Prop. 1 S

(2019–2020)

Svalbardbudsjettet

2.1 Overordna mål

Heilskaplege meldingar til Stortinget om Svalbard blir lagde fram med nokre års mellomrom. Regjeringa la 11. mai 2016 fram Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard. Regjeringa stadfesta i denne meldinga at dei overordna måla for svalbardpolitikken ligg fast:

  • ei konsekvent og fast handheving av suvereniteten

  • overhalde Svalbardtraktaten på korrekt måte og føre kontroll med at traktaten blir etterlevd

  • bevaring av ro og stabilitet i området

  • bevaring av den særeigne villmarksnaturen i området

  • halde oppe norske samfunn på øygruppa

Behandlinga i Stortinget, jf. Innst. 88 S (2016–2017), viste igjen ei brei politisk semje om hovudlinjene i svalbardpolitikken. Regjeringa legg vekt på at forvaltinga av øygruppa er føreseieleg og ber preg av kontinuitet. Å halde fram med ei langsiktig forvalting av Svalbard, i tråd med måla, vil både medverke til tryggleik for folk i Longyearbyen og til stabilitet og ei føreseieleg utvikling i regionen.

2.2 Justis- og beredskaps-departementet sine mål for polarpolitikken

Måla for svalbardpolitikken, den auka aktiviteten på og rundt øygruppa og det at fleire aktørar er til stades, gjer det nødvendig med sterk koordinering og samordning av svalbardpolitikken. Mange departement har roller på Svalbard og er involverte i arbeidet med å nå måla, jf. òg omtala under pkt. 4. Polarområda er viktige politisk, noko som gjer det nødvendig å sjå verksemda til dei enkelte fagetatane i samanheng og i eit breiare perspektiv. Justis- og beredskapsdepartementet er tildelt eit eige ansvar for å koordinere norsk svalbard politikk, og har følgjande mål for politikken i Arktis, utover måla som er fastsette i stortingsmeldinga:

Tabell 2.1 

Mål

  • 1. God samhandling i beredskap og krisehandtering.

  • 2. God samordning og koordinering av norsk polarpolitikk.

  • 3. Vidareutvikle lokalsamfunnet i Longyearbyen.

2.2.1 Justis- og beredskapsdepartementet sitt mål 1: God samhandling i beredskap og krisehandtering

2.2.1.1 Generelt

Regjeringa har som mål at befolkninga skal oppleve stor grad av tryggleik for liv, helse og materielle verdiar. Den geografiske plasseringa til Svalbard, store avstandar og krevjande klima, gir særskilte utfordringar på samfunnstryggleik- og beredskapsområdet. Den lokale beredskapen er ikkje dimensjonert for å handtere større hendingar eller hendingar som skjer samstundes over lang tid. I tilfelle større hendingar er det derfor lagt til rette for tilførsel av ressursar frå fastlandet.

Dersom alvorlege hendingar skjer, er det viktig å ha system for å halde oppe samfunnet si grunnleggjande funksjonsevne. Det er vidare viktig at alle som ferdast på og rundt Svalbard er godt øvde og førebudde på å handtere situasjonar som kan oppstå.

Som politimeister er Sysselmannen leiar for redningsleiinga ved den lokale redningssentralen (LRS) på Svalbard. Redningsleiinga består i tillegg av representantar frå Longyearbyen lokalstyre, Longyearbyen brann og redning, Telenor Svalbard, Universitetssjukehuset i Nord-Noreg avdeling Longyearbyen, Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS, Avinor/Svalbard Lufthamn, Sysselmannens helikopteroperatør og frivillige v/Longyearbyen Røde Kors Hjelpekorps. Faglege rådgivarar kan gi spesialkompetanse under ein redningsaksjon eller under førebuingar/planarbeid, etter organisasjonsplan for redningstenesta.

Å styrkje samhandlinga i beredskap og krisehandtering er eit viktig verkemiddel for å redusere sårbarheita i samfunnet. Øvingar er sentralt i dette arbeidet.

Beredskapen på Svalbard blir vurdert fortløpande, i lys av aktiviteten på øygruppa og endringar i risikobiletet, jf. Innst. 88 S (2016–2017) og Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard.

