjelde: SSB

Av 20 600 søkarar (med ungdomsrett) med læreplass som førsteønske i skuleåret 2018–19 hadde 15 400 fått ein godkjend lærekontrakt per 31. desember 2018. I tillegg var det litt over 800 lærekandidatar. 79 pst. av søkarane var altså enten lærlingar eller lærekandidatar ved utgangen av året. Delen med innvandrarbakgrunn som har oppnådd lærekontrakt eller er teken opp som lærekandidat i 2018, er lågare enn for andre elevar. Og delen er nesten like låg for norskfødde med innvandrarforeldre som for innvandrarar. Det er store skilnader mellom gutar med innvandrarbakgrunn og andre gutar. Det er òg store skilnader mellom gutar og jenter med innvandrarbakgrunn. Alle gruppene, bortsett frå jenter som har innvandra og andre jenter, har hatt ein auke i delen som har fått lærekontrakt eller plass som lærekandidat siste året.

Det er ingen systematisk samanheng mellom å få godkjend lærekontrakt og butid. Det var til dømes ein høgare del som hadde fått godkjend lærekontrakt eller plass som lærekandidat i gruppa med 0–4 års butid, enn i gruppa med over 12 års butid. Det kan vere samansette årsaker til manglande læreplass, men ifølge fylkeskommunane kan namnet til søkarane, karakterar, fråvær, bustad og nettverk ha noko å seie. Den viktigaste årsaka ser likevel ut til å vere manglande språkkunnskapar.

NOU 2010: 7 Mangfold og mestring. Flerspråklige barn, unge og voksne i opplæringssystemet.

Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre i alderen 16–25 år som verken er i utdanning, arbeid eller har fullført vidaregåande opplæring

Figur 11.14 Delen i alderen 16–25 år som verken er i utdanning, arbeid eller har fullført vidaregåande opplæring,* etter innvandringskategori og kjønn, 2016–18 (pst.)

Figur 11.14 Delen i alderen 16–25 år som verken er i utdanning, arbeid eller har fullført vidaregåande opplæring, * etter innvandringskategori og kjønn, 2016–18 (pst.)

* Dei med ukjend utdanning er ikkje talde med.

Kjelde: SSB

I 2018 er 16 pst. av innvandrarar i alderen 16–25 år verken i utdanning, arbeid eller har fullført vidaregåande opplæring. Til samanlikning gjeld dette 7 pst. av norskfødde med innvandrarforeldre og 6 pst. av andre i alderen 16–25 år. Generelt er ein noko høgare del av mennene enn kvinnene representerte i denne gruppa. Særleg er det ein kjønnsforskjell blant norskfødde med innvandrarforeldre. Det er ein større del norskfødde menn med innvandrarforeldre enn andre menn som verken er i utdanning, arbeid eller har fullført vidaregåande opplæring, medan det ikkje er forskjell mellom norskfødde kvinner med innvandrarforeldre og andre kvinner. Delen innvandrargutar i alderen 16–25 år som verken er i utdanning, arbeid eller har fullført vidaregåande opplæring, har hatt ein klar nedgang siste året. Norskfødde med innvandrarforeldre og andre har hatt ein svak nedgang.

Butid ser ut til å ha stor betydning. Blant innvandrarar som har budd 0–4 år i landet, er 27 pst. verken i utdanning, arbeid eller har fullført vidaregåande opplæring. Delen blant dei som har budd 5–8 år i landet, er 13 pst., og tilsvarande del finn vi blant innvandrarar med lengre butid enn dette.

SSB.

Delen av innvandrarar i alderen 25–30 år som kom til landet i ungdomstrinnalderen eller i vidaregåande alder, og som har fullført og bestått vidaregåande opplæring

Figur 11.15 Delen innvandrarar i alderen 25–30 som har fullført vidaregåande opplæring, etter alder då dei kom til landet, 2016–18 (pst.)

Figur 11.15 Delen innvandrarar i alderen 25–30 som har fullført vidaregåande opplæring, etter alder då dei kom til landet, 2016–18 (pst.)

Kjelde: SSB

Alder då ein kjem til landet, har stor betyding for om ein innvandrar klarer å fullføre og bestå vidaregåande opplæring. Av innvandrarar i alderen 25–30 år har 56 pst. av dei som kom til landet i ungdomsskulealderen (13–15 år), fullført og bestått vidaregåande opplæring. Tilsvarande del for dei som kom i vidaregåande alder (16–18 år), er 41 pst. Jentene klarer seg betre enn gutane uavhengig av om dei kom i ungdomsskulealderen eller vidaregåande alder. For dei som kom til landet i ungdomsskulealderen (13–15 år), har det vore ein auke i delen som har fullført vidaregåande opplæring i dei siste tre åra.

Delen personar med innvandrarbakgrunn, 25 år og eldre, som har fullført og bestått vidaregåande opplæring i løpet av fem år

Figur 11.16 Delen personar med innvandrarbakgrunn, 25 år og eldre, som starta i vidaregåande opplæring for første gong i skuleåret 2011–12 til 2013–18, og som har fullført og bestått innan fem år (pst.)

Figur 11.16 Delen personar med innvandrarbakgrunn, 25 år og eldre, som starta i vidaregåande opplæring for første gong i skuleåret 2011–12 til 2013–18, og som har fullført og bestått innan fem år (pst.)

