Innleiing

Kapittelet gir informasjon om utviklinga i talet på barn og tilsette og om ressursbruken i barnehagesektoren. Barnehagane blir i all hovudsak finansierte gjennom dei frie inntektene til kommunane og foreldrebetalinga. Barnehagesektoren er eit av dei største tenesteområda i kommunane. Samla brutto driftsutgifter til barnehagar i 2018 var 52 mrd. kroner og utgjorde 12 pst. av driftsutgiftene i kommunane. Talgrunnlaget i kapittelet er henta frå Statistisk sentralbyrå (SSB), rapportering frå barnehagane (BASIL), KOSTRA (Kommune-Stat-Rapportering), Database for statistikk om høgare utdanning (DBH) og ulike undersøkingar som er gjennomførte på oppdrag frå departementet.

Barn i barnehage

Tabell 7.1 Tal på barn i barnehage, dekningsgrad og gjennomsnittleg opphaldstid, 2013–18

2013

2014

2015

2016

2017

2018

Tal på barn i barnehage

287 177

286 414

283 608

282 649

281 622

278 578

Dekningsgrad 1–5 år (pst.)

90,0

90,2

90,4

91,1

91,3

91,8

Dekningsgrad 0 år (pst.)

3,2

3,6

3,7

4,0

3,9

4,0

Dekningsgrad 1 år (pst.)

68,9

68,5

69,7

71,7

72,1

73,2

Dekningsgrad 2 år (pst.)

90,6

91,3

91,6

92,3

92,9

93,2

Dekningsgrad 3 år (pst.)

95,3

95,5

95,7

95,9

96,1

96,4

Dekningsgrad 4 år (pst.)

96,9

97,0

96,9

97,2

97,3

97,3

Dekningsgrad 5 år (pst.)

97,5

97,5

97,3

97,5

97,6

97,6

Gjennomsnittleg avtala opphaldstid per veke

43,9

44,1

44,3

44,3

44,4

44,5

Del av barn med heiltidsplass (pst.)

92,1

93,3

94,3

94,9

95,5

96,1

Kjelde: Utdanningsdirektoratet (BASIL), Statistisk sentralbyrå, Kunnskapsdepartementet

Ved utgangen av 2018 gjekk 278 578 barn i ordinær barnehage eller familiebarnehage. Dette er ein nedgang i talet på barn i barnehage frå 2017 og skyldast ein nedgang i talet på barn i alderen 1–5 år i befolkninga. I tillegg hadde 117 opne barnehagar kapasitet til å ta imot om lag 4 300 barn i 2018. Barn under 3 år utgjorde 36 pst. av alle barn i barnehage.

I 2018 hadde 96,1 pst. av barna heiltidsplass i barnehagen mot 69,6 pst. i 2005, det vil seie avtala opphaldstid på 41 timar i veka eller meir. Gjennomsnittleg avtala opphaldstid for barn i barnehage har i same periode auka frå 39 til 44,5 timar per veke. Dekningsgraden i 2018 for barn i alderen 1 til 5 år var 91,8 pst. mot 91,3 pst. i 2017. Tilsvarande tal for 2005 var 76,2 pst. Dekningsgraden har auka frå 2017 for dei yngste barna, og har vore stabil for dei eldre barna.

I 2018 gjekk om lag 50 500 minoritetsspråklege barn i barnehage. For meir statistikk om minoritetsspråklege barn i barnehage, sjå kap. 11 Mål for integrering.

Tabell 7.2 Tal på barn i barnehage etter eigarforhold, offentleg og privat, 2006–18

2006

2010

2014

2018

Offentlege

127 252

147 180

147 726

139 910

– kommunale

122 783

146 051

147 493

139 154

– fylkeskommunale/statlege

4 469

1 129

233

756

Private

107 696

129 959

138 688

138 668

– kyrkjelyd/trussamfunn

8 267

7 723

7 579

6 847

– foreldreeigde

35 749

33 083

30 930

30 286

– kvinne- og familieforbund / sanitetsforeining

1 388

1 151

714

904

– bedrift

18 309

30 724

43 070

3 305

– pedagogisk/ideologisk org.

