Prop. 1 S

(2019–2020)

Innleiing

Regjeringa har høge ambisjonar for det norske kunnskapssamfunnet og satsar målretta på forsking og høgare utdanning. Det viktigaste verktøyet for å sørge for langsiktige og føreseielege satsingar på området er langtidsplanen for forsking og høgare utdanning.

Det er viktig å sørge for samsvar mellom nasjonale prioriteringar og internasjonale satsingar. Noreg har eit utstrekt internasjonalt samarbeid innanfor forsking og høgare utdanning, jf. Strategi for forsknings- og innovasjonssamarbeidet med EU og Panorama – strategi for høyere utdannings- og forskningssamarbeid med Brasil, India, Japan, Kina, Russland og Sør-Afrika (2016–2020) .

Oppfølging av Langtidsplan for forsking og høgare utdanning 2019–2028

Hausten 2018 la regjeringa fram Meld. St. 4 (2018–2019) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2019–2028. Langtidsplanen inneheld tre overordna mål:

  • styrkt konkurransekraft og innovasjonsevne

  • møte store samfunnsutfordringar

  • utvikle fagmiljø av framifrå kvalitet

Planen inneheld også fem langsiktige prioriteringar:

  • hav

  • klima, miljø og miljøvennleg energi

  • fornying i offentleg sektor og betre offentlege tenester

  • mogleggjerande og industrielle teknologiar

  • samfunnstryggleik og samhøyr i ei globalisert verd

Regjeringa vil prioritere å rette ressursinnsatsen mot dei tre overordna måla og dei langsiktige prioriteringane i langtidsplanen. Innanfor ramma av mål og prioriteringar vil regjeringa særleg prioritere å trappe opp innsatsen på tre viktige område i perioden 2019–22:

  • 800 mill. kroner for å løfte kompetanse, utdanning i og forsking på teknologi, med særskilt vekt på IKT

  • 450 mill. kroner for å legge til rette for auka FoU for omstilling og fornying i næringslivet

  • 250 mill. kroner for å bidra til høg kvalitet i norsk høgare utdanning

Desse tre opptrappingsplanane støttar opp under grunnleggande innsatsfaktorar for å lykkast med det grøne skiftet, auke verdiskapinga og omstille næringslivet og offentleg sektor. I 2019 blei opptrappingsplanane følgt opp med 476 mill. kroner.

Regjeringa foreslår å auke løyvingane med 585 mill. kroner i 2020 for å følge opp dei overordna måla og dei langsiktige prioriteringane i den reviderte langtidsplanen. Av dette er 315 mill. kroner knytte til dei tre opptrappingsplanane, jamfør figur 5.1. Nokre av dei nye tiltaka er finansierte gjennom omdisponeringar innanfor løyvingane. Satsingane er omtala under.

Opptrappingsplanane

Figur 5.1 Vekst til opptrappingsplanane i langtidsplanen for forsking og høgare utdanning, 2019 og 2020. Mill. kroner (løpande prisar)

Figur 5.1 Vekst til opptrappingsplanane i langtidsplanen for forsking og høgare utdanning, 2019 og 2020. Mill. kroner (løpande prisar)

Teknologiløft

I statsbudsjettet for 2020 foreslår regjeringa å auke løyvingane til opptrappingsplanen for teknologi med totalt 198 mill. kroner fordelte på ei rekke satsingar.

Hav

Regjeringa foreslår å auke løyvingane med 10 mill. kroner til styrking av havovervåkingsinfrastruktur ved Havforskingsinstituttet over budsjettet til Nærings- og fiskeridepartementet. Infrastrukturen skal nyttast til kartlegging av algeoppblomstring med meir.

Vidare foreslår regjeringa å prioritere 10 mill. kroner til utvikling av intelligente transportsystem for maritim sektor over budsjettet til Samferdselsdepartementet.

Klima, miljø og miljøvennleg energi

I statsbudsjettet for 2020 foreslår regjeringa å auke løyvingane med 20 mill. kroner til å utvikle betre samferdselsteknologi over budsjettet til Samferdselsdepartementet.

Vidare foreslår regjeringa å auke løyvingane med 35 mill. kroner til forsking for omstilling til lavutsleppsamfunnet, teknologiutvikling for det grøne skiftet og vellukka klimatilpassing over budsjettet til Klima- og miljødepartementet.

Fornying i offentleg sektor og betre offentlege tenester

Regjeringa foreslår til saman 131 mill. kroner til investeringar i grunnleggande infrastruktur som er naudsynt for å realisere ei nasjonal helseanalyseplattform over budsjettet til Helse- og omsorgsdepartementet.