Kjelde: SSB

Av totalt 7 700 vaksne som starta i vidaregåande opplæring for første gong i skuleåret 2013–14, var det berre 57 pst. som fullførte og bestod i løpet av fem år. Kvinner fullfører og består vidaregåande opplæring innan fem år i større grad enn menn. Det er størst skilnad mellom kvinner og menn blant dei med innvandrarbakgrunn. Delen av dei med innvandrarbakgrunn som fullfører og består, er ein del lågare enn for andre vaksne. Det har vore ein liten auke siste året i delen som fullfører vidaregåande opplæring innan fem år, både blant vaksne med innvandrarbakgrunn og andre.

Delen innvandrarar som ikkje har fullført grunnskuleutdanning

Figur 11.17 Delen innvandrarar 16 år og eldre som ikkje har fullført grunnskuleutdanning* eller høgare nivå, fordelte på alderskategoriar og kjønn, 2018 (pst.)

Figur 11.17 Delen innvandrarar 16 år og eldre som ikkje har fullført grunnskuleutdanning* eller høgare nivå, fordelte på alderskategoriar og kjønn, 2018 (pst.)

* SSB manglar opplysning om utdanningsnivå for mange innvandrarar. Frå og med 2014 inneheld tal for utdanningsnivå på ssb.no berekna verdiar for denne gruppa. Slike berekna verdiar er også nytta i denne figuren.

Kjelde: SSB

Delen innvandrarar som ikkje har fullført grunnskulen, og som heller ikkje har fullført utdanning på høgare nivå enn grunnskule, er 2 pst. Delen utan grunnskule aukar med alderen. For aldersgruppa 67 år og eldre er delen utan grunnskule 5 pst.

Fleire kvinner enn menn har ikkje fullført grunnskulen. Kjønnsforskjellen i disfavør av kvinnene aukar med alderen. Blant dei yngste, i aldersgruppa 16–19 år, er det derimot ein litt høgare del menn som ikkje har fullført grunnskulen.

Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre i høgare utdanning

I 2018 utgjorde delen studentar med innvandrarbakgrunn 11 pst. av studentane i høgare utdanning. Dette var ein auke frå året før, og veksten kom blant studentar med ikkje-vestleg bakgrunn. Delen studentar med vestleg bakgrunn, det vil seie frå EU, EFTA/EØS-landa, Australia, Canada, New Zealand og USA, har vore tilnærma uendra frå 2015, med i underkant av 4 pst. Ein større del av norskfødde med innvandrarforeldre er i høgare utdanning enn både delen av innvandrarar og delen av befolkninga elles, og slik har det vore i fleire år. Blant norskfødde i alderen 19–24 år med innvandrarforeldre var heile 44 pst. i høgare utdanning i 2018. I befolkninga elles er var den tilsvarande delen 37 pst.

Tabell 11.1 Studentar i høgare utdanning, etter utvalde årskull, innvandringskategori, og årstal. Prosent av registrert årskull 1

2016

2017

2018

I alt

19–24 år

35,1

35,4

35,3

25–29 år

15,9

15,9

15,9

Innvandrarar

19–24 år

17,9

18,2

20,1

25–29 år

9,0

8,9

9,7

Norskfødde med innvandrarforeldre

19–24 år

44,2

45,3

44,5

25–29 år

20,1

19,5

19,9

Befolkninga elles

19–24 år

37,2

37,5

37,2

25–29 år

17,7

17,7

17,4

1 Studentar omfattar berre studentar som er registrerte busettestudenter registrert i Noreg per 1. oktober.

Kjelde: SSB 08103

Deltakinga i høgare utdanning varierer betydeleg blant ulike grupper i befolkninga. Tabellen viser at personar i alderen 19 til 34 år som sjølve har innvandra til Noreg, i langt mindre grad enn befolkninga elles er registrerte i høgare utdanning. For personar som er fødde i Noreg av innvandra foreldre, er biletet heilt omvendt. Både menn og kvinner i denne gruppa er langt meir tilbøyelege til å studere enn befolkninga elles.

Innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre skil seg på nokre område frå befolkninga elles i val av studium. Det er framleis ei utfordring at personar med innvandrarbakgrunn er sterkt underrepresenterte innanfor lærarutdanningane. I andre store profesjonsutdanningar, som ingeniør- og sjukepleiarutdanningar, er innvandrarar omtrent proporsjonalt representerte.

Diku: Tilstandsrapport for høyere utdanning 2019. Rapportserie 5/2019.

Gjennomsnittleg saksbehandlingstid for søknader om generell godkjenning i NOKUT

NOKUT har godkjenningsordningar for høgare utdanning, høgare yrkesfagleg utdanning (fagskuleutdanning) og fag- og yrkesopplæring (vidaregåande skule). Innanfor høgare utdanning er det dessutan etablert spesialordningar for å vurdera kompetansen til flyktningar og andre som ikkje har tilstrekkeleg dokumentasjon på utdanninga si. I ei årrekke fram til og med 2017 var det til dels kraftig søknadsvekst kvart einaste år. Arbeidsinnvandring frå EØS-land og flyktningar, særleg etter flyktningkrisa i 2015, har stått for brorparten av veksten. I 2018 har søknadstala gått til dels betydeleg ned, og det meste tyder på at søknadstoppen er nådd.

