Prop. 1 S

(2019–2020)

Kunnskapsdepartementets arbeid med likestilling og mot diskriminering er eit systematisk og langsiktig haldningsarbeid som startar i barnehagen, blir ført vidare i skulen og må ligge til grunn i universiteta og høgskulane og i forskinga. Målet er at alle skal ha like moglegheiter uavhengig av kjønn, seksuell orientering, funksjonsevne, etnisk bakgrunn og religion.

Likestilling

I Granavolden-plattforma seier regjeringa at ho vil styrke rekrutteringa av menn til barnehagane, og at ho vil fremje ein strategi for å bidra til ein meir likestilt utdannings- og arbeidsmarknad. Det er særleg relevant å vurdere tiltak som vil auke rekrutteringa av menn til grunnskule- og barnehagelærarutdanningane. I tillegg er rekruttering av menn til utdanning innanfor helse- og omsorgssektoren relevant. Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet vil i samarbeid prioritere desse innsatsområda i arbeidet med ein jamnare kjønnsbalanse innanfor utdanningsløpa, jf. del I, kap. 3 og omtale av oppmodingsvedtak nr. 800, 7. juni 2016 frå stortingssesjonen 2015–16 om rekruttering av menn til barnehagane.

I Meld. St. 28 (2015–2016) Fag – Fordypning – Forståelse. En fornyelse av Kunnskapsløftet varsla Kunnskapsdepartementet ei fornying av faga i grunnopplæringa. Forslag til nye læreplanar har vore ute på høyring våren 2019, og dei nye læreplanane skal gjelde frå hausten 2020, jf. nærare omtale i programkategori 07.20 Grunnopplæringa. I det tverrfaglege temaet livsmeistring og folkehelse vil aktuelle tema vere verdival, mellommenneskelege relasjonar, seksualitet, å kunne setje grenser og respektere grensene til andre, og å kunne handtere tankar, kjensler og relasjonar.

Ekspertutvalet om kjønnsforskjellar i skuleprestasjonar – Stoltenberg-utvalet – leverte i februar 2019 rapporten NOU 2019: 3 Nye sjanser – bedre læring. Kjønnsforskjeller i skoleprestasjoner og utdanningsløp . Utvalet peikar på at det er tydelege kjønnsforskjellar på alle nivå i utdanningssystemet, og at det er gutane som kjem svakast ut, sjølv om kvinner framleis berre oppnår 86 pst. av den gjennomsnittlege månadslønna til menn. Utvalet meiner at det har oppstått ulike former for utanforskap for ei stor gruppe menn, og at dette har med utdanningsnivået å gjere. Utvalet meiner at kjønnsforskjellane i utdanningssystemet er eit samfunnsproblem som krev politikkutforming og tiltak. Forslaga vil bli følgde opp i meldinga om tidleg innsats og inkluderande fellesskap som blir lagd fram hausten 2019. Sjå også nærare omtale under programkategori 07.20 Grunnopplæringa.

Søkarar til høgare utdanning kan få kjønnspoeng ved opptak til visse studium der det er sterk ubalanse mellom kjønna. Fram til 2018 var det, med unntak for veterinær- og dyrepleiestudiet ved NMBU, berre kvinner som kunne få kjønnspoeng. I 2018 blei forskrift om opptak til høgare utdanning endra, etter den ny likestillings- og diskrimineringslova, slik at det no kan søkast om å bruke kjønnspoeng for begge kjønn. Etter endringa kan institusjonane berre søke om å bruke kjønnspoeng i ein avgrensa periode, og dei må gjere greie for at andre tiltak for betre kjønnsbalanse ikkje har gitt resultat. I 2019 får menn kjønnspoeng ved veterinær- og dyrepleiestudiet ved NMBU, sjukepleie ved Lovisenberg diakonale høgskule og universitetet i Agder, barnevern ved OsloMet og i førstegongsvitnemålskvota på psykologi (profesjon) ved universiteta i Oslo og Bergen. Kvinner får kjønnspoeng ved bachelorstudium i fleire av ingeniørfaga, landbruksstudium ved Høgskolen i Innlandet, visse bachelorstudiar i maritime fag og visse femårige integrerte masterprogram i teknologi og ingeniørfag ved NTNU.

Arbeid mot rasisme, antisemittisme og hatytringar

Rammeplanen for barnehagen seier mellom anna at barnehagen skal motverke diskriminering, fordommar, stereotypiar og rasisme. Barnehagen skal medverke til at kulturelt mangfald blir til glede for heile barnegruppa. Barnehagen skal synleggjere eit mangfald i familieformer og sørge for at alle barn får spegla familien sin i barnehagen.