4 324

8 048

7 826

4 337

– einskildpersonar

20 103

18 183

15 120

9 027

– konsern/aksjeselskap

72 249

– stiftelse

8 984

– studentsamskipnad

2 221

2 729

– andre

19 556

31 047

31 228

I alt

234 948

277 139

286 414

278 578

Barn som går i opne barnehagar, er ikkje med i tabellen, medan barn i familiebarnehagar er inkluderte i tabellen. I 2018 gjekk 50 barn i offentlege familiebarnehagar, og 3 814 barn gjekk i private familiebarnehagar. Rapporteringa blei noko endra for private barnehagar i løpet av perioden. Mellom anna er dette forklaringa på den store nedgangen i talet på bedriftsbarnehagar frå 2014 til 2018, og auken i talet på konsern/aksjeselskap og stiftelse i 2018. Kategorien «kvinne- og familieforbund / sanitetsforeining» heitte før 2016 «husmorlag/sanitetsforeining».

Kjelde: Utdanningsdirektoratet (BASIL), Statistisk sentralbyrå

Private barnehagar har stått for hovudtyngda av veksten i barnehageplassar i dei siste åra. I 2018 var det ein nedgang på 1 841 barn med plassar i offentlege barnehagar frå 2017, og ein nedgang på 1 203 plassar i private barnehagar. I 2018 hadde halvparten av barna plass i ein offentleg barnehage og halvparten i ein privat barnehage. Ved utgangen av 2018 var det 5 788 barnehagar i Noreg, inkludert familiebarnehagar og opne barnehagar. Av desse var 2 695 kommunale, 14 statlege og 3 079 private barnehagar. Frå 2008 har det vore ein stabil nedgang i talet på barnehagar, og frå 2017 til 2018 har det vore ein reduksjon på 61 private og 27 kommunale barnehagar.

Figur 7.1 Antal barn i barnehage fordelte etter barnehagestorleik, 2007–18

Figur 7.1 Antal barn i barnehage fordelte etter barnehagestorleik, 2007–18

Opne barnehagar er ikkje inkluderte i talet på barnehagar.

Kjelde: Utdanningsdirektoratet (BASIL), Statistisk sentralbyrå

Talet på barn i store barnehagar, definerte som 76 barn eller fleire, har auka med om lag 1 500 frå 2015 til 2018, medan talet har gått ned for barnehagar med 1–25 barn og 51–75 barn i same tidsrom. Talet på barn i barnehager med 26–50 barn har vore relativt stabilt i perioden. I 2018 gjekk 36 pst. av alle barnehagebarn i barnehagar med 76 barn eller fleire. Dette er den same delen som i 2017.

Personalet i barnehagen

Ved utgangen av 2018 var det om lag 96 000 tilsette som utførte i overkant av 77 100 årsverk i barnehagane. Skilnaden mellom talet på tilsette og talet på årsverk viser at det er mange tilsette som jobbar deltid i den einskilde barnehage.

Det var 64 134 årsverk i grunnbemanninga i barnehagen i 2018, som vil seie at ein jobbar direkte med barna. Om lag 40 pst. av årsverka i grunnbemanninga har barnehagelærarutdanning, medan om lag 20 pst. av årsverka i grunnbemanninga har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar. Om lag 1 300 tilsette eller 400 årsverk arbeider med å gi særskild språkstimulering til minoritetsspråklege barn. Om lag 7 700 tilsette, nesten 4 600 årsverk, arbeider med barn/barnegrupper som krev ekstra ressursinnsats.

Tabell 7.3 Personalet i barnehagen, 2014–18

2014

2015

2016

2017

2018

Tal på tilsette

93 814

93 974

93 952

94 540

95 819

Tal på årsverk

74 998

74 647

75 031

75 534

77 101

Årsverk i grunnbemanninga

62 330

62 442

62 614

62 706

64 134

Styrarar (årsverk)

5 044

4 846

4 803

4 822

4 783

Årsverk i grunnbemanninga med barnehagelærarutdanning eller pedagogisk utdanning som tilsvarer utdanningskravet til pedagogisk leiar

24 173

24 683

26 266

– i pst. av grunnbemanninga

38,6

39,4

41,0

Årsverk i grunnbemanninga med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar

12 735

12 496

12 897

– i pst. av grunnbemanninga

20,3

19,9

20,3

Personale som gir særskild språkstimulering til minoritetsspråklege barn (årsverk i parentes)

1 367 (435)

1 330 (384)

1 299

(388)

1 398 (405)

1 347

(399)

– del som har barnehagelærarutdanning

22,3

28,8

23,4

23,5

22,8

Personale som jobbar med barn/barnegrupper som krev ekstra ressursinnsats (årsverk i parentes)

6 358 (3 795)

6 239 (3 676)

6 728

(3 984)

7 415 (4 358)

7 698

(4 565)

– del som har barnehagelærarutdanning

35,0

35,3

30,1

29,7

28,3

Grunnbemanninga er dei tilsette i barnehagen som jobbar direkte med barna. Det er stillingskategoriane pedagogisk leiar og anna grunnbemanning som utgjer grunnbemanninga.