Tabell 11.2 Utvalde volumtal – utanlandsk utdanning

2016

2017

2018

Talet på søknader om godkjenning av høgare utdanning

7 651

8 623

7 014

Talet på søknader om godkjenning av fag- og yrkesopplæring

90

703

665

Gjennomsnittleg saksbehandlingstid, slik søkaren opplever han, frå ein søknad blir send inn og til NOKUT har ekspedert vedtaket, var i 2018 rundt tre månader (93 dagar). Dette er det same som i 2017. Gjennomsnittleg saksbehandlingstid frå ein søknad var komplett og sett i behandling, var 22 dagar, mot 27 dagar i 2017. Det er stor variasjon i kor lang tid det tek å behandla ei sak. I saker med fullførte kvalifikasjonar frå europeiske land er saksbehandlingstida ofte berre nokre få dagar. I meir kompliserte saker frå land utanfor Europa, særleg i tilfelle der det er behov for verifisering av utdanningsdokumenta, kan saksbehandlingstida bli svært lang. Ei saksbehandlingstid på tre månader er akseptabel, men betydeleg lengre enn ønskeleg. Måltalet for 2018 var to månader. Årsaka er relativt høge restansar (søknader som ligg i kø) etter søknadstoppen i 2017. Dersom tendensen likevel held seg, vil vi sjå ein betydeleg nedgang i saksbehandlingstida i 2019.

Levekår

Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre med vedvarande låginntekt

Statistisk sentralbyrå, Inntekts- og formuesstatistikk for husholdninger.

,

Jon Epland (2018). Flere barn i husholdninger med vedvarende lavinntekt

Innvandrarar er overrepresenterte i gruppa med vedvarande låginntekt. I treårsperioden 2015–17 var delen med vedvarande låginntekt blant innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre 28,4 pst. For befolkninga som heilskap, utan studentar, var delen med vedvarande låginntekt 9,6 pst. Delen med låginntekt har vore stabil i dei siste åra, men har over tid auka. Dei viktigaste forklaringane på at personar har låginntekt, finn vi i manglande eller liten yrkesaktivitet i hushaldet. Dette bidreg også til å forklare kvifor innvandrarar og særleg innvandrargrupper med liten yrkesaktivitet er spesielt utsette for låginntekt.

Figur 11.18 Personar med vedvarande låginntekt (treårig, EU60)

Figur 11.18 Personar med vedvarande låginntekt (treårig, EU60)

Kjelde: SSB

Kjønn

Vedvarande låginntekt er generelt vanlegare blant kvinner enn menn. Av heile befolkninga har 10,2 pst. av kvinnene og 8,9 pst. av mennene vedvarande låginntekt. Blant innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre er forskjellen motsett og mindre. I perioden 2015–17 hadde 28,7 pst. av mennene låginntekt. For kvinner var delen 0,6 prosentpoeng lågare.

Alder

I befolkninga er det minst vanleg å ha vedvarande låginntekt blant dei som er i alderen 35–66 år. Delen er noko høgare for unge i etableringsfasen mellom 18–34 år og eldre på 67 år eller meir, der dei fleste har gått ut av arbeidslivet. Delen blant barn i alderen 0–17 år er om lag på gjennomsnittet for befolkninga elles. Blant innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre er vedvarande låginntekt mest utbreidd blant barn under 18 år. Heile 38 pst. budde i hushald med vedvarande låginntekt i perioden 2015–17. For unge i etableringsfasen er delen om lag dobbelt så stor som for unge i befolkninga i alt. I alderen 35–66 år har om lag ein av fem vedvarande låginntekt i perioden. Skilnadene mellom aldersgrupper kan skyldast fleire faktorar, der den viktigaste er forskjellar i yrkesaktivitet. Det at så mange barn er utsette, kjem i hovudsak av at dei høyrer til relativt store hushald med låg yrkesdeltaking.

Butid og landbakgrunn

Det er store forskjellar i delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarbakgrunn med vedvarande låginntekt når ein ser på mellom anna butid og landbakgrunn.

Det er ein klar samanheng mellom butid og låginntekt. Årsaka er at det tek tid å bli integrert, spesielt på arbeidsmarknaden. Innvandrarar med kort butid har stort sett mindre tilknyting til arbeidsmarknaden enn dei som har budd lenger i landet. 55,9 pst. av alle innvandrarar med kort butid (tre år) tilhøyrde hushald med vedvarande låginntekt i treårsperioden 2015–17. Blant dei med lang butid (ti år eller meir) var det 21,0 pst. som gjorde det same, men framleis har innvandrarar med lang butid ein klart større risiko for låginntekt enn snittet i befolkninga.

Figur 11.19 Innvandrarar med vedvarande låginntekt etter butid

Figur 11.19 Innvandrarar med vedvarande låginntekt etter butid

Kjelde: SSB

Risikoen for å vere i låginntektsgruppa er høgare for innvandrarar frå Aust-Europa, Afrika, Asia og Latin-Amerika samanlikna med innvandrarar frå Norden, Vest-Europa unnateke Tyrkia, Nord-Amerika og Oseania. I førstnemnde gruppe var delen med vedvarande låginntekt i perioden 2015–17 samla på 31,5 pst., og 25,0 pst. for dei med butid over ti år. Delen for dei frå Norden osv. var samla på 13,6 pst., og 9,1 pst. for dei med over ti års butid. Einskilde landgrupper har relativt høg del med låginntekt også etter lang butid i Noreg. I treårsperioden 2015–17 hadde om lag seks av ti innvandrarar med bakgrunn frå Somalia med butid på ti år eller meir låginntekt. Låginntektsdelen for innvandrarar med bakgrunn frå Irak (43,7 pst.), Syria (42,9 pst.) og Afghanistan (37,0 pst.) med butid på ti år eller meir var også høg. Nokre landgrupper, mellom anna Filippinane og India, og dels Vietnam og Sri Lanka, skil seg ut med ein relativt liten del med låginntekt blant dei med lang butid.