Demokratisk beredskap mot rasisme og antisemittisme (Dembra) er eit kurstilbod som gir kompetanseutvikling for lærarstudentar, lærarar, skuleleiarar og andre tilsette i skulen. 2 mill. kroner til vidareføring av forskingsbaserte, pedagogiske ressursar om gruppebaserte fordommar (Dembra LU). Desse læringsressursane skal brukast i lærarutdanningane, i etterutdanningane og til skulebasert kompetanseheving. Læringsressursane som blir utvikla, skal dekke områda hatefulle ytringar, antisemittisme, rasisme, diskriminering av minoritetar og udemokratiske haldningar.

Dembra er eit varig tiltak som engasjerer dei nasjonale freds- og menneskerettssentera i arbeidet. Dembra er hittil prøvd ut på 77 skular rundt om i landet. I løpet av få år vil det vere etablert regionale knutepunkt for Dembra-arbeidet over heile landet. Sjå dembra.no for meir informasjon om tilbodet.

Departementet foreslår å auke løyvinga til Dembra med 1,8 mill. kroner til 10,3 mill. kroner i 2020.

  • 1,3 mill. kroner for å introdusere Dembra på barnetrinnet.

  • 7 mill. kroner til satsinga på Dembra for ungdomsskulen og vidaregåande skule, ein auke på 0,5 mill. kroner. Dette skyldast mellom anna at frå og med 2020 vil Narviksenteret gradvis bli innlemma i arbeidet med Dembra.

22. juli-senteret spelar òg ei viktig rolle i arbeidet mot hat, vald og ekstremisme. Senteret formidlar kunnskap om terrorangrepet i Regjeringskvartalet og på Utøya 22. juli 2011 og om oppfølginga i tida etter. Gjennom undervisning som legg vekt på elevmedverknad, skal 22. juli-senteret bidra til å styrke demokratiforståinga til elevane, og bidra til kunnskap om årsaker til og konsekvensar av 22. juli 2011. Senteret er òg medaktør i opplæringstilbodet Demokratilæring på Utøya i samarbeid med Utøya AS, Det Europeiske Wergelandsenteret og Raftostiftelsen.

Likestilling i Kunnskapsdepartementet

Etter likestillingslova § 1a, diskrimineringslova § 3a og diskriminerings- og tilgjengelova § 3 er alle arbeidsgivarar pålagde å arbeide aktivt og målretta for å fremje likestilling og hindre diskriminering (aktivitets- og meldeplikta). Kunnskapsdepartementet skal i Prop. 1 S gjere greie for tilstanden. Meldeplikta gjeld òg for verksemder og institusjonar under Kunnskapsdepartementet. For rapporteringa frå kvar einskild verksemd blir det vist til årsrapportane til verksemdene.

Som arbeidsgivar er Kunnskapsdepartementet pliktig til å arbeide for å betre kjønnslikestillinga og for større mangfald på arbeidsplassen. Det er personalpolitiske mål for Kunnskapsdepartementet å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing, å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn og å legge til rette for personar med nedsett funksjonsevne og hol i CV-en. Departementet skal arbeide systematisk med å gjennomføre inkluderingsdugnaden til regjeringa.

Kunnskapsdepartementet bruker ulike verktøy i rekrutteringsprosessar for å sikre likebehandling av søkarar uavhengig av kjønn, etnisk bakgrunn og funksjonsevne. I tillegg arbeider departementet aktivt for at talet på nytilsette med innvandrarbakgrunn og nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en skal auke. Personal- og leiarhandboka gjer greie for at minst éin av kandidatane frå kategoriane innvandrarbakgrunn og nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en skal kallast inn til intervju dersom dei er kvalifiserte for stillinga. Departementet bruker positiv særbehandling og kan tilsetje kandidatar frå desse kategoriane på det vilkåret at dei er tilnærma like godt kvalifiserte som den best kvalifiserte søkaren. Desse rutinane aukar sjansane for at kandidatar med innvandrarbakgrunn og kandidatar med nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en blir tilsette. Svært få kandidatar kryssar av for nedsett funksjonsevne, og departementet har førebels ikkje tilsett nokon frå denne gruppa. Kunnskapsdepartementet deltek elles i traineeprogrammet i staten for personar med nedsett funksjonsevne og høgare utdanning.

Tabell 8.1 Tilstandsrapport om kjønnsbalanse i Kunnskapsdepartementet

Kjønn

Kvinners lønn i pst. av menns

År

Menn (pst.)

Kvinner (pst.)