Mogleggjerande og industrielle teknologiar

I statsbudsjettet for 2020 foreslår regjeringa å auke løyvinga til grunnleggande forsking innan IKT med 43 mill. kroner over budsjettet til Kunnskapsdepartementet.

Det er behov for auka kompetanse og omstilling innanfor teknologi og berekraftig utvikling. Regjeringa foreslår derfor 70 nye studieplassar til universitet og høgskular som kan auke utdanningskapasiteten innanfor desse områda.

Samfunnstryggleik og samhøyr i ei globalisert verd

Regjeringa foreslår å auke løyvingane med 12,5 mill. kroner til forsking på IKT-tryggleik og effektar av teknologiutvikling over budsjettet til Justis- og beredskapsdepartementet.

FoU for fornying og omstilling i næringslivet

Netto auke til FoU for fornying og omstilling i næringslivet er på 62 mill. kroner. Innanfor denne opptrappingsplanen foreslår regjeringa følgande tiltak:

Klima, miljø og miljøvennleg energi

Regjeringa foreslår å prioritere 15 mill. kroner til forsking på klimatilpassa og lønnsam matproduksjon over budsjettet til Landbruks- og matdepartementet. Tiltaket er også relevant for den langsiktige prioriteringa Samfunnstryggleik og samhøyr i ei globalisert verd .

Styrkt konkurransekraft og innovasjonsevne

Regjeringa foreslår å auke løyvinga til forskingsprosjekt for næringslivet med 10 mill. kroner over budsjettet til Nærings- og fiskeridepartementet. Regjeringa foreslår vidare å auke basisløyvinga til dei teknisk-industrielle institutta med 20 mill. kroner over budsjettet til Nærings- og fiskeridepartementet.

Regjeringa foreslår å løyve til saman 20 mill. kroner til tiltak som følger opp denne opptrappingsplanen over Kunnskapsdepartementets budsjett. Av dette er 9,5 mill. kroner eittårige midlar til Diku til utvikling av studietilbod i samarbeid med næringslivet. 5,7 mill. kroner skal gå til å vidareutvikle ordninga STUD-ENT i Noregs forskingsråd og 4,8 mill. kroner skal gå til førsteårseffekten av 22 nærings-ph.d.-stillingar.

Kvalitet i høgare utdanning

I statsbudsjettet for 2020 foreslår regjeringa å auke løyvingane til Dikus kvalitetsprogram med totalt 55 mill. kroner. 15 mill. kroner av desse midlane skal gå til tiltak for å auke internasjonal studentmobilitet. 20 mill. kroner av midlane skal gå til tiltak for å auke arbeidslivsrelevans, inkludert praksis. Dei resterande 20 mill. kronene skal gå til å styrke praksis i kommunesektoren for helse- og sosialfagsstudentar.

Måla og dei langsiktige prioriteringane

Opptrappingsplanane er i stor grad knytte til måla og dei langsiktige prioriteringane i planen, finansierte over budsjetta til ei rekke departement. Forslaga til satsingar for å følge opp dei langsiktige prioriteringane utanom opptrappingsplanane er omtala under.

Figur 5.2 Vekst til oppfølging av måla og dei langsiktige prioriteringane i langtidsplanen for forsking og høgare utdanning, inkludert opptrappingsplanane, 2020. Mill. kroner

Figur 5.2 Vekst til oppfølging av måla og dei langsiktige prioriteringane i langtidsplanen for forsking og høgare utdanning, inkludert opptrappingsplanane, 2020. Mill. kroner

Fagmiljø av framifrå kvalitet

Regjeringa foreslår å auke løyvingane til ordningar i Noregs forskingsråd for forskartalent for fagmiljø av framifrå kvalitet med 30 mill. kroner over Kunnskapsdepartementets budsjett. Regjeringa foreslår vidare å auke løyvinga til Kavliinstituttet for nevrovitskap med 12 mill. kroner over Kunnskapsdepartementets budsjett. Kavliinstituttet er eit av få norske forskingsmiljø i verdsklasse.

Klima, miljø og miljøvennleg energi

Regjeringa foreslår å auke løyvingane til polarforsking med 15 mill. kroner over Kunnskapsdepartementets budsjett. Vidare foreslår regjeringa å auke løyvingane til forsking, overvaking og kartlegging i Antarktis med 5 mill. kroner over Klima- og miljødepartementets budsjett.

