Prop. 1 S

(2019–2020)

Svalbardbudsjettet

For 2020 er det foreslått løyvd netto 1 166 mill. kroner over statsbudsjettet til svalbardformål. Dette talet omfattar tilskotet til svalbardbudsjettet over Justis- og beredskapsdepartementets kap. 480 og utgiftene til Svalbard som blir dekte over budsjetta til dei andre departementa, jf. vedlegg 1. Inntektene frå Svalbard som går inn på budsjetta til dei andre departementa, er trekte frå, jf. vedlegg 2. Tilsvarande tal i 2019 var 1 329,4 mill. kroner.

4.1 Arbeids- og sosialdepartementet

4.1.1 Helse, miljø og tryggleik

Arbeids- og sosialdepartementet har på arbeidsmiljø- og tryggleiksområdet m.a. ansvaret for forvaltinga av arbeidsmiljølova med tilhøyrande helse-, miljø- og sikkerheitsforskrifter, og etats styringsansvaret for Arbeidstilsynet.

Arbeidstilsynet skal arbeide for eit seriøst, trygt og fleksibelt arbeidsliv, m.a. ved å følgje opp at verksemdene tek vare på arbeidsgivaransvaret sitt og arbeider systematisk for forsvarlege arbeidsmiljøforhold. Arbeidstilsynet følgjer opp verksemder i Longyearbyen, Barentsburg og Ny-Ålesund, der sysselsetjing av norske og utanlandske arbeidstakarar er underlagd lover og forskrifter som gjeld på Svalbard. Aktivitetane til etaten blir gjort gjeldande på same måte som for verksemder på fastlandet, men blir tilpassa verksemdene på Svalbard. Arbeidstilsynet har i stor grad retta aktiviteten sin mot gruvedrift. Etaten har vidare følgt opp offentlege verksemder og private vekstnæringar, slik at innsatsen er tilpassa næringsstrukturen og nye vekstnæringar på Svalbard. Reiselivet er i endring, og kva for aktørar bransjen er sett saman av har òg endra seg. Arbeidstilsynet har derfor intensivert innsatsen knytt til rettleiing og tilsyn for denne bransjen frå 2019. Arbeidstilsynet, Sysselmannen og Skatteetaten arrangerte eit rettleiingsseminar for bransjen i april 2019, der også arbeids- og sosialministeren var til stades. Den samla oppfølginga vil bli vidareført i 2020.

4.2 Barne- og familiedepartementet

4.2.1 Barnevernet

Forskrift av 1. september 1995 nr. 772 om lov om barneverntenesta på Svalbard regulerer fordelinga av ansvar og dekning av utgifter til barneverntiltak for barn og unge som oppheld seg på Svalbard. Barneverntenesta sine oppgåver etter barnevernlova blir utførte av Sysselmannen, med mindre oppgåvene er delegerte til representativt folkevald organ, jf. § 3 i forskrifta. Barnevern tenesta sine oppgåver etter barnevernlova for Longyearbyen planområde blir utførte av Longyearbyen lokalstyre for Longyearbyen planområde, jf. delegasjonsvedtak frå departementet av 21. desember 2001. Statleg regional barnevern styresmakt ved region nord har ansvaret for å yte tenester til barn i samsvar med lova § 8-2. Fylkesmannen i Troms skal føre tilsyn med barnevern tenesta på Svalbard og elles utføre dei oppgåvene som følgjer av barnevernlova § 2-3 tredje ledd. Staten gir refusjon for dekning av utgifter til barneverntiltak som vert sette i verk på fastlandet, då barn på Svalbard ikkje kan plasserast utanfor heimen på Svalbard. Barn med institusjons- eller fosterheimstiltak blir plasserte på fastlandet. Lokalstyret må betale Bufetat for opphaldet, men får opphaldsutgiftene refunderte av Fylkesmannen i Troms.

Utgiftene til refusjon for barnevernutgifter for Svalbard er i 2020 rekna til 2,1 mill. kroner på kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet, post 21 Spesielle driftsutgifter.

Barnetrygd blir utbetalt til personar som oppheld seg på Svalbard og som er medlem av folketrygda, jf. barnetrygdlova og folketrygdlova §§ 2-3. I 2020 er det venta at utgifter til barnetrygd for barn busette på Svalbard vil utgjere om lag 5,7 mill. kroner på kap. 845 Barnetrygd, post 70 Tilskot.

4.2.2 Kontantstønad

Kontantstøttelova gjeld for personar busette på Svalbard og som er medlem i folketrygda. Det er i 2020 venta 0,6 mill. kroner i utgifter til kontantstønad på kap. 844 Kontantstøtte, post 70 Tilskot, for barn busette på Svalbard.

4.3 Finansdepartementet

4.3.1 Skatt

Det er ei eiga skattelov for Svalbard, jf. lov 29. november 1996 nr. 68 om skatt til Svalbard (svalbardskattelova). Svalbardskattelova gjer Svalbard skatteteknisk til eit eige skatteområde. På Svalbard gjeld to former for skattlegging; løns trekk og ordinær skattlegging. Etter ordninga med lønstrekk, skal arbeidsgivaren halde tilbake ein prosentvis del av brutto løn og pensjon som endeleg skatteoppgjer. Anna inntekt enn løn og pensjon vert skattlagd på ordinært vis, etter mange av dei same reglane som gjeld på fastlandet, men med lågare satsar. På Svalbard blir løn og pensjon skattlagd etter ein sats på 8 pst. opp til 12G, og med 22 pst. for inntekt over 12G. I tillegg kjem trygdeavgift for tilsette som er medlem av den norske folketrygda. Anna inntekt som til dømes kapital- og næringsinntekt, vert som utgangspunkt skattlagd med 16 pst. Det er viktig at skattesystemet på Svalbard er tilpassa forholda på øygruppa og byggjer på løysingar som sikrar konkurransedyktige rammevilkår.

Selskap med monaleg overskot som ikkje er avkastning av aktivitet eller investering på Svalbard, blir skattlagde etter same skattesats som gjeld på det norske fastlandet (22 pst.) for slike overskot. Formålet er m.a. å hindre at det gunstige skattenivået på Svalbard vert utnytta for å spare skatt på avkastning av investeringar som er gjorde utanfor Svalbard, og som ikkje gir aktivitet og sysselsetjing på øygruppa.

4.3.2 Svalbard skattekontor

Løyvingane til skattekontoret går over svalbardbudsjettet, sjå omtale på kap. 0022 Skattekontoret, Svalbard.

Svalbard skattekontor har m.a. følgjande oppgåver:

  • Fastsetje skatt etter svalbardskattelova.

  • Administrere register over befolkninga på Svalbard, jf. forskrift av 4. februar 1994 nr. 111.

  • Refusjon til fastbuande av innbetalt avgift til Svalbards miljøvernfond, sjå omtale i pkt. 4.4.3.

  • Rekne ut kolavgift etter lov 17. juli 1925 nr. 2 om avgift av kol, jordoljer og andre mineral og berg arter som blir førte ut frå Svalbard.

Regjeringa foreslo i Prop. 1 S (2018–2019) å auke løyvinga til Svalbard skattekontor med 835 000 kroner øyremerka til ei ny stilling på skattekontoret på Svalbard. Styrkinga vil gjere skattekontoret i betre stand til å oppdatere folke registeret, m.a. sett i lys av at befolkninga i Longyearbyen har vakse dei siste åra.