Sysselmannen har disponert fartøyet «Polarsyssel» i ni månader i året sidan 2016. I samband med Prop. 114 S (2018–2019) om tilleggsløyvingar og omprioriteringar i statsbudsjettet for 2019, vart sesongen M/S «Polarsyssel» seglar utvida frå ni til ti månader i 2019. Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 391 S (2018–2019).

Regjeringa foreslår å auke løyvinga på kap. 480 post 50 med 5 mill. kroner i 2020 for å gjere forlenginga av seglingssesongen til M/S «Polarsyssel» frå ni til ti månader permanent. Midlane vil bli plasserte på svalbardbudsjettet kap. 0006 Sysselmannens transportteneste, post 01 Driftsutgifter.

Regjeringa foreslår å etablere HF-dekning i nordområda, inkludert på og rundt Svalbard. Tiltaket vil styrkje beredskapen og ivareta Noregs redningsansvar. Når dekninga er på plass, vil HRS og kystradiostasjonane kunne ha tovegs- tale kommunikasjon med naudlidande og fleire av redningsressursane i området, noko som er avgjerande for ein effektiv redningsinnsats. På grunn av vekta til HF-radioen vil helikoptra til Sysselmannen ikkje få installert HF-radio no. Arbeidet vil starte opp i 2020. Sjå elles Prop. 1 S (2019–2020) for Justis- og beredskapsdepartementet.

Frå 2018 er det etablert ei vaktordning for anestesilege knytt til helikoteret til Sysselmannen, kombinert med styrking av medisinteknisk utstyr i Longyearbyen. Tiltaket er m.a. ei oppfølging av evalueringa av beredskapen ved skredet i 2015. Sjå pkt. 4.4 og omtale i Prop. 1 S (2017–2018) Svalbardbudsjettet. I tillegg til styrkinga av helse beredskapen på Svalbard, er luftambulansetenesta styrkt ved at ein har fått nye ambulansefly, som også omfattar Svalbard.

Sjå elles dei de respektive postomtalene for nærmare omtale av arbeidet med samhandling i beredskap og krisehandtering.

2.2.1.2 Førebygging og beredskap ved skred og flaum

Klimaendringar har ført til større fare for skred i Longyearbyen. Særleg utsett er bustadområde under fjellet Sukkertoppen og bustader i tilknyting til området langs Vannledningsdalen.

Fleire bygg i Longyearbyen blei i 2016 vurderte å liggje innanfor faresonegrensene for 100-års skred, såkalla raud sone. NVE leia ei breitt samansett ekspertgruppe som i 2018 la fram skredvurderingar. Gruppa vurderte skredfaren i området der skred gjekk i 2015 og 2017 under Sukkertoppen. Farevurderinga viste at skredfaren er vesentleg større enn det kartlegginga frå 2016 synte. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) ferdigstilte første del av sikringstiltak under fjellet Sukker toppen i 2018 til ein kostnad på 32,5 mill. kroner. Fleire bustader under Sukkertoppen let seg ikkje sikre med fysiske tiltak som vollar, skjermar eller liknande.

Norsk klimaservicesenter la i februar 2019 fram klimaprofil for Longyearbyen. I rapporten går det fram at auka nedbør som regn, og auka snø- og bresmelting, vil gi fleire og større flaumar, og snøskred og sørpeskred vil skje oftare.

Sysselmannen på Svalbard, NVE og Longyearbyen lokalstyre samarbeider om korleis flaum- og skredskadar kan førebyggjast på Svalbard. Fram til skredsikringstiltak og nye bustader er på plass, er dei viktigaste tiltaka varsling og evakuering. Sysselmannen, i rolla som politimeister, er den som tek avgjerda om evakuering ved snøskredfare, basert på skredfaglege råd.

NVE har regional snøskredvarsling for regionen Nordenskiöld Land. I tillegg er det lokal varsling for Longyearbyen. Universitetssenteret på Svalbard (UNIS) er samarbeidspartnar for observasjonar.