Fornying i offentleg sektor og betre offentlege tenester

Over budsjettet til Barne- og familiedepartementet, foreslår regjeringa å auke løyvingane til forsking på effektar av tiltak og tenester retta mot barn med 5 mill. kroner. Vidare foreslår regjeringa 4,1 mill. kroner til FoU-effektar av tiltak og tenester i familievernet, 1 mill. kroner til krisesenterforsking og 1 mill. kroner til forsking på samlivstiltak.

Regjeringa foreslår vidare å løyve midlar til 75 nye studieplassar innanfor helse- og sosialfag, med særleg vekt på sjukepleiarutdanning, over Kunnskapsdepartementets budsjett.

Samfunnstryggleik og samhøyr i ei globalisert verd

Regjeringa foreslår å auke løyvingane til forskingsprogramma Europa i endring med 5 mill. kroner, og Asia i endring med 25 mill. kroner over Utanriksdepartementets budsjett.

Bygg

I den reviderte langtidsplanen for forsking og høgare utdanning er eit eige kapittel via til plan for utvikling, forvaltning og prioritering av universitets- og høgskulebygg. Bygg, utstyr og annan infrastruktur er grunnleggande innsatsfaktorar for å nå dei overordna måla for forskings- og høgare utdanningspolitikken. Fleire viktige byggeprosjekt i UH-sektoren er undervegs. I 2020 foreslår regjeringa å bruke 2,4 mrd. kroner på ordinære byggeprosjekt finansierte over statsbudsjettet, mellom anna vidareføring av Livsvitskapsbygget ved Universitetet i Oslo og startløyving til Vikingtidsmuseet. Regjeringa foreslår òg å løyve midlar til forprosjektering av ny campus for NTNU og Ocean Space Centre i Trondheim. I tillegg kjem ei rekke brukarfinansierte prosjekt ved institusjonane.

Kompetansemiljø for utnytting av stordata

For å nå måla i langtidsplanen er det viktig med tilgang til nok reknekraft. For å sikre tilgang til superdatamaskinar i Europa gjekk Noreg frå og med 1. januar 2019 inn i eit europeisk samarbeid for å bygge superdatamaskinar og kompetansemiljø rundt dei. Våren 2019 søkte Noreg, ved UNINETT Sigma2, saman med sju andre europeiske land Europakommisjonen om pengar til å bygge ein av dei kraftigaste superdatamaskinane i verda. I juni blei det klart at det norskstøtta prosjektet blir ein av tre superdatamaskinar som skal byggast for å sikre at Europa er blant verdsleiarane innanfor bruk av kraftig og avansert datateknologi. Prosjektet er tildelt 1 mrd. kroner frå EU.

Det er viktig at kompetansen hos aktuelle brukarar av dei nye superdatamaskinane blir styrkt. For å bidra til dette arbeidet får UNINETT Sigma2 eit tilskot frå Noregs forskingsråd på 10 mill. kroner over to år. Sjå også omtale i budsjettproposisjonen til Kommunal- og moderniseringsdepartementet, kap. 541, post 50.

Noregs forskingsråd

Noregs forskingsråd spelar ei sentral rolle i det norske forskings- og innovasjonssystemet. Rådet har ei omfattande verksemd når det gjeld finansiering, rådgiving og møteplassfunksjon. Kunnskapsdepartementet har etatsstyringsansvaret for Forskingsrådet og ansvaret for at rådet når dei måla som er sette for heile verksemda. For nærare omtale av rådets verksemd og styringssystemet for Forskingsrådet, sjå programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking, kap. 285 Noregs forskingsråd.

Noregs forskingsråd får løyvingar frå alle departementa. Tildelingane frå departementa omfattar både generelle faglege tildelingar, institutt-tildelingar og særskilde midlar til einskilde program eller aktivitetar. Tabellen nedanfor viser ei oversikt over løyvingsforslag for dei største bidragsytarane i statsbudsjettet for 2020.

Tabell 5.1 Foreslåtte løyvingar til Noregs forskingsråd frå dei største bidragsytarane

Kap. post

Departement

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

285.52–54

Kunnskapsdepartementet

4 085 531

4 030 368

285.55

Kunnskapsdepartementet

792 543

783 617

920.50

Nærings- og fiskeridepartementet

2 223 200

2 089 400

1830.50

Olje- og energidepartementet

800 500

765 000

1137.50/51

Landbruks- og matdepartementet

429 914

429 576

780.50

Helse- og omsorgsdepartementet

338 212

252 167

1410.51

Klima- og miljødepartementet

293 105

334 753

1301.50

Samferdselsdepartementet

179 000

144 900

601.50

Arbeids- og sosialdepartementet

166 730

171 205

Totalt

9 305 735

9 000 986

FoU-innsatsen i statsbudsjettet og utviklinga i FoU-innsatsen

Forsking og utvikling i statsbudsjettet for 2020

Hovudprioriteringane på forskingsområdet i statsbudsjettet for 2020 følger opp prioriteringane i langtidsplanen for forsking og høgare utdanning.