4.3.3 Statistisk sentralbyrå

God statistikk er viktig for å kunne gi regjeringa tilstrekkeleg oversikt over den raske utviklinga på Svalbard. Statistisk sentralbyrå (SSB) har ansvar for statistikk på Svalbard, og har etablert tidsseriar som jamleg vert oppdaterte for befolknings- og næringsutvikling. I tillegg er Svalbard dekt som eigen region i ei rekkje regionalfordelte statistikkar. Statistikkane som dekker Svalbard er samla under eit eige emne på ssb.no (https://www.ssb.no/svalbard), og brukarane får tilgang til eit breitt spekter av statistikk om svalbardsamfunnet frå denne sida. SSB leiar statistikkarbeidet gjennom rådgivande utval for svalbardstatistikk.

4.4 Helse- og omsorgsdepartementet

4.4.1 Sjukehus

Helse Nord RHF og Universitetssjukehuset i Nord-Noreg HF har ansvar for helsetenestene og helseberedskapen på Svalbard. Helse Nord får løyving over statsbudsjettet kap. 732, post 75. Dette inneber at Universitetssjukehuset Nord-Noreg HF ved Longyearbyen sjukehus skal syte for nødvendige helsetenester i Longyearbyen og Ny-Ålesund. Det vert òg ytt akuttmedisinske tenester til andre som er på øygruppa og havområda omkring. Det same gjeld vern mot smittsame sjukdommar. I Barentsburg er det eiga helseteneste. Longyearbyen sjukehus kan hjelpe til ved behov.

Longyearbyen sjukehus har akuttberedskap 24 timar i døgnet for akutte skadar og sjukdomar som krev observasjon, diagnostikk og behandling. I tillegg blir det utført poliklinisk utgreiing og behandling og enkelte små og mellomstore kirurgiske inngrep. Sjukehuset har sju senger for innlegging og observasjon. Innleggingar blir vanlegvis avgrensa frå nokre timar eller dagar til ei veke, slik at situasjonen anten blir avklart for utskriving eller at pasienten må overførast til sjukehus eller anna medisinsk tilbod på fastlandet.

Longyearbyen sjukehus yter òg nokre tenester som på fastlandet er tillagd primærhelsetenesta, mellom anna allmennlegeteneste, jordmor- og helse søsterteneste, fysioterapiteneste og smittevern. Sjukehuset har òg tannlegeteneste. Sjukehuset kan gjennom avtale med verksemder tilby bedriftshelseteneste. Det vert arbeidd med å opprette ei stilling for psykolog ved Longyearbyen sjukehus.

Svalbard er ikkje eit livsløpssamfunn. Det inneber mellom anna at Longyearbyen sjukehus ikkje har pleie- og omsorgsfunksjonar eller andre tenester innan den kommunale omsorgstenesta. Dei som har behov for slike tenester, vil få desse i heimkommunen sin på fastlandet.

Det akuttmedisinske tilbodet på Svalbard består av medisinsk naudmeldeteneste, akutt hjelp, ambulanseteneste, bemanning med helsepersonell på Sysselmannens redningshelikopter og flyambulanse til fastlandet ved behov. Longyearbyen sjukehus har samarbeid med Universitetssjukehuset Nord-Noreg HF om mellom anna videobasert akuttmedisinsk konferanse (VAKE), som gjer det mogleg med medisinsk konsultasjon og bistand.

Styrkt helseberedskap

Universitetssjukehuset Nord-Noreg og Helse Nord RHF har gjort vurderingar for å styrkje beredskapen på Svalbard i etterkant av skredulykka i 2015 og snøskuterulykka i 2017.

Frå februar 2018 er det etablert vaktordning for anestesilege knytt til Sysselmannens helikopter, kombinert med at det blei plassert meir medisinteknisk utstyr i Longyearbyen. Kostnadene ved den auka beredskapen er utrekna til 16 mill. kroner årleg. I tillegg til styrkinga av helseberedskapen er Luftambulansetenesta styrkt gjennom anskaffing av nye ambulansefly, som også omfattar Svalbard.

Norsk Helsenett SF vil etablere ei eiga eining i Longyearbyen med fem medarbeidarar i andre kvartal 2020 om dei får tildelt bustad i tråd med bestilling til Statsbyggs bustadpool, jf. omtale under pkt. 2.2.3 og omtale i Prop. 1 S (2017–2018) Svalbardbudsjettet.

4.5 Klima- og miljødepartementet

Regjeringa har som eitt av dei overordna måla for svalbardpolitikken å ta vare på den særeigne villmarksnaturen på Svalbard. Dei spesifikke miljømåla for Svalbard går fram av Innst. 88 S (2016–2017) og Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard. Der er det slått fast at innanfor dei rammene traktats- og suverenitetsmessige omsyn set, skal miljø omsyn vege tyngst ved konflikt mellom miljøvern og andre interesser. Klima- og miljødepartementet har i Prop. 1 S (2019–2020) følgjande mål for miljøpolitikken på Svalbard:

  • Omfanget av villmarksprega område skal haldast ved lag, og naturmangfaldet skal òg bevarast tilnærma upåverka av lokal aktivitet.

  • Dei 100 viktigaste kulturminna og kulturmiljøa på Svalbard skal sikrast gjennom ei føreseieleg og langsiktig forvaltning.

Svalbardmiljølova med forskrifter er det viktigaste verkemiddelet for å nå miljømåla på Svalbard. Miljøregelverket og miljømåla set rammer for all verksemd.

4.5.1 Miljøforvaltninga på Svalbard

Klima- og miljødepartementet, Miljødirektoratet, Riksantikvaren og Sysselmannen på Svalbard er miljøvernmyndigheitene på Svalbard. Sysselmannen på Svalbard er lokal miljøvernstyresmakt. Klima- og miljødepartementet har det faglege styringsansvaret for Sysselmannens miljøvernoppgåver. Norsk Polarinstitutt er fagleg rådgivar for forvaltninga i polare spørsmål. Longyearbyen lokalstyre har fått delegert kompetanse etter svalbardmiljølova på nokre avgrensa område for Longyearbyen arealplanområde.

Utfordringar og resultat

Miljøvernarbeidet på Svalbard skal i 2020 ha fokus på å beskytte villmarksområda på Svalbard, naturverdiar og kulturminne i ein situasjon med raske endringar i klimaet, auka ferdsel og turisme. Forvaltninga vil sjå til at ferdsel og anna lokal verksemd skjer innanfor rammer som sikrar at den samla miljøbelastninga ikkje blir for stor.

Raske klimaendringar og eit aukande reiseliv er store utfordringar for miljøvernet og lokalsamfunna på Svalbard. Rapporten «Climate in Svalbard 2100 bereknar klimaendringane på Svalbard fram mot år 2100», for å gje eit kunnskapsgrunnlag for klimatilpassing. Rapporten viser at årstemperatur og årsnedbør vil auke kraftig. Det vil bli fleire hendingar med kraftig nedbør, oppvarming av permafrosten og auka førekomst av skred.

Verneområda på Svalbard dekker omlag 65 pst. av landarealet. Forvaltningsplanane er eit verktøy for å balansere bruks- og verneinteressene slik at ein tek vare på verneverdiane og aukar forståinga for Svalbard sine unike miljøkvalitetar. Samstundes skal dei medverke til lokal verdiskaping og gode opplevingar for dei tilreisande.