NVE vil i 2019 vere ferdig med erosjonssikring av Longyearelva. Totalkostnaden er på 25 mill. kroner. NVE har finansiert dette sikringstiltaket innanfor si ordinære løyving på kap. 1820 post 22. Longyearbyen lokalstyre betalar ein distriktsdel på 20 pst.

Regjeringa foreslo i Prop. 1 S (2018–2019) å løyve 45 mill. kroner til ytterlegare skredsikring i Longyearbyen. Stortinget slutta seg til forslaget. Midlane blir brukte til ytterlegare sikringstiltak under fjellet Sukkertoppen. Med bakgrunn i ny kunnskap frå den nemnde klimaprofilen for Longyearbyen, særleg knytt til smelting av permafrost og endring av det aktive laget, var det nødvendig å vurdere prosjektert løysing på ny. Sikringstiltaka under Sukkertoppen er derfor forseinka med eit år og ligg derfor an til å bli ferdig i 2021. NVE jobbar òg med prosjektering av moglege sikrings tiltak i Vannledningsdalen. Sjå elles kap. 0007, post 30 for nærare omtale av løyvingane til skredsikring.

Regjeringa foreslo i Prop. 1 S (2018–2019) å auke løyvinga til Sysselmannen med 300 000 kroner for å sikre større beredskap av lavinehundar i Longyearbyen. Stortinget slutta seg til forslaget. Midlane vart nytta til å gjennomføre ein periode med hospitering på 3 veker med ein lavinehund ekvipasje får fastlandet. Målet var å auke beredskapen på Svalbard ved skred, og å auke vinterkompetansen til ekvipasjane. Ordninga blir ført vidare i 2020.

2.2.2 Justis- og beredskapsdepartementet sitt mål 2: God samordning og koordinering av norsk polarpolitikk

Regjeringa har som mål å ha ein samordna og koordinert svalbardpolitikk. Alle departement har ei rolle i gjennomføring og utforming av svalbardpolitikken. Forvaltinga og administrasjonen av Svalbard har endra seg og er m.a. blitt meir desentralisert. Desentralisering av mynde fører til større behov for koordinering mellom ansvarlege myndigheiter. Auka aktivitet på Svalbard gjer at stadig fleire lover gjeld for øygruppa. Longyearbyen har òg vakse dei siste åra. Dette kjem av auke og meir variasjon i privat næringsdrift og meir omfattande aktivitet i felt, spesielt innan turisme og forsking.

2.2.2.1 Det interdepartementale polarutvalet

Krav til koordineringa av svalbardsaker har blitt meir omfattande. Justis- og beredskapsdepartementet har ansvaret for å koordinere og samordne polarsaker i statsforvaltinga. Det interdepartementale polarutvalet (Polarutvalet) er eit viktig verkemiddel i så høve. Polarutvalet er eit koordinerande og konsultativt organ for sentraladministrasjonen si behandling av polarsaker. Utvalet arbeider etter «Instruks for behandling av polarsaker og for Det interdepartementale polarutvalg (polarutvalgsinstruksen)» fastsett ved kgl. res. 18. oktober 2002. Utvalet skal vere eit særleg rådgivande organ for regjeringa i slike saker. Samstundes gjeld fagdepartementa si avgjerdsmynde og vedkommande fagstatsråd sitt konstitusjonelle ansvar for dei ulike sakene. Utvalet har møte om lag ti gonger i året.

2.2.2.2 Lovgiving

Svalbardlova § 2 slår fast at norsk privatrett og strafferett og norsk lovgiving om rettspleie gjeld for Svalbard, når ikkje anna er fastsett. Andre lover gjeld ikkje for Svalbard, utan når det er fastsett særskilt. Det kan òg bli gitt særskilte forskrifter for Svalbard.

Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard gir ein gjennomgang av status for lovgiving på Svalbard. I meldinga slår ein fast at det rettslege rammeverket for Svalbard skal vere mest mogleg likt fastlandet. Ny lovgiving for fastlandet skal som hovud regel takast i bruk for Svalbard, med mindre særlege forhold talar mot dette, eller det er behov for unntak eller tilpassingar. Lovverket skal gjelde og bli handheva likt for heile øygruppa, med mindre det er behov for overgangsordningar eller andre former for innfasing. Stortinget har slutta seg til desse føringane.