Med bakgrunn i statsbudsjettanalysen for 2019 frå Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU) viser eit førebels overslag frå Kunnskapsdepartementet og Finansdepartementet at dei samla løyvingane til forsking og utvikling i budsjettforslaget til regjeringa for 2020 er på om lag 38,9 mrd. kroner. Dette utgjer 1,03 pst. av overslaget for bruttonasjonalprodukt (BNP) i 2020. Dette er ein nominell auke på om lag 850 mill. kroner frå saldert budsjett 2019. Dersom ein inkluderer Skattefunn-ordninga, blir den offentlege FoU-innsatsen på om lag 43,2 mrd. kroner i 2020. Inkludert provenyeffekten av Skattefunn utgjer FoU-innsatsen 1,14 pst. av overslaget for BNP i 2020. Tabellen nedanfor viser løyvingane til FoU over statsbudsjettet fordelte på departement, og den delen av departementas totale budsjett som er foreslått løyvd til forsking. Overføringar til folketrygda, Statens pensjonsfond utland og brutto låne- og avdragstransaksjonar er haldne utanfor. Tala er usikre, og NIFU vil legge fram endelege tal for FoU-løyvingane sommaren 2020.

Tabell 5.2 Overslag over løyvingane til FoU over statsbudsjettet. I mill. kroner

Departement

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

Nominell endring 2019–20

Reell endring 2019–20

Prosentandel av totalt budsjett

Arbeids- og sosialdepartementet

327

366

39

29

0,8

Barne- og familiedepartementet

175

189

14

9

0,6

Finansdepartementet

154

128

-26

-31

0,2

Forsvarsdepartementet

1 260

1 296

36

-3

2,1

Helse- og omsorgsdepartementet

5 081

5 351

270

113

2,9

Justis- og beredskapsdepartementet

122

136

14

10

0,3

Klima- og miljødepartementet

1 066

1 129

63

30

7,3

Kommunal- og moderniseringsdepartementet

1 119

1 373

254

219

0,7

Kulturdepartementet

241

251

10

3

1,3

Kunnskapsdepartementet

19 941

20 224

283

-333

26,4

Landbruks- og matdepartementet

830

863

33

7

4,2

Nærings- og fiskeridepartementet

4 101

4 016

-85

-212

31,9

Olje- og energidepartementet

965

910

-55

-85

2,9

Samferdselsdepartementet

391

374

-17

-29

0,5

Statsbankane

576

574

-2

-20

3,3

Utanriksdepartementet

1 677

1 692

15

-37

3,5

Totalt

38 026

38 872

846

-329

4,05

Inkludert i realnedgangen på 329 mill. kroner er eit eittårig kutt på 400 mill. kroner i Kunnskapsdepartementets løyvingar til Noregs forskingsråd. Kuttet skal redusere kapitalbehaldninga i Forskingsrådet og skal ikkje føre til redusert forskingsaktivitet.

Nedgangen i løyvingane på budsjettet til Nærings- og fiskeridepartementet kjem av flytting av løyvingar til Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Klima- og miljødepartementet.

Auken i løyvingane på budsjettet til Helse- og omsorgsdepartementet skriv seg i hovudsak frå auka løyvingar til helseføretaka.

Auken i løyvingane på budsjettet til Kommunal- og moderniseringsdepartementet skriv seg frå flytting av løyvingar frå Nærings- og fiskeridepartementet og Samferdselsdepartementet, og frå vekst i løyvingane til bygg i universitets- og høgskulesektoren.

Nedgangen i løyvingane på budsjettet til Olje- og energidepartementet skriv seg frå reduserte løyvingar til petroleums- og energiforskingsprogramma i Noregs forskingsråd.

Utvikling i dei offentlege løyvingane til FoU i statsbudsjettet

Målet i l angtidsplanen om å auke offentlege løyvingar til 1 pst. av BNP blei nådd allereie i 2016. I Granavolden-plattforma stadfestar regjeringa at ho vil auke den offentlege forskingsinnsatsen ut over 1 pst. av BNP i ei omstillingsfase, og særleg prioritere mogleggjerande teknologiar og forsking som bidreg til auka verdiskaping.