Delen barn under 18 år som lever i husstandar med vedvarande låginntekt

Barn som er innvandrarar eller norskfødde med innvandrarforeldre, er langt meir utsette for å vekse opp i hushald med vedvarande låginntekt enn andre barn. Delen og talet på barn i hushald med vedvarande låginntekt har auka over tid. Delen med vedvarande låginntekt i perioden 2015–17 var 10,7 pst. for alle barn, og 38,0 pst. for dei med innvandrarbakgrunn. Den store delen med låginntekt i innvandrarbefolkninga generelt, kombinert med ei større innvandrarbefolkning, har ført til at innvandrarbarn etter 2012 har utgjort fleirtalet av alle barn i låginntektshushald. I 2017 hadde 55 pst. av alle barn i gruppa med vedvarande låginntekt innvandrarbakgrunn.

Figur 11.20 Innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre med vedvarande låginntekt, 0–18 år

Figur 11.20 Innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre med vedvarande låginntekt, 0–18 år

Kjelde: SSB

Det er store variasjonar i delen barn i låginntektshushald ut ifrå kva landbakgrunn barna har. Åtte av ti barn med bakgrunn frå Somalia og Syria tilhøyrde ein familie med vedvarande låginntekt i treårsperioden 2015–17. Låginntektsdelen for barn med bakgrunn frå Irak (55,9 pst.), Eritrea (53,2 pst.) og Afghanistan (51,7 pst.) er også høg. Dette er barn som har kome til Noreg som flyktningar eller er fødde i landet av flyktningforeldre. Dei tilhøyrer ofte barnerike familiar med svak yrkestilknyting og som i stor grad er mottakarar av ulike offentlege stønader. Blant barn med bakgrunn frå land som India, Bosnia, Sri Lanka, Filippinane og Vietnam er delen langt lågare (mellom 9,8 og 18,9 pst.).

Kor mange med innvandrarbakgrunn er vanskelegstilte på bustadmarknaden?

Tabell 11.3 Statistikk for bustadforhold, 2015–18

Opphavsland

År

Del som leiger, pst. (fordeling menn/kvinner i parentes)

Del som eig, pst. (fordeling menn/kvinner i parentes)

Del som bur trongt, pst.

(fordeling menn/kvinner i parentes)

Innvandrarar frå EU/EØS, USA,

Canada, Australia og New Zealand

2018

39,4

(m 44,5 / k 34,3)

60,6

(m 55,5 / k 65,7)

16,7

(m 17,1 / k 16,2)

2017

41,1

58,9

17,2

2016*

41,5

58,5

17,7

2015*

41,3

58,7

17,8

Innvandrarar frå Asia, Afrika, Latin-Amerika, Oseania unnateke Australia og New Zealand, og Europa utanfor EU/EØS

2018

43,4

(m 47,7 / k 39,0)

56,7

(m 52,3 / k 61,0)

30,3

(m 32,3 / k 29,3)

2017

42,6

57,4

30,1

2016*

41,4

58,6

30,2

2015*

40,3

59,7

30,5

Norskfødde med innvandrarforeldre

2018

31,9

(m 31,6 / k 32,2)

68,1

(m 68,4 / k 67,8)

41,4

(m 40,8 / k 41,9)

2017

31,5

68,5

41,9

2016*

31,1

68,9

42,4

2015*

30,2

69,8

44,0

Resten av befolkninga

2018

13,4

(m 13,0 / k 13,7)

86,6

(87,0 / k 86,3)

6,9

(m 7,0 / k 6,7)

2017

13,3

86,7

7,0

2016*

13,1

86,9

7,1

2015*

13,2

86,8

7,2

* Tala for 2015 og 2016 blei retta 28.05.2018 på grunn av ei revidering i registeret over bustadar.

Leige og eige

Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre som eig bustaden sin, er framleis vesentleg lågare enn for resten av befolkninga, der omkring 87 pst. eigde i 2018. Det er samstundes skilnader mellom innvandrargrupper når det gjeld delen som leiger og eig. Tal frå SSB viser at gruppa med den lågaste delen som eig, er innvandrarar frå Asia, Afrika osv., med omkring 57 pst. i 2018. Blant norskfødde med innvandrarforeldre var eigardelen vesentleg høgare, med omkring 68 pst. For begge desse gruppene er det ein viss nedgang i delen som eig, og ein auke i delen som leiger. Gruppa som bryt med dette bildet, er innvandrarar frå EU/EØS osv., der delen som eig, auka med nesten 2 pst. frå 2017 til 2018, til omkring 61 pst.

Forklaringa på kvifor ein lågare del av innvandrarbefolkninga eig samanlikna med resten av befolkninga, er samansett. Ein sentral del av forklaringa er inntekt. Innvandrarbefolkninga tener i snitt mindre enn resten av befolkninga; innvandrarar har oftare svakare tilknyting til arbeidsmarknaden, har oftare lågare lønn, og har oftare lavt lønna arbeid.