Klimaendringane gjer mindre fjordis på vestkysten av Svalbard. Fjordområde med beskyttande brefrontar som framleis har stabil fjordis vinterstid, slik som Van Mijenfjorden, blir derfor stadig viktigare for isavhengige artar som ringsel og isbjørn. Samstundes blir desse områda meir attraktive for m.a. reiselivet. Fleire isbjørn i Van Mijenfjorden har ført til auka besøkstal.

Framande artar er ein miljøtrussel også i Arktis og på Svalbard. Fleire nye artar kjem på naturleg vis med havstraumane og kan etablere seg som følgje av varmare hav og generelt varmare klima. Andre artar blir introduserte gjennom menneskeleg aktivitet.

Klimaendringane gjer kulturminna meir ut sette enn tidlegare på grunn av auka erosjon, auka fare for flaum og skred og fordi grunnen tiner. Mindre permafrost inneber at mange bygg får skadar. Auka ferdsel er òg ei utfordring for kultur minna.

I lokalsamfunna på Svalbard er grunnforureining ei utfordring der lokale utslepp påverkar miljøet i større grad enn det ein har trudd tidlegare. Marin forsøpling og mikroplast i havet og på strendene rundt Svalbard er identifisert som eit aukande problem. Mellom anna kan det føre til alvorlege skader på dyr.

Tiltak

Oppfølging av oppryddingsarbeidet etter av vik linga av gruveaktivitetane i Svea og Lunckefjell var ei omfattande og viktig oppgåve for miljø forvaltninga på Svalbard i 2019 og blir det òg framover. Det vart i 2018 tilført to nye stillingar til Syssel mannen for å følgje opp arbeidet med oppryddinga og andre miljøsaker på Svalbard.

Hovudprioriteringane for miljøvernarbeidet på Svalbard i 2020 er å framleis følgje opp det omfattande og komplekse arbeidet med opprydding etter koldrifta i Lunckefjell og Svea. Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS har utarbeidd planar for dette. Miljøvernmyndigheitene vil følgje opp reglar om opprydding i svalbardmiljølova og om opprydding i dei løyva som er gitt av miljømyndigheitene.

Vidare er arbeidet med forvaltingsplanar for verneområda prioritert. Kulturminne som er godt skildra i forvaltningsplanane, vil oppnå ein betre beskyttelse enn kulturminne utanfor verneområda. I 2019 melde Sysselmannen oppstart av arbeidet med heilskapleg forvaltingsplan for Isfjordområdet og oppstart av arbeidet med verneplan for Van Mijenfjorden og Adventdalen. Sysselmannen innførte i 2018 og 2019 mellombels ferdselsforbod i delar av fjordområda på vestkysten for å skjerme sel og isbjørn i sårbare periodar. Søknadar om næringshytter for reiselivet i dette området har òg vorte avslått på grunn av behovet for å unngå auka ferdsel av omsyn til dyrelivet. Forvaltningsplan for Nordvest-Spitsbergen, Forlandet og Sør-Spitsbergen nasjonalparkar blei ferdigstilt i 2019.

Sysselmannen har følgd opp handlingsplanen for framande artar gjennom fleire tiltak. Sysselmannen har òg delteke i arbeidet med ein tiltaksplan for å kjempe mot skadelege framande organismar i regi av Miljødirektoratet.

Arbeid knytt til forureining, avløp og avfall både på regelverksida og ved konkret tiltak i felt vil bli følgt opp. Eit forslag til nytt forureinings regelverk er sendt på høyring. Vidare arbeider miljøforvaltinga med å vurdere løysingar for reinsing av avløp frå lokalsamfunna med særleg vekt på Adventfjorden. I regi av Sysselmannen blei det også i 2018 arrangert strandryddingstokt, og rydda 85 kubikkmeter strandsøppel.

Naturverdiar og kulturminne som ligg nær lokalsamfunna er viktige for reiselivet og lokalbefolkninga og må sikrast. Nokre kulturminne er solide tekniske konstruksjonar etter gruveverksemd, mens andre er skjøre og lause gjenstandar og leivningar som er utsette for ulovleg tråkk og plukk. Miljøstyresmaktene er i nær dialog med lokale aktørar om dette. Prioriterte kulturminne skal sikrast med utgangspunkt i Kulturminneplan for Svalbard 2013–2023.

Miljøforvaltinga vil halde fram arbeidet med å ta vare på det biologiske mangfaldet, m.a. gjennom oppfølging av strategiar som er utarbeidde. Eksempel på dette er handlingsplanen mot framande artar og handlingplan for raudlista artar i Colesdalen.

Klimaendringane fører til auka fare for flaum og skred. Ei viktig oppgåve framover blir derfor å sjå til at areal- og samfunnsplanlegging tek omsyn til klimaendringane og til natur- og kulturminne innanfor planområdet. Den strenge praksisen når det gjeld løyve og vilkår for verksemd som med fører inngrep utanfor dei eksisterande busetjings- og gruveområda, vil bli vidareført.

4.5.2 Svalbard miljøvernfond

Svalbard miljøvernfond gir tilskot til tiltak for å beskytte naturmiljø og kulturminne på Svalbard, i samsvar med svalbardmiljølova, forskrift om tilskot frå svalbard miljøvernfond og vedtekta til fondet. Fondet får i hovudsak inntekter frå ei miljøavgift på 150 kroner for reisande til Svalbard, jf. forskrift om miljøavgift for tilreisande til Svalbard. Sysselmannen er sekretariat for fondet. Vedtak om tildelingar blir fatta av eit styre oppnemnt av Klima- og miljødepartementet. Midlane blir nytta til skjøtsel, vedlikehald og gransking av kulturminne, informasjons- og opplæringstiltak og prosjekt med formål å undersøkje eller gjenreise miljø tilstanden. Fondet skal ikkje brukast til å dekke forvaltninga sine ordinære administrative utgifter, oppgåver eller drift.

I 2018 vart det tildelt 24,4 mill. kroner over fondet. Oversikt over tildelingar er å finne på nettsidene til Sysselmannen.

4.5.3 Norsk Polarinstitutt

Norsk Polarinstitutt er underlagd Klima- og miljødepartementet. Norsk Polarinstitutt er fagleg rådgivar for den sentrale forvaltninga, miljødirektorata og Sysselmannen i polarspørsmål. Instituttet har ei omfattande verksemd på Svalbard, med mellom anna forsking, miljøovervaking, topografisk og geologisk kartlegging, forskingsservice, drift av infrastruktur for forskinga, oppdrag knytte til ettersyn av fyr, miljøretta kunnskapsformidling og informasjon.

Norsk Polarinstitutt tek vare på den norske vertskapsrolla i Ny-Ålesund og har ansvar for å implementere og følgje opp forskingsstrategien for Ny-Ålesund. Vidare skal Norsk Polarinstitutt vere kontaktpunkt i Ny-Ålesund for forskinga og aktivitet knytt til forskinga, jf. Overordna strategi for forsking og høgare utdanning på Svalbard. Sjå òg omtale i Prop. 1 S (2019–2020) for Klima og miljødepartementet for ytterlegare informasjon om Norsk Polarinstitutt.