Tabell 5.3 Overslag over løyvingane til FoU i statsbudsjettet for perioden 2006–20

År

Totalt, løpande prisar

Vekst, mill. kroner

Prosentvis vekst, løpande prisar

Prosentvis vekst, faste prisar

Prosentdel av totalt statsbudsjett

Prosentdel av BNP

Prosentdel av BNP, inkl. Skattefunn

2006

16 374

2 091

14,6

7,8

3,71

0,74

0,79

2007

18 091

1 717

10,5

2,5

3,86

0,77

0,81

2008

19 357

1 266

7,0

2,3

3,77

0,74

0,78

2009

21 204

1 847

9,5

4,6

3,71

0,87

0,92

2010

22 976

1 772

8,4

4,4

3,84

0,89

0,93

2011

23 551

575

2,5

-1,7

3,72

0,84

0,89

2012

24 489

938

4,0

0,2

3,73

0,83

0,87

2013

26 375

1 886

7,7

4,3

3,79

0,86

0,91

2014

28 311

1 936

7,3

4,7

3,87

0,90

0,97

2015

30 769

2 458

8,7

5,9

3,93

0,99

1,08

2016

32 979

2 210

7,2

4,9

4,03

1,06

1,18

2017

35 848

2 869

8,7

6,7

4,26

1,09

1,21

2018

36 612

764

2,1

-1,3

4,28

1,04

1,15

2019

38 026

1 414

3,9

0,9

4,23

1,06

1,17

2020

38 872

846

2,2

-0,8

4,05

1,03

1,14

Figur 5.3 samanliknar tal frå FoU-statistikken og tal frå NIFUs statsbudsjettanalyse. Sidan statsbudsjettanalysen tek utgangspunkt i formålet med løyvingane, kan han bli produsert tidlegare enn FoU-statistikken. FoU-løyvingane i 2019 har NIFU talfesta til 38 mrd. kroner. Det er 1,06 pst. av prognosen for BNP for 2019. I tillegg kjem støtta til FoU gjennom Skattefunn-ordninga, berekna til 4,1 mrd. kroner i 2019. FoU-løyvingane i statsbudsjettet er viste i faste prisar i det grå feltet i figur 5.3. Den heiltrekte linja i figuren viser FoU-løyvingane i pst. av BNP.

Figur 5.3 Utvikling i FoU-løyvingar i statsbudsjettet og offentleg finansierte FoU-utgifter (1-prosentmålet)

Figur 5.3 Utvikling i FoU-løyvingar i statsbudsjettet og offentleg finansierte FoU-utgifter (1-prosentmålet)

Kjelde: NIFU/SSB (FoU-statistikk) og NIFU (statsbudsjettanalyse)

Dei samla FoU-investeringane i Noreg

Nivået på FoU-investeringar målte som prosentdel av BNP er ein indikator på graden av kunnskapsintensitet i økonomien. Regjeringas mål i langtidsplanen for forsking og høgare utdanning er at den totale utførte FoU-innsatsen i Noreg skal utgjere 3 pst. av BNP innan 2030. I 2016 utgjorde dei totale FoU-utgiftene for første gong over 2 pst. av BNP. Sjå figur 5.4.

Dei samla FoU-investeringane i Noreg har hatt tilnærma kontinuerleg vekst gjennom dei siste 50 åra. Som del av BNP har FoU-utgiftene lege relativt stabilt på rundt 1½ pst. sidan 1990-talet. I dei to siste åra har prosentdelen auka mykje. Dei samla FoU-utgiftene i Noreg i 2017 var på 69,2 mrd. kroner; dette inneber ein realauke på 7,2 pst. frå 2016 og ein gjennomsnittleg realauke per år på 3,3 pst. frå nivået i 2005. I høve til Fastlands-BNP var nivået på FoU-utgiftene i 2017 på 2,48 pst.

Figur 5.4 Utvikling i FoU-utgifter, BNP og FoU-intensitet (3-prosentmålet)

Figur 5.4 Utvikling i FoU-utgifter, BNP og FoU-intensitet (3-prosentmålet)

Kjelde: NIFU og SSB

FoU-statistikken er basert på oppgåver frå dei FoU-utførande sektorane om faktisk utførte FoU i Noreg. Neste samla statistikkoppdatering kjem i oktober 2019.