Kjelde: Utdanningsdirektoratet (BASIL), Statistisk sentralbyrå

Den nye bemanningsnorma for barnehagen tok til å gjelde frå 1. august 2018. Norma inneber at barnehagen skal ha minst 1 tilsett per 3 barn under 3 år og 1 tilsett per 6 barn over 3 år. Frå same tidspunkt blir også pedagognorma i barnehagen skjerpa, slik at barnehagen skal ha minst 1 pedagogisk leiar per 7 barn under 3 år og 1 pedagogisk leiar per 14 barn over 3 år.

Per desember 2018 var grunnbemanninga i barnehagane på nasjonalt nivå i gjennomsnitt 5,8 barn per vaksen, dersom ein korrigerer for alder og opphaldstid. Ein vaksen er målt i årsverka til pedagogiske leiarar og assistentar. Dette er ein betydeleg reduksjon i antal barn per vaksen, då talet har vore stabilt på 6,0 i dei foregående åra. Nærare 1 000 fleire barnehagar oppfyller bemanningsnorma i 2018 samanlikna med i 2017.

53 pst. av barnehagane oppfylte den skjerpa pedagognorma utan bruk av dispensasjon per desember 2018. Delen pedagogiske leiarar med dispensasjon frå utdanningskravet har auka sidan 2017, noko som truleg kjem av skjerpinga av pedagognorma. Totalt manglar det 4 179 årsverk for å oppfylle pedagognorma i alle barnehagar utan bruk av dispensasjon. Per desember 2018 oppfylte 40 pst. av barnehagane både bemanningsnorma og pedagognorma utan bruk av dispensasjon. 12 pst. av barnehagane oppfylte ingen av normene.

Tabell 7.4 Bemanningstettleik og pedagogtettleik, 2016–18

2016

2017

2018

Tal på barn per årsverk i grunnbemanninga korrigerte for alder og opphaldstid (bemanningstettleik)

6,0

6,0

5,8

Del av barnehagar som oppfyller bemanningsnorma (bemanningstettleik på 6,0 eller lågare)

56 pst.

75 pst.

Del av barnehagar som oppfyller den skjerpa pedagognorma utan dispensasjon 1

24 pst.

53 pst.

Del av pedagogiske leiarar med dispensasjon frå utdanningskravet

5,7 pst.

4,9 pst.

10,2 pst.

1 Den skjerpa pedagognorma tok til å gjelde frå 1. august 2018.

Kjelde: Utdanningsdirektoratet (BASIL)

Det har lenge vore stor skilnad mellom barnehagane i dei målbare faktorane som utgjer ramma rundt barnehagekvardagen, som talet på barn per vaksen (bemanningstettleik) og den formelle kompetansen til personalet, jf. figur 7.2 og 7.3. Til dømes har dei 10 pst. barnehagane med flest barn per pedagogisk leiar med godkjend utdanning nær dobbelt så mange barn per pedagogisk leiar som dei 10 pst. med høgast pedagogtettleik. Det har likevel vore ein reduksjon i ulikskapen mellom barnehagar når det gjeld barn per årsverk i grunnbemanninga og barn per årsverk pedagogisk leiar med godkjend utdanning i perioden 2013–18.

Figur 7.2 Ulikskap mellom barnehagar, barn per årsverk i grunnbemanninga, 2013–18

Figur 7.2 Ulikskap mellom barnehagar, barn per årsverk i grunnbemanninga, 2013–18

Sterkaste 10 pst. svarte til 90. persentil, medan svakaste 10 pst. svarte til 10. persentil. Grunnbemanninga er pedagogiske leiarar og assistentar. Barn er korrigert for alder og opphaldstid.

Kjelde: Utdanningsdirektoratet (BASIL)

Figur 7.3 Ulikskap mellom barnehagar, barn per årsverk pedagogisk leiar med godkjend utdanning, 2013–18

Figur 7.3 Ulikskap mellom barnehagar, barn per årsverk pedagogisk leiar med godkjend utdanning, 2013–18

Sterkaste 10 pst. svarte til 90. persentil, medan svakaste 10 pst. svarte til 10. persentil. Grunnbemanninga er pedagogiske leiarar og assistentar. Barn er korrigert for alder og opphaldstid.