For 2020 er om lag 127,2 mill. kroner av den foreslåtte løyvinga til Norsk Polarinstitutt på Klima- og miljø departementets kap. 1471 Norsk Polarinstitutt, relatert til Svalbard, jf. vedlegg I. I tillegg kjem tilskotet frå svalbardbudsjettet, jf. omtale av kap. 0017.

4.5.4 Kings Bay AS og Ny-Ålesund

Svalbardmeldinga (Meld. St. 32 (2015–2016)) Svalbard) slår fast at Ny-Ålesund skal vere ein plattform for internasjonalt forskingssamarbeid i verdsklasse, der Noreg har ei tydeleg vertskapsrolle med fagleg tyngde og leiarskap på relevante område. Regjeringa har fastsett ein overordna strategi for forsking og høgare utdanning på Svalbard, og ein eigen forskingsstrategi for Ny-Ålesund er utarbeidd av Noregs forskingsråd. Fors kingsstrategien for Ny-Ålesund gir klare føringar for forskingsverksemda i Ny-Ålesund for å få auka kvalitet, meir samarbeid og deling av ressursane på tvers av institusjonar og nasjonalitetar. Samtidig legg strategien føringar for bruk og utviklinga av bygningsmassen på staden.

Kings Bay AS eig grunnen og dei fleste bygningane i Ny-Ålesund, og har ansvar for drift og utvikling av infrastruktur på staden. Selskapet er 100 pst. eigd av staten, og Klima- og miljødepartementet utøver statens eigarinteresser. Grunnen til den statlege eigarskapen er å syte for drift, vedlikehald og utvikling av infrastrukturen i Ny- Ålesund, slik at staden er ein norsk plattform for internasjonalt naturvitskapleg forskingssamarbeid i verdsklasse. Eigarskapen medverkar også til å halde ved lag norske samfunn på øygruppa. Målet med den statlege eigarskapen er å syte for mest mogleg effektiv drift, vedlikehald og utvikling av Kings Bay AS sin eigedom, bygningsmasse og infrastruktur. Selskapet sitt driftskonsept er å leige ut fasilitetar til forskarar og tilby kost og losji i tillegg til ei rekkje andre tenester under opp haldet. Rundt 20 institusjonar har kvart år forskingsprosjekt i Ny-Ålesund.

I 2020 blir arbeidet med istandsettinga av administrasjons- og servicebygget i Ny-Ålesund ei viktig oppgåve for selskapet. Det er i åra 2018–2019 til saman løyvd 37 mill. kroner til prosjektet. I tillegg er vidareutvikling og tilrettelegging av selskapets bygningsmasse og infrastruktur i samsvar med forskingsstrategien ei viktig oppgåve for selskapet. For å oppfylle måla i Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard, foreslår Regjeringa å styrke drifts- og investeringstilskotet til Kings Bay AS med 12 millionar kroner i 2020. Arbeidet skjer i nært samarbeid med Norsk Polarinstitutt, som har oppgåva med å gjennomføre forskingsstrategien for Ny- Ålesund.

4.5.5 Meteorologiske tenester

Klima- og miljødepartementet finansierer drifta av dei meteorologiske stasjonane på Bjørnøya og Hopen over budsjettet til Meteorologisk institutt (kap. 1412, post 50). Utgifter til Meteorologisk institutt sin del av husleige for statens bygningar på Bjørnøya og Hopen, blir finansiert over kap. 19 på svalbardbudsjettet.

4.6 Kommunal- og moderniseringsdepartementet

4.6.1 Bygg og eigedomar

Hovuddelen av dei statlege eigedomane som Statsbygg forvaltar i Longyearbyen inngår i den statlege husleigeordninga over kap. 2445 Statsbygg. Desse eigedomane er sysselmannsgarden, post- og bankbygget, nokre lagerbygg, bustader, Kjell Henriksen-observatoriet, Svalbard globale frøkvelv, Svalbard forskingspark, Sysselmannens administrasjonsbygg og Svalbard kyrkje. Dei meteorologiske stasjonane på Hopen og Bjørnøya, og Norsk Polarinstitutt sitt forskingsbygg (Sverdrupstasjonen) i Ny-Ålesund inngår også i hus leige ordninga.

Statsbygg Svalbard har kontor i Longyearbyen. Løyvinga til drift av Statsbygg Svalbard skjer over svalbardbudsjettet, kap. 0020. Kontoret har fem tilsette.

Etter snørasa på Svalbard i 2015 og 2017 blei det behov for nye bustader i Longyearbyen. Statsbygg fekk våren 2018 i oppdrag å bygge 60 bustader i Gruvedalen på Svalbard, og ny infrastruktur for utbygginga, jf. Prop. 1 S (2017–2018) for Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Innst. 16 S (2017–2018). Samla investeringskostnader til bustader og infrastruktur i Gruvedalsprosjektet er på om lag 380 mill. kroner. I 2019 har Statsbygg ferdigstilt bustadene, jf. omtale i pkt. 2.2.4.1.

Statsbygg starta opp arbeidet med ny inngangstunnel for Svalbard globale frøkvelv i 2018. Arbeidet vil bli ferdigstilt i 2019, jf. Prop. 44 S og Innst. 220 S (2017–2018).

4.6.2 Geodetisk observatorium i Ny-Ålesund

Statens kartverk opna 6. juni 2018 eit nytt geodetisk jordobservatorium i Ny-Ålesund. Målingane går inn i eit globalt forskingssamarbeid. Observatoriet rommar geodetiske instrument som skal gjere nøyaktige tidsmålingar, målingar mot kvasarar og måle endringar i lokalt tyngdefelt og nøyaktig avstand til satellittar i polare baner. Observatoriet måler jorda sine endringar i verdsrommet og jordplateforskyvingar. Dette gir òg grunnlag for overvaking av havis som smeltar og endringar i havnivå. Nytt laserinstrument for måling mot satellittar er under utvikling i samarbeid med NASA. Dette skal vere ferdig utvikla i 2022. Samla kostnadsramme for investeringane er på 355 mill. kroner.

4.6.3 Sjømåling

Statens kartverk har ansvaret for sjømåling rundt Svalbard. I 2018 vart det publisert nye sjøkart over Storfjorden og sideleie inn mot land. Vidare har det vore arbeidd med sjømåling og framstilling av djubdedata for Kystverket i tilknyting til Longyearbyen hamn.

Det vart òg gjennomført sjømålingar i utvalde område rundt Svalbard i tilknyting til Mareanoprogrammet. I 2018 omfatta dette sjømålingar ved sokkelkanten, transekt i Rijpsfjorden og Kongsfjorden og målingar i Kvitøyrenna. For 2019 vert det planlagd ti veker med sjømåling rundt Svalbard. Det vert starta på ein korridor rundt Nordaustlandet. Dette er eit område der det allereie i dag går ein del trafikk. Ein korridor vil gjere det mogleg å segle rundt Nordaustlandet i kartlagd farvatn, og er å sjå på som ein start på kartlegginga.

4.6.4 Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit/Tilsyn med satellittjordstasjonar

Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) gir frekvensløyve for all bruk av radiofrekvensar og fører særleg tilsyn med satellittjordstasjonar på Svalbard. Nkom har inngått formelt samarbeid med Sysselmannen på Svalbard.