IMDi (2019): Levekår.

Normann

Normann, Tor Morten (2017): Lavere eierandel blant innvandrerne . SSB.

peikar også på at innvandrarar oftare bur i store byar, der det er vanlegare å leige enn å eige samanlikna med andre stadar i landet. Ein annan del av forklaringa er at det er ein større del unge i innvandrarbefolkninga, og det er meir sannsynleg at unge leiger. Årsaka er mellom anna at unge personar oftare er under utdanning enn i jobb, og oftare bur åleine framfor å ha etablert familie, og det er generelt ein lågare del åleinebuarar som eig. Blant befolkninga totalt sett er den høgaste eigardelen i aldersgruppa 40–49 år, medan han er enda seinare for personar med innvandrarbakgrunn.

Innvandringsårsak har mykje å seie for kor sannsynleg det er å bli bustadeigarar. Arbeidsinnvandrarar blir oftare eigarar enn flyktningar, også etter lengre butid. Dei største gruppene arbeidsinnvandrarar kjem ifrå EU-land; dette kan vere ei forklaring på kvifor eigardelen har auka i denne innvandringsgruppa.

Norskfødde med innvandrarforeldre har betre økonomiske føresetnader enn foreldra; dette er ei viktig forklaring på kvifor eigardelen er høgare i denne gruppa enn i dei to innvandrargruppene. Årsaka til at andelen framleis er lågare enn for resten av befolkninga, er mellom anna at det er ein høgare del unge blant dei norskfødde med innvandrarforeldre.

Det er store kjønnsskilnader blant innvandrarar i kven som eig og leiger. Omkring 10 pst. fleire kvinner enn menn frå EU/EØS osv. og Asia, Afrika osv. eig bustaden sin. Blant norskfødde med innvandrarforeldre og nordmenn elles er det små kjønnsskilnader, der omkring 1 pst. fleire menn enn kvinner eig. Årsaka til at ein høgare del kvinnelege enn mannlege innvandrarar eig, kan vere at kvinner oftare kjem til Noreg gjennom familiegjenforeining og etablerer seg med ein person som allereie er bustadeigar. Blant dei som kjem til landet for å stifte familie, gjer fleirtalet det med ein person som sjølv ikkje er innvandrar, og sju av ti av desse er kvinner

Dzamarija, Minja Tea og Toril Sandnes (2016): Familieinnvandring og ekteskapsmønster 1990–2015 . SSB rapport 2016/39.

.

Over tid aukar delen innvandrarar som eig bustaden sin, monaleg, og etter 25 år i Noreg er delen nesten lik som for resten av befolkninga. Tala viser til og med at etter 25 års butid eigde 88,9 pst. av kvinner frå EU/EØS osv. bustaden sin i 2018; dette er ein høgare eigardel enn i resten av befolkninga. Det tek lengre tid for menn frå Asia, Afrika osv. å bli eigarar, og sjølv etter 25 år ligg dei under eigarnivået til resten av befolkninga, med omkring 81 pst. i 2018.

Det tek tid å etablere seg på bustadmarknaden. Dette er ei viktig forklaring på auken i eigardelar etter lengre butid (Normann 2017). Forskjellen mellom innvandrargruppene har mellom anna samanheng med at arbeidsinnvandrarar oftast eig etter lang butid, og at dei som ikkje eig, vel å utvandre igjen etter 10–15 år.

Figur 11.21 Del av innvandrarar som eig, fordelt på butid, 2018

Figur 11.21 Del av innvandrarar som eig, fordelt på butid, 2018

Kjelde: SSB

Å bu trongt

Innvandrarar bur oftare trongt

Å bu trongt er definert som 1) aleinebuande med eitt opphaldsrom, 2) hushald med fleire personer enn det er opphaldsrom, eller 3) hushald som har mindre enn 20 kvadratmeter bustadareal (p-areal) per person i hushaldet.

samanlikna med resten av befolkninga. Medan 6,9 pst. budde trongt i befolkninga utan innvandrarbakgrunn i 2018, var delen 41,4 pst. blant norskfødde med innvandrarforeldre. For innvandrarar frå Asia, Afrika osv. var delen 30,3 pst., og for innvandrarar frå EU/EØS osv. var delen 16,7 pst. Sidan 2015 har det samstundes vore ei viss nedgang i delen innvandrarar som bur trongt. Norskfødde med innvandrarforeldre har hatt størst nedgang, med 2,6 pst. reduksjon frå 2015 til 2018. Delen som bur trongt blant innvandrarar frå EU/EØS osv., er redusert med omkring 1 pst.

Forklaringa på at større delar innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre bur trongt, følger i stor grad same mønster som forklaringa på eigartilhøva.

SSB (2017): Én av ti bor trangt.

Lågare inntektsnivå, høgare del som bur i store byar, og ein høgare del unge er viktige faktorar som gjer den delen som bur trongt, større. Det er også interessant å merke seg at Vrålstad (2018) fann at mange norskfødde med innvandrarforeldre ikkje sjølve opplever at dei bur trongt, sjølv om dei gjer det ut frå objektive mål.

Kjønnsskilnadene er ganske små blant innvandrargruppene når det handlar om å bu trongt. Det er ein litt større del menn enn kvinner som bur trongt blant innvandrarar frå EU/EØS osv. og Afrika, Asia osv., medan det er motsett blant norskfødde med innvandrarforeldre.