All lovgiving blir likevel ikkje automatisk gjort gjeldande for Svalbard, jf. Svalbardlova § 2 ovanfor. På nokre område er det òg gitt eigne lover eller forskrifter som er spesielt tilpassa forholda på Svalbard. Eksempel på dette er svalbardmiljølova og skattelova for Svalbard. Det kan òg vere nødvendig med andre former for innfasing, m.a. for å gi høve til omstilling for enkelte verksemder. I særskilte tilfelle vil det kunne vurderast unntaksheimlar for visse typar aktivitet. Administrative forhold kan gjere det nødvendig med tilpassingar, for eksempel fordi det ikkje finst motsvarande lokale instansar eller forvaltningsnivå på Svalbard til dei på fastlandet. I tillegg kan det vere føremålstenleg å innføre lover som av praktiske og økonomiske årsaker berre gjeld for Longyearbyen arealplanområde.

2.2.2.3 Arktisk råd

I Arktisk råd samarbeider alle dei arktiske landa på regjeringsnivå. Rådet vart etablert i 1996. Medlemmane deler på å ha formannskapet to år av gangen. Frå 2017 til 2019 har Finland hatt formannskapet. Island skal ha formannskapet frå 2019 til 2021. Utanriksdepartementet har ansvar for å koordinere den norske deltakinga i Arktisk råd med dei ansvarlege sektordepartementa.

2.2.2.4 Forsking og utdanning

Forsking er ein viktig del av nordområdesatsinga for Svalbard generelt og Longyearbyen spesielt. Forskingsverksemda medverkar til å skape eit stabilt, heilårleg samfunn i Longyearbyen og er grunnleggjande for aktiviteten i Ny-Ålesund.

Noregs forskingsråd la våren 2019 fram ein forskingsstrategi for Ny-Ålesund, på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet. Strategien bygger på den overordna strategien for forsking og høgare utdanning på Svalbard som vart lagd fram i mai 2018.

Forskingsstrategien skal bidra til å sikre gode rammer for fagleg utvikling og koordinering av forskingsaktiviteten, for å utnytte potensialet på staden endå betre enn i dag. Strategien skal definere forventningar til kvalitet, samarbeid og deling av resultat og data i Ny-Ålesund.

2.2.3 Justis- og beredskapsdepartementet sitt mål 3: Vidareutvikle lokalsamfunnet i Longyearbyen

Eitt av hovudmåla i svalbardpolitikken er å halde ved lag norske samfunn på Svalbard. Målet vert oppfylt i hovudsak gjennom familiesamfunnet i Longyearbyen og til dels gjennom busetjinga i Ny-Ålesund. Regjeringa vil at Longyearbyen skal vere eit levedyktig lokalsamfunn som er attraktivt for familiar og eit samfunn som medverkar til å oppfylle og understøtte dei overordna måla i svalbardpolitikken.

2.2.3.1 Befolkning, skred og bustadbygging

Nedbemanninga i gruveverksemda til Store Norske Spitsbergen Kulkompani medfører ei stor omstilling for Longyearbyen. Nedbemanninga har samstundes ikkje hatt særleg innverknad på talet på sysselsette og innbyggjartalet i Longyearbyen. Andre næringar er i vekst, til dømes reiseliv. Samansetninga av befolkninga er derimot i endring på fleire vis, med ein større del utlendingar enn tidlegere år.

Longyearbyen er og skal vere eit livskraftig norsk lokalsamfunn og administrasjonssenter. Det er viktig med god balanse mellom talet på norske og utanlandske statsborgarar i dette samfunnet. Det er derfor grunn til å følgje med på utviklinga i Longyearbyen.

Tabell 2.2 Befolkningstal 2011–2019 (Befolkningsregisteret – Svalbard skattekontor)

2011

2012

2013

2014

2015

2016

2017

2018

2019 1

Longyearbyen

2084

2173

2125

2097

2169

2156

2140

2288

2298

1 Per 01.08.2019

For å sikre at Longyearbyen skal vere eit robust norsk familiesamfunn, er det nødvendig å leggje til rette for at folk kjenner seg trygge og at bustadene har ein akseptabel standard. Rammene for ei god samfunnsutvikling som var tilpassa eit gruvesamfunn må justerast. Det er derfor viktig å tilpasse regelverk og rammer etter utfordringar i framtida.