4.7 Kulturdepartementet

4.7.1 Svalbard Museum

Svalbard Museum er eit natur- og kulturhistorisk museum lokalisert i Svalbard forskingspark i Longyearbyen. Svalbard Museum er innlemma i det nasjonale museumsnettverket. I tillegg til løyvinga over svalbardbudsjettet kap. 0004 Svalbard Museum, vert det tildelt midlar til Svalbard Museum på Kulturdepartementet sitt budsjett kap. 328 post 70 Det nasjonale museumsnettverket. Regjeringa foreslår ei løyving på 1,9 mill. kroner i 2020 til Svalbard museum over Det nasjonale museums nettverket, jf. Vedlegg 1.

I 2018 hadde Svalbard Museum om lag 51 500 besøk, ein auke på 9 pst. frå 2017.

4.7.2 Nordnorsk Kunstmuseum

Nordnorsk Kunstmuseum driv Kunsthall Svalbard i Longyearbyen som eit utstillingslokale og prosjekt rom for internasjonal samtidskunst. Kunsthallen er lokalisert saman med Svalbard Museum.

4.7.3 Stiftinga Artica Svalbard

Kulturdepartementet skipa hausten 2016, i lag med Fritt Ord og kulturnæringsstiftinga SpareBank 1 Nord-Noreg, stiftinga Artica Svalbard. Formålet med stiftinga er mellom anna å utvikle det norske kunst- og kulturfeltet, styrkje den kulturelle og kreative næringa på Svalbard og setje søkjelys på kor viktige nordområda er. Våren 2017 vart det opna ein kunstnarverkstad og kunstnarbustader i Longyearbyen. I kjerneverksemda inngår residensprogram for kunstnarar innanfor alle sjangrar; desse skal skape og formidle kunst og medverke til ordskifte om nordområda om tema som kultur, geopolitikk, klima, migrasjon og minoritetar. Artica Svalbard inngår i ein aktiv nordområdepolitikk, er eit ledd i satsinga frå regjeringa på kulturturisme og ei oppfølging av Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard. Det vert lagd vekt på å knyte verksemda til lokalsamfunnet på Svalbard og å samarbeide om utviklinga vidare. Regjerninga foreslår ei løyving på 2,7 mill. kroner i 2020 til Artica Svalbard på Kulturdepartementets kap. 325 Allmenne kulturformål, post 78 Ymse faste tiltak.

4.7.4 Anna tilskot

Regjeringa foreslår ei løyving på 175 000 kroner i 2020 til kulturtiltak på Svalbard på kap. 325 Allmenne kulturformål, post 78 Ymse faste tiltak. Tilskotet blir kanalisert gjennom Longyearbyen lokalstyre.

Svalbardposten får mediestøtte frå Medietil synet på kap. 335, post 71 etter reglane i forskrift om produksjonstilskot til nyhende- og aktualitetsmedium. Tilskotet blir rekna ut etter opplagstala til avisene og blir fastsett i oktober same året. Svalbardposten fekk 480 997 kroner i produksjonstilskot i 2018.

4.8 Kunnskapsdepartementet

4.8.1 Universitetssenteret på Svalbard

Universitetssenteret på Svalbard AS (UNIS) er eit statleg eigd aksjeselskap. Senteret er ein viktig del av nordområdesatsinga, som gjeld Svalbard generelt og særleg Longyearbyen. Det medverkar òg til å skape eit stabilt, heilårleg samfunn i Longyearbyen, med fastbuande studentar og forskarar.

Regjeringa foreslår å løyve 139,8 mill. kroner til UNIS i 2020 på budsjettet til Kunnskapsdepartementet på kap. 274, post 70.

Tabell 4.1 UNIS, utvikling av budsjettildeling, talet på tilsette og studentar

2012

2013

2014

2015

2016

2017

2018

Tildeling (mill. kroner)

105,2

112,2

117,9

125,4

124,4

128,9

142,2

Tilsette (i parentes, tilsette i mindre stillingsbrøkar)

84 (28)

99 (34)

106 (38)

110 (43)

113 (50)

106 (43)

90 (39)

Studentar (årsverk)

160

175

190

203

214

222,5

233

UNIS tilbyr høgare utdanning og driv forsking med utgangspunkt i at Svalbard ligg i eit høg arktisk område. UNIS skal vere eit supplement til lærestadane på fastlandet. UNIS skal vere ein unik institusjon for høgare utdanning på Svalbard, med eit fagtilbod og forskingsaktivitet av høg kvalitet, som tek utgangspunkt i dei naturgjevne fortrinna som følgjer av Svalbard si plassering.

Studia ved UNIS skal ha ein internasjonal profil. Det er eit mål at studentmassen fordeler seg om lag likt på norske og utanlandske studentar. UNIS skal utøve forsking og undervisning med minst mogeleg negativ påverknad på miljøet. Senteret spelar òg ei sentral rolle i å vidareføre den norske polarforskingstradisjonen, i utviklinga av Svalbard som forskingsplattform og i å representere og sikre norske interesser i Arktis.

4.8.2 Noregs forskingsråd

Polarforskinga spenner vidt og omfattar ulike fagdisiplinar. I underkant av 20 pst. av norsk polarforsking (om lag 330 mill. kroner i 2018) vert finansiert gjennom Noregs forskingsråd og er fordelt på ulike generelle verkemiddel og handlingsretta program. Av dette er i underkant 40 prosent svalbardrelevant forsking. Polarforskingsprogrammet (POLARPROG) utgjer om lag 4 pst. av norsk polarforsking og får målretta midlar til polarforsking frå Kunnskapsdepartementet (49,4 mill. kroner i 2019, kap. 285, post 53) og Klima- og miljødepartementet (3 mill. kroner, kap. 1410, post 51). Regjeringa foreslår i 2020 å auke løyvinga til polarforsking med 15 mill. kroner over Kunnskapsdepartementets budsjett.

Noregs forskingsråd har eit særskilt ansvar for å koordinere og informere om forskingsverksemd på øygruppa. Svalbard Science Forum (SSF) er eit samarbeidsorgan organisert av Forskingsrådet, der dei viktigaste forskingsmiljøa på Svalbard er medlemmer. Blant desse er Noregs forskingsråd (leder), Norsk Polarinstitutt, UNIS, Kings Bay AS, Svalbard Integrated Arctic Earth Observing System, Ny-Ålesund Science Managers Committee og Meteorologisk Institutt.

SSF er ein reiskap for fagleg og praktisk koordinering, informasjon og rådgiving for den internasjonale forskingsverksemda på Svalbard og gir støtte til internasjonalt samarbeid på Svalbard. Kunnskapsdepartementet fastsette nye, oppdaterte vedtekter for SSF våren 2019.

Databasen Research in Svalbard (RiS) (http://www.researchinsvalbard.no/), inneheld oversikt over norsk og utanlandsk forskingsaktivitet på Svalbard og havområda rundt, og gir oversikt over pågåande forskingsaktivitet i felt.