Figur 11.22 Del av innvandrarar som bur trongt, fordelt på butid, 2018

Figur 11.22 Del av innvandrarar som bur trongt, fordelt på butid, 2018

Kjelde: SSB

Som med eigerskap har butid mykje å seie for delen innvandrarar som bur trongt. Etter 25 år er delen innvandrarar frå EU/EØS osv. som bur trongt, redusert til eit lågare nivå enn for resten av befolkninga, med 3,1 pst. i 2018. Blant innvandrarar frå Asia, Afrika osv. er delen som bur trongt, halvert etter 25 år. Det er samstundes ein monaleg høgare del i denne gruppa som sjølv etter 25 år bur trongt samanlikna med resten av befolkninga. Medan 6,9 pst. av nordmenn flest budde trongt i 2018, var delen 19 pst. blant innvandrarar frå Asia, Afrika osv. som har budd i Noreg i minst 25 år.

Alder og familieforhold er med på å forklare kvifor delen innvandrarar som bur trongt, fell over tid. Barnefamiliar bur trongare enn andre hushald, så når barna flyttar ut, får foreldra betre plass. Generelt blir levekåra til innvandrarar betre over tid. Årsaka til at ein større del innvandrarar frå Asia, Afrika osv. framleis bur trongt etter minst 25 år, handlar mellom anna om at fleire framleis er dårlegare økonomisk stilt enn resten av befolkninga, og at fleire bur i større byar (Normann 2017).

Frivilligheit og deltaking i samfunnet

Delen med innvandrarbakgrunn blant studentane i barnehagelærarutdanninga

Figur 11.23 Del med innvandrarbakgrunn (innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre) blant studentane i barnehagelærarutdanninga, 2016–18 (pst.)

Figur 11.23 Del med innvandrarbakgrunn (innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre) blant studentane i barnehagelærarutdanninga, 2016–18 (pst.)

Kjelde: SSB

Delen studentar med innvandrarbakgrunn på barnehagelærarstudiet har auka i dei siste tre åra. Av nesten 8 500 studentar i 2018 utgjorde dei med innvandrarbakgrunn 13 pst., høvesvis 10 pst. som sjølve har innvandra, og 3 pst. norskfødde med innvandrarforeldre. Delen med innvandrarbakgrunn i barnehagelærarutdanninga er omtrent lik blant mannlege og kvinnelege studentar.

Ei undersøking om statusen til barnehagelæraryrket frå 2014

Kampanjeundersøkelsen (2014): Barnehagelæreryrkets status i Norge .

viste at respondentane plasserer yrket på ein 11. plass av 12 yrke, der butikkmedarbeidar kom på sisteplass. På topp ligg lege, advokat og ingeniør, men også toppidrettsutøvar, politi, journalist, lærar i skulen, sjukepleiar, handverkar og saksbehandlar i offentleg sektor har høgare skår enn barnehagelærar. Denne statusoppfatninga kan vere ei årsak til at ungdom med innvandrarbakgrunn, og då kanskje særleg dei som er fødde i Noreg, ikkje søker barnehagelærarutdanning, men heller orienterer seg mot andre yrke. Det er likevel barnehagelærarutdanninga som har størst del studentar med innvandrarbakgrunn (13 pst.) samanlikna med studentar på andre lærarutdanningar (8 pst.).

Delen med innvandrarbakgrunn blant studentar i lærarutdanningar retta mot arbeid i grunnopplæringa

Figur 11.24 Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre blant studentar under utdanning for å bli lærar1, 2016–18 (pst.)

Figur 11.24 Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre blant studentar under utdanning for å bli lærar 1 , 2016–18 (pst.)

1 Lærarutdanningar som kvalifiserer for arbeid i skulen.

Kjelde: SSB

Av nesten 22 000 studentar som utdanna seg til å bli lærar i skulen i 2018, var det berre 8 pst. med innvandrarbakgrunn. Delen med innvandrarbakgrunn som tek slike utdanningar, har likevel auka litt i dei siste tre åra. Dette gjeld både innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre.

Lærarutdanningane i figuren over er allmenn-/grunnskulelærarutdanning inkludert masterutdanning for grunnskulelærarar (GLU 1–7 og 5–10), fag- og yrkesfaglærarutdanning, lektorutdanning 8–13 og praktisk-pedagogisk utdanning.

Utfordringane med rekruttering er størst for grunnskulelærarutdanningane, medan søkinga til dei lærarutdanningane som rekrutterer til arbeid i vidaregåande opplæring, aukar. Undersøkingar Norstat gjennomførte for Kunnskapsdepartementet i perioden 2009–14, viste at statusen til læraryrket blir vurdert som ein del lågare enn for mellom anna advokat, lege og ingeniør, på same måte som for barnehagelærar. Forsking har vist at unge med innvandrarbakgrunn i Noreg er spesielt opptekne av yrke som gir god inntekt og høg prestisje i samfunnet, slik som legar, advokatar og liknande.

Bakken, A. (2014): Ulike perspektiver på skuleresultatane til barn og unge med innvandringsbakgrunn . Oslo, NOVA.