Totalt (N)

Toppleiing, ikkje omfatta av Hovudtariffavtalen i staten

Departementsråd, ekspedisjonssjef, kommunikasjonssjef

2018

55,6

44,4

9

90,8

2017

66,7

33,3

9

93,2

Tilsette i Kunnskapsdepartementet omfatta av Hovudtariffavtalen i staten, totalt

2018

33,7

66,3

326

91,6

2017

35,1

64,9

288

92,3

Mellomleiarar

Avdelingsdirektør, direktør

2018

57,5

42,5

40

101,9

2017

53,7

46,3

41

103,0

Sakshandsaming

Fagdirektør, underdirektør, spesialrådgivar, prosjektleiar

2018

41,7

58,3

24

100,7

2017

44,4

55,6

18

94,1

Seniorrådgivar

2018

30,6

69,4

196

99,4

2017

32,9

67,1

173

97,5

Rådgivar

2018

37,8

62,2

45

101,1

2017

36,1

63,9

36

102,2

Førstekonsulent

2018

0,0

100,0

7

2017

20,0

80,0

5

102,5

Administrativt personale

Seniorkonsulent

2018

0,0

100,0

14

2017

0,0

100,0

15

Kjelde: Uttrekk frå SAP per 31. desember 2017 og per 31. desember 2018

Tabell 8.1 gir ei oversikt over kjønnsbalansen i Kunnskapsdepartementet totalt og for dei ulike stillingskategoriane i departementet. Det er ei overvekt av kvinner i departementet når ein ser alle stillingskategoriane under eitt. Per 31. desember 2018 var 65,7 pst. av dei tilsette i departementet kvinner. Dette er ein liten auke samanlikna med 2017.

I stillingskategoriane rådgivar, fagdirektør mv. og avdelingsdirektør har kvinner i gjennomsnitt noko høgare lønn enn menn, medan det motsette er tilfellet for stillingskategoriane seniorrådgivar og i toppleiinga. Det er fleire menn i toppleiarstillingar. Etter omorganisering og endringar i 2018 har delen kvinner i toppleiinga i departementet auka, samstundes som kvinners lønn i pst. av menns i desse stillingskategoriane har gått ned.

I 2018 var det tre lærlingar i Kunnskapsdepartementet: ein mann og to kvinner.

Likestilling i verksemder under Kunnskapsdepartementet

Tabell 8.2 Delen menn og kvinner i ordinære forvaltningsorgan under Kunnskapsdepartementet (2018)

Verksemd

Tilsette

Del menn (pst.)

Del kvinner (pst.)

Kvinners lønn i pst. av menns

Utdanningsdirektoratet

360

38,3

61,7

97,9

Dei samiske vidaregåande skulane, Karasjok og Kautokeino

116

31,0

69,0

96,3

Sørsamisk kunnskapspark (tidlegare Sameskulen for Midt-Noreg)

15

26,7

73,3

86,1 1

Statleg spesialpedagogisk støttesystem (Statped)

721

24,1

75,9

102,0

Noregs grøne fagskule – Vea

33

39,4

60,6

100,4

Sekretariatet for Foreldreutvalet for grunnopplæringa og Foreldreutvalet for barnehagane

77

0,0

100,0

Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT)

143

30,8

69,2

90,7

Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI)

67

50,7

49,3

85,5

Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling (Diku)

123

31,7

68,3

93,5

Direktoratet for IKT og fellestenester i høgare utdanning og forsking (Unit)

186

54,3

45,7

101,0

Statens lånekasse for utdanning

337

45,1

54,9

97,8

Dei nasjonale forskingsetiske komiteane (FEK)

12

41,7

58,3

82,1

Kompetanse Noreg

146

26,0

74,0

98,0

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi)

239

36,0

64,0

97,0

1 Skilnader i lønn mellom kvinner og menn i Sørsamisk kunnskapspark skyldast i stor grad deltidsstillingar og tilsetjingar på dispensasjon.

Kjelde: Tabell 1B Tilsette etter departementsområde inkludert etatar. Talmaterialet baserer seg på lønnsopplysningar som blir innhenta frå a-ordninga. Talmaterialet frå a-ordninga blir overført frå SSB til Kommunal- og moderniseringsdepartementet, som utarbeider talgrunnlag/statistikkrapportar for tilsette i staten (tariffområdet) per 1. oktober 2018

I 7 av 10 forvaltningsorgan under Kunnskapsdepartementet tener menn meir enn kvinner. Forskjellen er størst hos Norsk utanrikspolitisk institutt (85,5 pst.) og Sørsamisk kunnskapspark (86,1 pst.)