Kjelde: Utdanningsdirektoratet (BASIL)

Av alle tilsette i grunnbemanninga i barnehagen i 2018 var 9,5 pst. menn, totalt om lag 6 800 personar. Grunnbemanninga omfattar dei tilsette i barnehagen som jobbar direkte med barna. Frå 2015 til 2018 har delen menn i grunnbemanninga hatt ein liten auke.

Tabell 7.5 Menn i barnehagane, 2014–18

2014

2015

2016

2017

2018

Del menn av tilsette i grunnbemanninga (i pst.)

8,7

8,8

9,0

9,2

9,5

Del mannlege pedagogiske leiarar (i pst.)

7,4

7,5

8,0

8,5

8,9

Del menn av tilsette i anna grunnbemanning (i pst.)

9,4

9,6

9,6

9,7

9,9

Tidlegere år har anna grunnbemanning blitt omtala som assistentar.

Kjelde: Utdanningsdirektoratet (BASIL)

I 2018 omfatta opptaket på barnehagelærarutdanninga 2 960 studentar, ein liten nedgang frå 3 000 i 2017. Talet på ferdig uteksaminerte barnehagelærarar gjekk opp med 64 i same tidsrom. Delen menn i opptaket har vore stabil i dei siste åra. Samtidig har det vore ein auke i delen uteksaminerte menn i 2018 samanlikna med 2013. For meir statistikk om delen med innvandrarbakgrunn blant studentane i barnehagelærerutdanninga, sjå kap. 11 Mål for integrering.

Tabell 7.6 Utdanning av barnehagelærarar ved statlege og private høgskular og universitet, 2013–18

2013

2014

2015

2016

2017

2018

Opptak til barnehagelærarutdanning

2 859

2 851

3 062

3 106

3 000

2 960

– del menn (i pst.)

19,2

18,6

18,2

18,9

20,0

19,6

Uteksaminerte barnehagelærarar

2 080

1 862

2 081

1 909

1 966

2 030

– del menn (i pst.)

10,8

10,8

12,9

14,2

14,0

15,5

Kjelde: Database for statistikk om høgare utdanning (DBH)

Moderasjonsordninger i barnehagen

Dei to moderasjonsordningane i barnehagen for familiar med låg inntekt blei innførte i 2015. Nasjonalt minstekrav til redusert foreldrebetaling gjer at ingen familiar må betale meir enn 6 pst. av samla skattbar inntekt for ein barnehageplass, med maksprisen som ei øvre grense. Ordninga med gratis kjernetid gjer at barn frå familiar med inntekt under ei gitt grense har rett til 20 timar gratis opphald i barnehagen i veka. Denne ordninga gjaldt først for 4- og 5-åringar, men blei frå 2016 utvida til å gjelde 3-åringar. I 2019 har ordninga blitt ytterlegare utvida og gjeld no også for 2-åringar. Familiar med meir enn eitt barn i barnehage har også rett til søskenmoderasjon.

Frå 1. august 2019 har barn frå familiar med inntekt under 548 500 kroner rett til gratis kjernetid i barnehagen. Departementet anslår at rundt 33 800 barn hadde rett til gratis kjernetid i barnehage i 2018. Tal frå kommunanes rapporteringssystem viser at 26 027 barn fekk innvilga gratis kjernetid i barnehage i 2018. Det er 5 000 fleire barn enn i 2017.

I 2018 fekk totalt 41 918 barn lågare opphaldsbetaling grunna låg inntekt. Det er 6 200 fleire barn enn i 2017.

Dersom ein familie har meir enn ett barn i barnehage i same kommune, har familien rett til reduksjon i foreldrebetalingen (søskenmoderasjon). Denne ordninga gjeld uavhengig av inntekt. Reduksjonen for det andre barnet er minimum 30 pst., og for det tredje barnet og oppover er det 50 pst. reduksjon. I 2018 fekk 46 077 barn søskenmoderasjon. Det er 1 300 færre barn enn i 2017.