4.8.3 Regjeringas overordna strategi for forsking og høgare utdanning på Svalbard

Regjeringa la i 2018 fram ein overordna strategi for forsking og høgare utdanning på Svalbard. Strategien er ei langsiktig plattform som fastset rammer og prinsipp for forsking og høgare utdanning på Svalbard. Strategien er formidla til alle forskingsaktørar og institusjonar på Svalbard og er digitalt tilgjengeleg for alle som søker informasjon om forsking og høgare utdanning på Svalbard. Noregs forskingsråd har våren 2019 utarbeidd ein eigen forskingsstrategi for Ny-Ålesund, i samråd med relevante departement, og med utgangspunkt i den overordna strategien.

4.8.4 Folkehøgskule på Svalbard

Regjeringa foreslo i Prop. 52 L (2017–2018) å endre folkehøgskulelova slik at ho òg gjeld på Svalbard. Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 290 L (2017–2018). Lovendringa fekk verknad frå 1. august 2018. Endringa er ei oppfølging av oppmodingsvedtak nr. 462, 21. februar 2017.

Regjeringa foreslo i Prop. 1 S (2018–2019) å løyve 7,1 mill. kroner til oppstart. Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst 11 S (2018–2019). Regjeringa foreslo i samband med Revidert Nasjonalbudsjett 2019 å løyve eit ekstratilskot på 5 mill. kroner til skulen grunna særskilte svalbardkostnader. Folkehøgskulen anslår at dei årlege utgiftene til å drive folkehøgskule på Svalbard er 10 mill. kroner høgare i året enn for ein skule på fastlandet. 1 mill. kroner av desse går til høgare driftsutgifter, mens 9 mill. kroner går til leige av lokale.

Skulen startar opp hausten 2019. Regjeringa foreslår eit samla tilskot på 24,4 mill. kroner i 2020 til skulen. 14,1 mill. kroner av desse har skulen krav på etter folkehøgskulelova og 10,3 mill. kroner er det ikkje lovfesta ekstratilskotet.

4.8.5 Bygging av studentbustader

I statsbudsjettet for 2018 blei tilskotssatsen for bygging av studentbustader på Svalbard i 2018 dobla, jf. Innst. 12 S (2017–2018). Årsaka til auka tilskot for studentbustader på Svalbard er ekstraordinært høge kostnader ved oppføring og drift av bygg på Svalbard. I samband med revidert nasjonalbudsjett for 2018 vedtok Stortinget ein generell auke av tilskotssatsen for bygging av nye studentbustader. Tilskotssats for studentbustader på Svalbard utgjorde etter dette 0,7 mill. kroner i 2019.

I 2018 fekk den ovannemnde tilskotsordninga tilsegn om tilskot til 100 hybeleiningar i Longyearbyen. Hyblane skal erstatte dagens studentbustader i området i Nybyen på Svalbard som er utsette for ras. Den auka tilskotssatsen er vidareført i 2019. Arbeidet med å bygge nye studentbustader på Elvesletta i Longyearbyen vil etter planen starte opp i 2019.

4.8.6 Barnehagar

Lov 17. juni 2005 nr. 64 om barnehagar (barnehagelova) gjeld ikkje for Svalbard. I praksis er det likevel intensjonane i barnehagelova som er styrande for drifta av barnehagane. Det er ingen vesentlege skilnader mellom drift av barnehagar i Longyearbyen og på fastlandet. Fylkesmannen i Troms gjennomfører synfaring og tilsyn med Longyearbyen lokalstyre som barnehage styresmakt.

Sysselmannen på Svalbard skal involverast i tilsynet for å ta hand om dei særskilte utfordringane for Svalbard.

Midlar til drift av barnehagar på Svalbard er innlemma i svalbardbudsjettet kap. 3 Tilskot til Longyearbyen lokalstyre.

4.8.7 Integrated Earth Arctic Observing System (SIOS)

Svalbard Integrated Arctic Earth Observing System (SIOS) er eit norskleia samarbeid mellom institusjonar med relevant forskingsinfrastruktur på Svalbard (laboratorium, observatorium, feltutstyr mv.). Ved å samordne infrastruktur og observasjonssystem er målet å leggje til rette for tverrvitskaplege studium av jordsystemet, der havstraumar, atmosfæriske og geologiske tilhøve, is- og snødekke, planter og dyr heng saman i kompliserte mønster. Ei rekkje norske og internasjonale institusjonar med infrastruktur for jordsystemforsking på Svalbard tek del i samarbeidet. Samarbeidet inneber deling, koordinering, vidareutvikling og utnytting av infrastruktur, utstyr og data. I 2016 blei SIOS AS etablert som eit heileigd dotterselskap under UNIS, som er eigd av Kunnskaps departementet, for å fungere som juridisk eining for SIOS-samarbeidet. Partnarane i SIOS signerte ei juridisk ikkje-bindande avtale (MoU) 26. januar 2018. I 2018 blei utgifta til drift av hovudkontoret SIOS Kunnskapssenter, dekt over eit interimsprosjekt finansiert av Noregs forskingsråd. Det norske bidraget til SIOS Kunnskapssenter for perioden 2019–21 blir dekt av dei ordinære rammene til Noregs forskingsråd, etter tildelingsbrev frå KD. Forskingsinfrastrukturen og bidraget til observasjonssystemet under SIOS er ytterlegare styrka med eiga tildeling frå Forskingsrådet si infrastrukturordning, etter ordinær søknad til løyving.

4.8.8 EISCAT

EISCAT er ei vitskapeleg internasjonal stifting som driv fire store radaranlegg for å forstå vekselverknader mellom sola og jorda si øvre atmosfære i nordlege delar av Fennoskandia. EISCAT er eigd av forskingsråd og institutt i medlemslanda Finland, Japan, Kina, Noreg, Storbritannia og Sverige. Stiftinga sitt kontor ligg i Sverige (Kiruna). Radaranlegga er lokaliserte i Sverige, Finland, fastlands-Noreg og på Svalbard. For tida går ei oppgradering av EISCAT for seg kalla EISCAT3D. Dette inkluderer nye radarstasjonar som vil auke den fysiske forståinga av partiklars rørslemønster i tre dimensjonar i den øvre atmosfæren, mellom anna knytt til nordlys. Noregs forskingsråd dekker Noreg sitt bidrag til EISCAT3D på til saman 288 mill. kroner fram til og med 2024. EISCAT har gitt Universitetet i Tromsø i oppdrag å drive dei norske anlegga som ligg i Tromsø og på Svalbard, og den nye radarstasjonen som kjem i Skibotn.

4.9 Landbruks- og matdepartementet

4.9.1 Svalbard globale frøkvelv

Landbruks- og matdepartementet driftar Svalbard globale frøkvelv. Frøkvelvet er bygd inn i permafrosten i fjellet på Svalbard. Frøkvelvet er verdas største sikkerheitslager for frø. Ti år etter at frøkvelvet blei etablert, er ein million frøprøvar deponert for langtidslagring. Dette er meir enn ein tredel av det mangfaldet av frø som i alt er lagra i alle verdas frøbankar, ifølgje FNs organisasjon for mat og landbruk (FAO). Den store internasjonale merksemda frøkvelvet har fått frå medium og myndigheiter i andre land, har medverka til å auke forståinga for kor viktig det er å ta vare på landbruket sitt biologiske mangfald, medverka til å auke det internasjonale medvitet om Svalbard, og har gitt besøkande til Svalbard eit ekstra interessepunkt.

Statsbygg eig og forvaltar bygningane til frøkvelvet. Statsbygg starta opp arbeidet med ny inngangstunnel for Svalbard globale frøkvelv i 2018. Arbeidet vil bli ferdigstilt i 2019, jf. Prop. 44 S og Innst. 220 S (2017–2018).