Longyearbyen har hatt mangel på bustader, m.a. på grunn av skredsituasjonen. Bustadmangelen har gjort at ein i nokre tilfelle ikkje har kunna tilsette folk i det offentlege, fordi ein ikkje har bustad å tilby. Situasjonen for offentlege tilsette er no tilfredsstillande, etter at Statsbygg har ført opp 60 nye bustader i bustadfeltet Gruvedalen til sin eigen utleigepool. Dei første 30 bustadene blei innflyttingsklare før jul i 2018. Dei siste blei ferdige i 2019. Bustadene består av 3, 4- og 5-roms leilegheiter. Sjå Prop. 1 S (2018–2019) Svalbardbudsjettet for utfyllande informasjon.

Regjeringa legg til rette for utflytting av fleire statlege arbeidsplassar til Svalbard. Forbrukar rådet etablerte eit kontor og ei ordning for å hospitere med tre til fem medarbeidarar på Svalbard i 2017. Norsk HelseNett SF vil etablere ei eiga eining i Longyearbyen med fem medarbeidarar i 2020. Etableringa har vore forseinka på grunn av bustadmangel.

I samband med Prop 85 S (2017–2018) om tilleggsløyvingar og omprioriteringar i statsbudsjettet for 2018 vart det løyvd 53 mill. kroner til andre bustadtiltak i Longyearbyen. 20 mill. kroner av løyvinga vart nytta til Longyearbyen lokalstyre sitt arbeid med infrastruktur knytt til ovannemnde byggefelt i Lia. Staten v/ Nærings- og fiskeridepartementet nytta 20 mill. kroner av løyvinga til å kjøpe ut bustader i bustadfeltet Lia under Sukkertoppen. 13 mill. kroner av løyvinga er overført til Longyearbyen lokalstyre for å rive bustader i bustadfeltet Lia. Dette gjeld både staten sine bygg og bygg som tilhøyrar lokalstyret.

Regjeringa foreslo i 2018 å auke løyvinga på kap. 0022 Skattekontoret, Svalbard med 0,8 mill. kroner. Stortinget slutta seg til forslaget. Den større løyvinga vil setje skattekontoret betre i stand til å oppdatere befolkningsregisteret, m.a. sett i lys av at befolkninga i Longyearbyen har vakse dei siste åra.

Sysselmannen bad Longyearbyen lokalstyre om ei heilskapleg utgreiing av bustadsituasjonen i Longyearbyen, jf. Prop. 1 S (2018–2019). Lokalstyret sendte rapporten sin til Sysselmannen 4. juli 2019. Dokumentet er ei administrativ utgreiing og vil seinare bli lagt fram for politisk handsaming i lokalstyret.

2.2.3.2 Energiforsyning og annan infrastruktur

Longyearbyen lokalstyre er som eigar av Longyearbyen energiverk ansvarleg for leveranse av varme og elektrisitet i Longyearbyen.

Forsyningstryggleik for energi er grunnleggjande for alle samfunnsfunksjonar. Longyearbyen er ikkje knytt saman med eit større energisystem, og tilgang på energi er kritisk for annan grunnleggjande infrastruktur. Forsyningstrygg leik for energi er derfor spesielt viktig i Longyearbyen.

Energibehovet i Longyearbyen har auka som følgje av auka aktivitet på Svalbard. Kolkraftverket som forsyner Longyearbyen med straum og fjernvarme blei sett i drift i 1983 og begynner å bere preg av den høge alderen. Vedlikehaldskostnader og risiko for avbrot har auka dei seinare åra. Spisslaststasjonen, som har fungert som delvis reserve for kolkraftverket, blei permanent stengd i 2018. Det eksisterande reservekraftverket har ikkje nok kapasitet til å dekke det normale straumforbruket i byen. Ved langvarige utfall av hovudkraftverket kan situasjonen bli prekær.