Når arbeid i barnehagen og skulen blir vurdert til å ha lågare status enn desse yrka, kan det vere ei årsak til at ungdom med innvandrarbakgrunn ikkje søker på lærarutdanning. På den andre sida er det eit minstekrav til karakteren 3 i norsk og 4 i matematikk for å kunne bli teken opp til dei fleste lærarutdanningane for skulen. Dette kan vere eit mogleg hinder for unge som sjølve har innvandra, og som har hatt kort tid på å lære seg norsk.

Delen tilsette innvandrarar og norskfødde med innvandrarbakgrunn innanfor kultur- og mediesektoren

Av alle arbeidstakarar i kultur- og mediesektoren i 2018 har 10 pst. innvandrarbakgrunn. Av desse er 54 pst. kvinner og 46 pst. menn.

Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre blant tilsette i barnehagane

Figur 11.25 Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre blant dei tilsette i barnehagane, 2016–18 (pst.)

Figur 11.25 Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre blant dei tilsette i barnehagane, 2016–18 (pst.)

Kjelde: SSB

I 2018 var det registrert om lag 94 600 sysselsette i barnehagane når kategorien «anna personell» (yrkesgrupper som vaktmeister, rengjeringsarbeidar m.m.) er halden utanfor. Delen tilsette med innvandrarbakgrunn utgjorde i 2018 om lag 15 pst. av personalet som arbeider direkte med barna, og dei aller fleste av desse har sjølv innvandra. Norskfødde med innvandrarforeldre utgjorde berre 1 pst. av dei tilsette. I dei siste tre åra har delen tilsette med innvandrarbakgrunn auka frå 14 pst. i 2016 til 15 pst. i 2018. Det kjem i hovudsak av at det no er fleire kvinner med innvandrarbakgrunn i yrket. 90 pst. av dei tilsette i barnehagen er kvinner.

Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre blant undervisningspersonalet i grunnskular og vidaregåande skular

Figur 11.26 Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre blant undervisningspersonalet* i grunnskular og i vidaregåande skular, 2016–18 (pst.)

Figur 11.26 Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre blant undervisningspersonalet* i grunnskular og i vidaregåande skular, 2016–18 (pst.)

* Tala inkluderer både hovud- og biarbeidsforhold.

Kjelde: SSB

Delen tilsette med innvandrarbakgrunn er litt større for fylkeskommunale vidaregåande skular enn for dei kommunale grunnskulane. Norskfødde med innvandrarforeldre utgjer ein svært liten del. Delen med innvandrarbakgrunn blant det mannlege undervisningspersonalet i kommunale grunnskular er litt større enn blant det kvinnelege personalet. I fylkeskommunale vidaregåande skular er det omvendt, der delen med innvandrarbakgrunn blant det kvinnelege undervisningspersonalet er høgare enn blant det mannlege. Det har vore ein svak auke i delen tilsette med innvandrarbakgrunn i dei siste tre åra, både i kommunale grunnskular og i fylkeskommunale vidaregåande skular.

Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre tilsette i barnevernet

I 2018 var det til saman 18 336 tilsette i barnevernet. Delen tilsette med innvandrarbakgrunn (inkludert norskfødde med to foreldre som har innvandra) i barnevernet har auka jamt sidan 2008, frå 4,7 pst. i 2008 til 8,5 pst. i fjerde kvartal 2018. Det var til saman 1 559 tilsette i barnevernet med innvandrarbakgrunn (inkl. norskfødde med innvandrarbakgrunn) i 2018. Veksten var særleg sterk frå 2015 til 2016, då delen tilsette med innvandrarbakgrunn auka med 1,3 prosentpoeng. Endringa frå 2017 til 2018 var liten. I same periode har delen med innvandrarbakgrunn i befolkninga auka frå 10,6 pst. til 17,7 pst. Auken blant tilsette med innvandrarbakgrunn i barnevernet har såleis vore lågare enn i befolkninga elles.

Figur 11.27 Utviklinga i delen med innvandrarbakgrunn i befolkninga og blant tilsette i barnevernet, 2008–18

Figur 11.27 Utviklinga i delen med innvandrarbakgrunn i befolkninga og blant tilsette i barnevernet, 2008–18

Kjelde: SSB

I statistikken frå SSB er tilsette med innvandrarbakgrunn delt inn etter om dei kjem frå EØS-landa, Nord-Amerika, Australia og New Zealand eller andre verdensregionar, det vil seie Aust-Europa utanom EU, Asia, Afrika og Latin-Amerika. Veksten blant tilsette i barnevernet med innvandrarbakgrunn var særleg sterk blant tilsette i barnevernet med bakgrunn frå Asia, Afrika, Aust-Europa utanom EU, og Latin-Amerika. I 2008 utgjorde denne gruppa 51 pst. av dei tilsette med innvandrarbakgrunn, medan dette var auka til 66 pst. i 2018.

Figur 11.28 Landbakgrunn blant tilsette med innvandrarbakgrunn i barnevernet, 2008–18

Figur 11.28 Landbakgrunn blant tilsette med innvandrarbakgrunn i barnevernet, 2008–18

Kjelde: SSB

I 2018 var det 4 701 menn og 13 635 kvinner som var tilsette i barnevernet. Delen menn som er tilsette i barnevernet, har i dei siste ti åra vore stabil på om lag 25 pst. Kjønnsdelinga er mykje jamnare blant tilsette med innvandrarbakgrunn, der nær halvparten er menn (46 pst. i 2018).