Tabell 7.7 Moderasjonsordningar i barnehagen, 2015–18

2015

2016

2017

2018

Inntektsgrense gratis kjernetid

405 000

428 000

450 000

533 500

Hushaldningar som har fått reduksjon i foreldrebetaling grunna låg inntekt

25 881

28 902

33 459

Barn som har fått lågare opphaldsbetaling grunna låg inntekt

24 624

33 272

35 735

41 918

Overslag over barn med rett til lågare opphaldsbetaling grunna låg inntekt

50 000

50 000

50 000

50 000

Barn som har fått innvilga gratis kjernetid grunna låg inntekt

9 470

18 225

20 978

26 027

Overslag over barn med rett til gratis kjernetid grunna låg inntekt

16 500

25 000

27 000

33 800

Barn som får søskenmoderasjon

44 732

47 418

46 077

Kjelde: Utdanningsdirektoratet, Kunnskapsdepartementet

Barn med særlege behov

Barn under opplæringspliktig alder som har eit særleg behov for spesialpedagogisk hjelp, har rett til slik hjelp etter § 19 a i barnehagelova. Retten gjeld uavhengig av om barnet går i barnehage eller ikkje. Som vist i Meld. St. 19 (2015–2016) Tid for lek og læring. Bedre innhold i barnehagen er barn med særlege behov ei samansett gruppe. Mange av desse barna har nedsett funksjonsevne, som kan omfatte fysiske funksjonshemmingar, utviklingshemmingar, språk- og talevanskar, åtferdsvanskar og psykiske lidingar.

Delen barn i barnehage som får spesialpedagogisk hjelp etter tidlegare § 5-7 i opplæringslova eller § 19 a i barnehagelova, har auka jamt i dei siste åra. I 2018 fekk 3,2 pst. av barn i barnehage spesialpedagogisk hjelp. Den spesialpedagogiske hjelpa i barnehagen heng ofte saman med utfordringar med språkutvikling og åtferdsvanskar.

Tabell 7.8 Barn i barnehage som får spesialpedagogisk hjelp, 2013–18

2013

2014

2015

2016

2017

2018

Tal

6 959

7 799

7 944

8 290

8 674

8 813

Del i pst.

2,4

2,7

2,8

2,9

3,1

3,2

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Kostnader i og finansiering av barnehagar

Barnehagesektoren består av om lag halvparten kommunale og private barnehagar. Private barnehagar får driftstilskot per heiltidsplass berekna ut frå gjennomsnittlege ordinære driftsutgifter i tilsvarande kommunale barnehagar. Delen barnehageutgifter av dei samla brutto driftsutgiftene til kommunane har vore stabil i dei seinare åra og var i 2018 på 52 mrd. kroner.

Tabell 7.9 Driftsutgifter til barnehage i kommunane, 2013–18

2015

2016

2017

2018

Brutto driftsutgifter til barnehage (mill. kroner)

46 019 622

48 008

49 865

52 309

Del av brutto driftsutgifter til barnehage (pst.)

11,8

11,7

11,5

11,5

Korrigerte 1 brutto driftsutgifter per barn i kommunal barnehage (kroner)

181 763

191 792

200 833

215 212

Løpande nominelle prisar.

1 korrigert for alder og opphaldstid

Kjelde: KOSTRA (Statistisk sentralbyrå)

Det har vore ein auke i dei korrigerte brutto driftsutgiftene per barn i kommunal barnehage på om lag 7 pst. frå 2017 til 2018, der den reelle auken har vore på om lag 4 pst. Større personaltettleik og fleire tilsette med relevant utdanning kan medverke til å forklare realveksten i utgifter. Figur 7.4 viser at det er spreiing mellom dei korrigerte brutto driftsutgiftane per barn i kommunale barnehagar.

Figur 7.4 Ulikskap mellom kommunar, korrigerte driftsutgiftar per barn i kommunal barnehage, 2018

Figur 7.4 Ulikskap mellom kommunar, korrigerte driftsutgiftar per barn i kommunal barnehage, 2018

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Barnehagane er delvis finansierte gjennom foreldrebetaling, men er hovudsakleg finansierte av det offentlege. 86,6 pst. av drifta av dei kommunale barnehagane var i 2018 finansierte av det offentlege. Dette har vore stabilt i dei siste åra.

Tabell 7.10 Finansiering av kommunale barnehagar, 2013–18

2013

2014

2015

2016

2017

2018

Del av driftsmidlar finansierte gjennom foreldrebetaling (i pst. av totale driftsmidlar)

14,1

13,8

14,2

13,7

13,5

13,4

Del av driftsmidlar finansierte av det offentlege (i pst. av totale driftsmidlar)

85,8

86,2

85,7

86,3

86,4

86,6

Kjelde: Statistisk sentralbyrå