I 2019 blei det løyvd 19 mill. kronar over Svalbardbudsjettet som statleg tilskot til Longyearbyen lokalstyre for å dekkje om lag halvparten av utgiftene til eit nytt reservekraftverk i Longyearbyen. Det nye reservekraftverket vil medverke til at det blir nok reservekraft i Longyearbyen. Regjeringa foreslår å løyve 8,75 mill. kroner for å dekkje delar av kostnadane for 2020.

Justis- og beredskapsdepartementet har bede Longyearbyen lokalstyre om ei utgreiing om tilstanden for kolkraftverket i Longyearbyen. Lokalstyret sende departementet ei foreløpig utgreiing i mai 2019. Den endelige utgreiinga vil bli sendt departementet innan utgangen av 2019.

I samband med behandlinga av Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard, bad Stortinget regjeringa om å setje i gang ei brei utgreiing av moglegheitene for framtidig energiforsyning på Svalbard, basert på berekraftige og fornybare løysingar, jf. Innst. 88 S (2016–2017). Olje- og energidepartementet har fått ansvar for denne utgreiinga. Som ein del av dette arbeidet blei ei ekstern utgreiing lagd fram 5. juli 2018. Den eksterne utgreiinga var konsentrert om realistiske alternativ, innanfor det tidsperspektivet som dagens energiløysing legg for gjennomføring. I november 2018 heldt Olje- og energidepartementet eit ope innspelsmøte om utgreiinga. På innspelsmøtet kom det òg inn nye forslag til framtidig energifor syning på Svalbard.

Olje- og energidepartementet kartlegg no dei ulike alternativa for framtidig energiforsyning. Dette arbeidet vil bli følgt opp med grundigare vurderingar av samfunnsøkonomiske nytte- og kostnadsverknader for eit mindre utval alternativ. Andre alternativ eller kombinasjonar av løysingar for framtidig energiforsyning på Svalbard vil òg kunne bli undersøkte. Regjeringa legg til grunn at den framtidige energiforsyninga må vere sikker, berekraftig og kostnadseffektiv. Utgreiinga må bli sett i samanheng med utviklinga i tilstanden til den noverande energiforsyninga og andre aktuelle infrastrukturtiltak på Svalbard som kan påverke lønnsemda til nye alternative energiløysingar. For eit lite samfunn som Longyearbyen er det viktig at ein finn ei god felles løysing for energiforsyninga slik at energikostnadene ikkje blir høgare en nødvendig. Kunnskap om dei lokale forholda på Svalbard er viktig. Lokalstyret vil bli involvert i det vidare arbeidet.

Drift og vedlikehald av infrastruktur i Arktis er spesielt krevjande. Infrastrukturen i Longyearbyen er i stor grad frå 1970-talet. Ein ser i aukande grad eit behov for å oppgradere til det som er vanleg standard på fastlandet. Dette gjeld både vegar, bustader, røyrframføringar og liknande. Middeltemperaturen og nedbørmengda på Svalbard har auka. Varmare klima medfører at meir av nedbøren kjem som regn og ikkje som snø. Auka temperatur i permafrosten fører til eit djupare aktivt lag, meir ustabil grunn under bygningar og i skråningar, auka potensiale for erosjon og stor massetransport i elvane. Dette skaper utfordringar for infrastrukturen.

2.2.3.3 Endringar i Svalbardlova jf. ny kommunelov

Regjeringa la 20. desember 2018 fram Prop. 43 L (2018–2019) Endringar i Svalbardloven m.m. (tilpasning til ny kommunelov). Stortinget slutta seg til forslaga, jf. Innst. 211 L (2018–2019). Endringane blei gjort for å tilpasse Svalbardlova til ny kommunelov.

Endringane tek for ein del til å gjelde frå og med det konstituerande møtet i lokalstyret ved oppstart av valperioden 2019–2023, og for ein annan del 1. januar 2020. Endringslova byggjer på ny kommunelov (lov 22. juni 2018 nr. 83). Endringane fører i stor grad vidare reglar som gjeld i dag, der Svalbardlova tek opp i seg og viser til kapitla i kommunelova. Forskrifta om saksbehandling og rettar og plikter for dei folkevalde i Longyearbyen lokalstyre vil bli oppheva, og ein visar i staden til dei tilsvarande reglane om dette i kommunelova. Formålsparagrafen og nokre andre basisreglar i Svalbardlova §§ 29-34 blir vidareført som i dag med enkelte justeringar.

