(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

70

Tilskot til Svalbard kyrkje

5 350

5 500

5 500

Sum kap. 0001

5 350

5 500

5 500

Den norske kyrkja er eit sjølvstendig rettssubjekt som Svalbard kyrkje er ein del av. Løyvinga til Svalbard kyrkje er eit øyremerkt tilskot som vert overført til Den norske kyrkja ved Kyrkjemøtet.

Kyrkja si særlege stilling på Svalbard, under dette kyrkja si rolle i den offentlege beredskapen, er mellom anna bakgrunnen for at løyvinga vert vidareført som ei særskild løyving over svalbardbudsjettet og ikkje inngår i rammetilskotet frå Barne- og familiedepartementet til Den norske kyrkja.

Forslag til løyving skal mellom anna dekke husleige for kyrkja, lønnsutgifter, vikarutgifter, varer og tenester som kyrkja står for i arbeidet sitt, drift av tenestebil, snøskuter og leige av helikopter.

Statsbygg har forvaltingsansvaret for kyrkjebygget. Drifts- og vedlikehaldsutgiftene for kyrkjebygget blir dekte på kap. 2445 Statsbygg. Ein viser elles til dei målformuleringane som er sette for løyvingane til Den norske kyrkja i Prop. 1 S (2019–2020) frå Barne- og familiedepartementet.