4.10 Nærings- og fiskeridepartementet

4.10.1 Forvaltning av grunneigedom på Svalbard

Staten ved NFD eig i dag 99,5 pst. av all grunn på Svalbard. Sentrale delar av denne grunnen blir i dag forvalta av Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS (SNSK) i medhald av leige- og forvaltningsavtala mellom Staten ved NFD og SNSK. Regjeringa foreslår ei ny organisering av grunnforvaltninga, der NFD framover skal forvalte all statleg eigd grunn på Svalbard direkte ved å opprette to nye stillingar i NFD, med fast tilhaldsstad i Longyearbyen. Endringa er provenynøytral. Dagens betalingsforpliktingar som staten ved NFD har til SNSK i medhald av leige- og forvaltningsavtala vil falle bort med ny organisering og desse midlane vil, saman med inntekter frå grunnleiga, dekke kostnadene til å opprette stillingane med tilhøyrande infrastruktur i Longyearbyen. Sjå elles Nærings- og fiskeridepartementet sin Prop. 1 S (2019–2020).

4.10.2 Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF) administrerer Bergverksordninga for Svalbard, fastsett ved kgl. res. 7. august 1925, og utfyllande reglar for petroleumsverksemda. Desse reglane regulerer tilgangen til mineralressursane på Svalbard. DMF har ei viktig rolle i samband med konsekvensutgreiingar i saker som gjeld bergverks- og gruvedrift, jf. forskrift 28. juni 2002 nr. 650 om konsekvensutgreiing og avgrensing av planområda på Svalbard. I slike saker skal DMF, i samråd med Sysselmannen, fastsetje utgreiingsprogram og sluttdokument.

DMF tildeler utmål og gir råd, rettleiing og oversikt over funn og førekomstar av geologisk art på Svalbard, og har tilsyn med opningar etter nedlagde gruver. Følgjande verksemdsidé er utarbeidd for DMF: Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard skal bidra til auka verdiskaping ved å leggje til rette for ei langsiktig tilgang til ressursar basert på ei forsvarleg og berekraftig utvinning og bearbeiding av mineralar i Noreg. Ut frå denne verksemdsideen er eit av hovudmåla at DMF skal syte for at Svalbards geologiske ressursar blir forvalta og utnytta til beste for samfunnet . Dei andre hovudmåla er at DMF skal bruke sine verkemiddel slik at forvaltninga, utvinninga og arbeidet med mineralressursar er langsiktig, forsvarleg og berekraftig, DMF si verksemd skal gje god rettleiing og kommunikasjon til brukarane innafor etaten sitt verksemdsområde og DMF si verksemd skal syte for at tidlegare mineralverksemd er forsvarleg sikra og at tiltak for å redusere miljøkonsekvensar av tidlegare mineralverksemd på heimfalne gruveeigedomar underlagt NFD er gjennomført.

Dei viktigaste oppgåvene til DMF er saksbehandling og tilsyn. DMF vil informere om miljøregelverket og sjå til at undersøkingar og uttak av mineral blir gjennomførte slik at også ressurs- og miljøaspekt blir tekne vare på. Det blir elles vist til nærmare omtale av DMF på kap. 906 Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard i Nærings- og fiskeridepartementet sin Prop. 1 S (2019–2020).

4.10.3 Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS – miljøtiltak i Svea og Lunckefjell

Regjeringa foreslo i samband med Stortinget si behandling av statsbudsjettet for 2018 at Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS (SNSK) si kolverksemd i Svea og Lunckefjell skulle avviklast, jf. Prop. 1 S (2017–2018). Stortinget slutta seg til vedtaket, jf. Innst. 8 S (2017–2018). Det vart samtidig bestemt å setje i gang opprydding i området.

Ved Stortinget si behandling av statsbudsjettet for 2019 blei det, etter forslag frå SNSK og på bakgrunn av tilrådingar frå den eksterne kvalitetssikringa, bestemt å dele oppryddinga i to fasar, dvs. at Lunckefjell (fase 1) blir gjennomført først og deretter Svea (fase 2).

Opprydding i Lunckefjell starta opp våren 2019 og er førebels i rute etter gjeldande tidsplan. Parallelt med oppryddinga i Lunckefjell har SNSK jobba vidare med planlegging og kvalitetssikring av oppryddinga i Svea (fase 2). I samanheng med dette arbeidet har SNSK foreslått at også oppryddinga i Svea blir delt i to fasar, Svea fase 2A og 2B. Bakgrunnen for denne fasedelinga er at dette mogleggjer at oppryddinga i Svea fase 2A kan starte i 2020 i tråd med planen. Ei fasedeling av oppryddinga i Svea blir også støtta av den eksterne kvalitetssikringa.

Etter tilrådingar frå SNSK og etter vurdering frå ekstern kvalitetssikrar (KS2), legg Nærings- og fiskeridepartementet til grunn at oppryddings arbeidet i Svea blir delt inn i to delprosjekt, Svea fase 2A og 2B. Oppryddinga i Svea fase 2A vil etter planen starte opp våren 2020. Vidare legg Nærings- og fiskeridepartementet til grunn at planlegging og kvalitetssikring av oppryddinga i Svea fase 2B blir sluttført i løpet av 2020, og at oppryddinga i Svea fase 2B etter planen startar opp i 2021 slik selskapet og kvalitetssikrar indikerer.

Nærings- og fiskeridepartementet foreslår ei løyving på 248 mill. kroner knytt til opprydding i Svea (fase 2A) og Lunckefjell (fase 1). I tillegg er det fremja forslag om fullmakt til å forplikte staten for inntil 212 mill. kroner ut over budsjettåret for gjennomføring av miljøtiltak i Svea og Lunckefjell, jf. Forslag til vedtak (XI, 2). Budsjett for Svea fase 2B vil etter planen bli fremja i samband med statsbudsjettet for 2021. Nærings- og fiskeridepartementet vil understreke at det er uvisse knytt til kostnadene. For ytterlegare omtale av Miljøtiltak i Svea og Lunckefjell viser ein til budsjettproposisjonen til Nærings- og fiskeridepartementet.

4.10.4 Visit Svalbard AS

Visit Svalbard AS er eigd av og opererer på bakgrunn av handlingsplanar vedtekne av Svalbard Reiselivsråd, som er ei samanslutning av eit breitt spekter av aktørar med interesser knytte til reiselivet på Svalbard.

Målet med tilskotet til Visit Svalbard AS er å støtte opp under arbeidet til selskapet for at reiselivsaktiviteten på øygruppa medverkar til å nå hovudmåla i svalbardpolitikken. Tilskotet skal mellom anna nyttast til å skaffe informasjon om reiselivsaktivitet i området og hjelpe sentrale myndigheiter i politikkutvikling, og ta vare på fellesoppgåver som drift av heilårleg turistinformasjon, kompetansebygging blant aktørane og opplæring av guidar og turleiarar. For omtale av reiseliv sjå pkt. 2.2.4.4.

Regjeringa foreslår å løyve 3,1 mill. kroner til Visit Svalbard AS på Nærings- og fiskeridepartementet sitt budsjett, kap. 900 post 74.

