Forslaget til budsjettramme for svalbardbudsjettet for 2020 er på 556,3 mill. kroner samanlikna med 533,7 mill. kroner i vedteke budsjett for 2019. Dette er ein auke på 22,6 mill. kroner, dvs. ein auke på 4,2 pst.

Underskotet på svalbardbudsjettet for 2020 er stipulert til 375,8 mill. kroner og blir dekt inn gjennom eit tilskot på Justis- og beredskapsdepartementet sitt kap. 480 post 50 Tilskot. Tilskotet til svalbardbudsjettet i saldert budsjett for 2019 var 360,5 mill. kroner. I samband med revidert nasjonalbudsjett 2019 (Prop. 114 S (2018–2019)) om tilleggsløyvingar og omprioriteringar i statsbudsjettet vart tilskotet auka med 6 mill. kroner til 366,5 mill. kroner. For å oppnå balanse i svalbardbudsjettet er tilskotet på kap. 480 post 50 auka med 15,3 mill. kroner i 2020 samanlikna med saldert budsjett for 2019. Storleiken på tilskotet har variert frå år til år og er blitt auka ved ekstraordinære tilskotsbehov.

Bortsett frå statstilskotet er skattar og avgifter frå Svalbard den største inntektsposten, jf. omtala på kap. 3030. Skatteinntektene for 2020 er budsjetterte til 176,7 mill. kroner. Anslaget for 2019 var på 169,6 mill. kroner. Auken i anslag for skatteinntekter er på 7,1 mill. kroner, som er ein auke på 4,2 pst. frå 2019. Inntekta frå skattar og avgifter utgjer 31,8 pst. av dei samla inntektene på svalbardbudsjettet.

Ei oversikt over inntekter og utgifter og ei oversikt over utgiftene fordelte på postnivå, er gitt i pkt. 5 nedanfor. I del II er det ein nærmare omtale av dei enkelte budsjettkapitla.