2.2.3.4 Reiseliv

Reiseliv er den største næringa på Svalbard. Svalbard reiselivråd har om lag 70 medlemsbedrifter som til saman sysselset om lag 600 årsverk. Talet på gjestedøgn held fram med å auke. Veksten var monaleg i åra 2012–2016, men har flata noko ut dei siste åra, jf. tabell under. Frå 2017 til 2018 har det vore ein auke i talet på gjestedøgn på 7,7 pst. Talet på kommersielle gjestedøgn i Longyearbyen i 2018 var 156 200.

Tabell 2.3 Gjestedøgn i Longyearbyen pr. år

2012

2013

2014

2015

2016

2017

2018

Gjestedøgn

84 000

107 000

119 000

131 000

142 000

147 600

156 200

Kjelde:  Visit Svalbard AS , innhenta frå kommersielle, statistikkpliktige overnattingsbedrifter i Longyearbyen, inkl. camping

Regjeringa har peika på reiselivet som ei av dei næringane ein ønskjer å leggje til rette for i omstillingsprosessen for Longyearbyen. Regjeringa vil bidra til at reiselivsnæringa har gode og føreseielege rammetilhøve, for å sikre berekraftig utvikling i næringa som bidrar til ei stabil norsk busetjing på Svalbard. Det er viktig å syte for at veksten i næringa skjer i tråd med dei føresetnadene som er lagd til grunn i Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard.

Samstundes som det har vore ei god utvikling i denne næringa, har utviklinga også ført til auka cruisetrafikk på øygruppa og press på den sårbare villmarksnaturen. Nye område har blitt tilgjengelege i stadig større delar av året som følgje av mindre sjøis. 27 oversjøiske cruiseskip hadde anløp i Longyearbyen i 2018. Skipa hadde i underkant av 46 000 cruisepassasjerar, ein auke på 1 600 passasjerar sidan 2017. Det er venta at talet på redningsaksjonar vil auke i takt med vekst i turismen, fiskeri og generelt meir aktivitet i farvatna rundt Svalbard.

Utviklinga skapar òg utfordringar for tryggleik og beredskap, og har ført til endringar i lokalsamfunnet i Longyearbyen. Det er viktig at utviklinga i reiselivet støtter opp om dei overordna måla i svalbardpolitikken. Det er difor naturleg at sentrale styresmakter følgjer med på utviklinga, og ser nærare på moglege tiltak for å dreie utviklinga og vurderer dei utfordringane kring beredskap og tryggleik som oppstår ved auka aktivitet på Svalbard. Dette inneber å vurdere om det er behov for ytterlegare førebyggjande tiltak.

Veksten i reiselivsnæringa på Svalbard og i nordområda vil utfordre helseberedskapen. Cruisetrafikken til Svalbard inneber at det til tider er langt fleire menneske på Svalbard og områda rundt enn det helseberedskapen, inkludert evakueringskapasiteten, er dimensjonert for. Det same gjeld store grupper som deltek i risikoutsette reiselivsopplevingar som større skuterturar og ekspedisjonar på store opne hurtiggåande båtar. I høgsesongen skjer desse aktivitetane samtidig, noko som aukar risikoen for fleire ulykker på same tid.

2.2.3.5 Hamn

Skipstrafikken rundt Svalbard består hovudsakleg av cruise- og godstrafikk, forskingsrelatert skipsfart og noko trafikk knytt til fiskeriaktivitet. Trafikken har auka dei siste åra. Hamneanlegga i Longyearbyen har mindre kapasitet enn behovet.

Kystverket leverte i 2016 ei utgreiing om ny hamneinfrastruktur i Longyearbyen. Regjeringa legg gjennom Meld. St. 33 (2016–2017) Nasjonal transportplan 2018–2029 opp til å setje av 300 mill. 2017-kroner til utbetring av hamneinfrastrukturen i Longyearbyen. Prosjektet er planlagt i første del av planperioden.