Figur 11.29 Delen menn blant tilsette i barnevernet, etter innvandrarbakgrunn. 2008–18

Figur 11.29 Delen menn blant tilsette i barnevernet, etter innvandrarbakgrunn. 2008–18

Kjelde: SSB

Valdeltaking blant innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre ved siste stortingsval

Valdeltaking samanlikna med den generelle valdeltakinga blant innbyggarane

Ifølge tal frå Statistisk sentralbyrå deltok 55 pst. av norske statsborgarar med innvandrarbakgrunn, det vil seie innvandrarar og personar fødde i Noreg med innvandrarforeldre, ved stortingsvalet i 2017. Det er ein svak auke frå valdeltakinga ved førre stortingsval i 2013, som var på 54 pst. Valdeltakinga blant innvandrarar var 23,2 prosenteiningar lågare enn den generelle valdeltakinga blant innbyggarane (78,2 pst.).

Valdeltaking etter kjønn

Valdeltakinga blant innvandrarar etter kjønn varierer med landbakgrunn. Valdeltakinga er 6 prosenteiningar høgare for menn med innvandrarbakgrunn frå Sri Lanka enn for kvinner med same bakgrunn. Mannlege veljarar med innvandrarbakgrunn frå Pakistan, Tyrkia og Afghanistan stemmer også i noko større grad enn kvinnelege veljarar med same bakgrunn. Når det gjeld veljarar med bakgrunn frå Filippinane, Thailand og Russland, stemmer kvinnene i mykje større grad enn mennene. Valdeltakinga for mannlege veljarar med landbakgrunn frå Russland var 38 pst., medan valdeltakinga for kvinnelege veljarar med same landbakgrunn var 55 pst.

Valdeltakinga varierer etter landbakgrunn. Valdeltakinga blant innvandrarar frå Vest-Europa o.l. gjekk ned frå 74 til 71 pst. Blant innvandrarar frå austeuropeiske EØS-land gjekk valdeltakinga opp frå 53 til 54 pst. Valdeltakinga blant innvandrarar frå Afrika, Asia o.l. auka frå 51 til 54 pst. Av dei 15 største landa har Sri Lanka høgast valdeltaking med 63 pst., medan Kosovo har den lågaste med 36 pst. Samanlikna med stortingsvalet i 2013 er det størst auke i valdeltakinga hos personar med landbakgrunn frå Irak, Iran og Afghanistan.

Valdeltaking etter butid

Tabellen under viser valdeltakinga blant innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre fordelt på butid i Noreg.

Tabell 11.4 Valdeltaking blant personar med innvandrarbakgrunn fordelt på kjønn og butid. Stortingsvalet 2017. Prosent

Butid

0–9 år

10–19 år

20–29 år

30 år og over

Norske statsborgarar, innvandrarar

I alt

53

53

53

63

Menn

55

52

50

62

Kvinner

51

54

55

65

Norske statsborgarar, norskfødde med innvandrarforeldre

I alt

56

52

66

Menn

53

48

64

Kvinner

60

56

68

Kjelde: SSB

Valdeltaking blant innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre ved siste lokalval

Valdeltaking samanlikna med den generell valdeltakinga blant innbyggarane

Ifølge tal frå Statistisk sentralbyrå deltok 40,4 pst. av norske statsborgarar med innvandrarbakgrunn ved kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2015. Valdeltakinga blant norske statsborgarar med innvandrarforeldre var på 38,4 pst. i 2015. Til samanlikning var valdeltakinga i heile befolkninga 60,2 pst. ved lokalvalet i 2015.

Valdeltaking etter kjønn

I kategorien norske statsborgarar med innvandrarbakgrunn var det i 2015 39,6 pst. menn og 41,1 pst. kvinner som stemde ved lokalvalet i 2015. I kategorien norskfødde med innvandrarforeldre var valdeltakinga 35,3 pst. for mannlege veljarar og 41,6 pst. for kvinnelege veljarar.

Valdeltaking etter butid

Tabellen under viser valdeltakinga fordelt på butid og kjønn ved valet i 2015:

Tabell 11.5 Valdeltaking blant personar med innvandrarbakgrunn og kjønn. Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2015. Prosent

Butid

0–9 år

10–19 år

20–29 år

30 år og over

Norske statsborgarar, innvandrarar

I alt

31

37

41

55

Menn

31

36

40

54

Kvinner

32

37

42

56

Norske statsborgarar, norskfødde med innvandrarforeldre

I alt

39

34

50

Menn

35

31

48

Kvinner

43

38

53

Utanlandske statsborgarar

I alt

21

36

42

54

Menn

18

34

37

50

Kvinner

26

38

46

59

Kjelde: SSB

Tilsette i offentleg sektor

Det statlege tariffområdet omfattar departementa og dei underliggande verksemdene. Delen statstilsette med innvandrarbakgrunn var i 4. kvartal 2018 på 12,1 pst. Dette omfattar både gruppe 1 og gruppe 2. Delen statstilsette med bakgrunn frå gruppe 1 (EU/EFTA, Nord-Amerika, Australia og New Zealand) var på 5,8 pst. På same tidspunkt var delen statstilsette frå gruppe 2 (Asia, Tyrkia, Afrika, Latin-Amerika, Europa utanom EU/EFTA, Oseania utanom Australia og New Zealand) på 6,3 pst. Frå landgruppe 2 utgjer delen menn 6,5 pst. og kvinner 6,2 pst.

Tala er frå SSBs registerbaserte sysselsetjingsstatistikk.