4.10.5 Næringsstrategi for Svalbard

Næringsutvikling i Longyearbyen er sentralt for å nå måla i svalbardpolitikken. Regjeringa ønskjer å leggje til rette for at det er attraktivt for seriøse verksemder å drive næringsutvikling på Svalbard på ein måte som understøttar måla i svalbardpolitikken. I strategien Innovasjon og næringsutvikling på Svalbard synleggjer regjeringa sin politikk for næringsutvikling i Longyearbyen. Sjå elles Prop. 1 S (2019–2020) for Nærings- og fiskeridepartementet for nærmare omtale av strategien.

4.10.6 Romverksemd

Svalbard har ei sentral rolle innan norsk romverksemd. Svalbard si geografiske plassering er god både for utforsking av atmosfæren og for å lese ned satellittdata. Plasseringa er òg årsaka til at EU har valt å plassere sentral bakkeinfrastruktur for satellittnavigasjonsprogrammet Galileo og jordobservasjonsprogrammet Copernicus ved Svalbard Satellittstasjon (SvalSat). Noreg deltek i begge dei store romprogramma i EU, noko som er med på å gi gode navigasjonstenester i nordområda. Deltakinga medverkar til å støtte opp under berekraftig ressursforvaltning, tryggleik og beredskap, klima og miljø. Regjeringa foreslår å løyve 415,6 mill. kroner til norsk deltaking i EUs romprogram i 2020 på Nærings- og fiskeridepartementet sitt budsjett, kap. 922, post 73.

4.10.7 Svalbard Satellittstasjon

Svalbard Satellittstasjon (SvalSat) vart offisielt opna i juni 1999. Kongsberg Satellite Services AS, som er eigd 50 pst. av Staten gjennom Space Norway AS og 50 pst. av Kongsberg Defence & Aerospace AS, eig infrastrukturen og står for drifta av SvalSat og Tromsø Satellittstasjon.

Stasjonen ligg i nærleiken av Longyearbyen. SvalSat les ned data for sivile formål frå satellittar i polare baner og styrer også desse satellittane. Svalbard er ein av få stader i verda der ein kan lese ned data frå satellittar i polar bane kvar gong satellitten passerer Nordpolen.

4.10.8 Svalbard Rakettskytefelt

Svalbard Rakettskytefelt (SvalRak) i Ny-Ålesund vart oppretta i 1997. Infrastrukturen på SvalRak er eigd av Andøya Space Center A/S, som igjen er eigd av Nærings- og fiskeridepartementet (90 pst.) og Kongsberg Gruppen (10 pst.). Formålet med SvalRak er oppskyting av forskingsrakettar. Lokaliseringa nær den magnetiske nordpolen gir målingane frå rakettane resultat av stor vitskapleg verdi. Det er utført fleire oppskytingar.

4.10.9 Landingsforskrifta

Nærings- og fiskeridepartementet har endra landingsforskrifta slik at den også gjeld på Svalbard. Endringa tok til å gjelde 1. september 2018.

Formålet med forskrifta er å sikre berekraftig forvalting av livet i havet. Den inneber ei rekkje krav til alle som leverer, tek imot og kjøper fisk. Forskrifta set krav om at aktørane må registrere opplysingar om fangsten. Opplysingane blir brukt ved ressurskontroll, kvotekontroll og til statistikkformål. Forskrifta gjeld òg for fisk som blir landa og blir omsett direkte frå fritidsfiskarar eller fritidsfartøy til restaurantar og butikkar.

4.11 Olje- og energidepartement

4.11.1 Førebygging av flaum- og skredskadar

Olje- og energidepartementet har det statlege forvaltingsansvaret for flaum og skred. NVE kan gje fagleg og økonomisk bistand innan kartlegging, arealplanlegging, sikring, overvaking/varsling og beredskap. NVE må kvart år prioritere kva tiltak og kva område som kan få støtte innanfor gjeldande løyving. NVE sitt ansvarsområde på Svalbard vart avklart som ei oppfølging av Meld. St. 15 (2011–2012) Hvordan leve med farene — om flom og skred.

NVE oppretta i 2016 regional varsling for regionen Nordenskiöld Land. Det er også etablert ei lokal varsling for Longyearbyen. Den lokale varslinga vil bli vidareført vinteren 2019/2020.

Longyearbyen lokalstyre har i følgje beredskapsforskrifta ansvaret for tryggleiken til innbyggjarane i Longyearbyen. Når det blir varsla om fare for naturleg utløyste skred, blir Longyearbyen lokalstyre kontakta for vurdering av oppfølgingstiltak. Oppfølging kan vere auka overvaking eller evakuering. Sysselmannen støttar ved behov Longyearbyen lokalstyre i å gjennomføre dette, i tillegg til å vedta og setje i verk eventuelt ferdselsforbod.

Det vart løyvd 20 mill. kroner til skredsikring i 2017. I 2019 vart det løyvd 45 mill. kroner til sikringstiltak under Sukkertoppen, og NVE har starta arbeidet med dette. Framdrifta er førebels vurdert å bli forseinka med eitt år samanlikna med opphaveleg plan. Det ligg an til at arbeidet med Sukkertoppen fortset i 2021. Sjå elles omtale i pkt. 2.2.2.2 og under kap. 0007 Tilfeldige utgifter.

4.11.2 Utgreiing om framtidig energiforsyning

I samband med behandlinga av Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard bad Stortinget Regjeringa om å setje i gang ei brei utgreiing av moglegheitene for framtidig energiforsyning på Svalbard, basert på berekraftige og fornybare løysingar, jf. Innst. 88 S (2016–2017).

Ei ekstern utreiing vart lagd fram 5. juli 2018. I tillegg blei det halde eit ope innspelsmøte i november 2018. Olje- og energidepartementet kartlegg no dei ulike alternativa for framtidig energiforsyning. Dette arbeidet vil bli følgt opp med grundigare vurderingar av samfunnsøkonomiske nytte- og kostnadsverknader for eit mindre utval alternativ. Regjeringa legg til grunn at den framtidige energiforsyninga må vere sikker, berekraftig og kostnadseffektiv. Utgreiinga må sjåast i samanheng med utviklinga i tilstanden til den noverande energiforsyninga, og andre aktuelle infrastrukturtiltak på Svalbard som kan påverke lønnsemda til nye alternative energiløysingar. Kunnskap om dei lokale forholda på Svalbard er viktig, og lokalstyret vil bli involvert i det vidare arbeidet.

4.12 Samferdselsdepartementet

Posten Noreg AS utfører samfunnspålagde posttenester på Svalbard med same krav til levering som i resten av landet. Posten krev ikkje statleg kjøp i 2020 knytt til plikter på Svalbard.

Svalbard Lufthamn AS er eit heileigd dotterselskap av Avinor AS. Lufthamna hadde i 2018 eit overskot på 13,9 mill. kroner. Lufthamna opererer rutefly og ambulansefly mellom Fastlands-Noreg og øygruppa i tillegg til lokal flytrafikk mellom Longyearbyen og samfunna i Ny- Ålesund og Svea. I delar av året er det i tillegg mange charterflyoperasjonar mellom Svalbard og europeiske hovudstadar. Svalbard lufthamn er i praksis det einaste moglege sambandet mellom øygruppa og Fastlands-Noreg, og har derfor avgjerande betyding både lokalt og nasjonalt.