Prop. 1 S

(2019–2020)

Svalbardbudsjettet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

70

Tilskot til Longyearbyen lokalstyre

177 190

165 000

160 016

Sum kap. 0003

177 190

165 000

160 016

Lokalstyret får tilskot til drift via denne ramme løyvinga frå Justis- og beredskapsdepartementet.

Lokalstyret har ansvar for forvaltinga av nærmare definerte saksområde innanfor Longyearbyen arealplanområde, jf. Svalbardlova § 33 og forskrift til svalbardmiljølova. Oppgåvene er på fleire felt tilsvarande dei oppgåvene ein kommune på fastlandet har. Lokalstyret har i tillegg eit lovpålagt ansvar for infrastruktur i Longyearbyen som ikkje er tillagt staten eller andre, dette gjeld mellom anna energiforsyning. Lokalstyret har derimot ingen oppgåver eller utgifter til eldreomsorg sidan Longyearbyen ikkje er eit livsløpssamfunn. Longyearbyen lokalstyre har heller ikkje ansvar for eller utgifter til andre helse- og omsorgstenester.

Lokalstyret er planmynde i Longyearbyen arealplanområde. Revidert arealplan blei vedteken av Longyearbyen lokalstyre 13. februar 2017.

Lokalstyret har ei generell beredskapsplikt, jf. sivilbeskyttelseslova §§ 14, 15 og 29 som gjeld på Svalbard jf. forskrift om sivilbeskyttelseslovens anvendelse på Svalbard og om beredskapsplikt for Longyearbyen lokalstyre. Formålet med ei generell beredskapsplikt er at kommunar, og lokalstyret, skal sjå arbeidet med tryggleik i samanheng og planleggje ut frå dette. Forskrifta pålegg lokalstyret sjølv å ta ansvar for eit systematisk, kontinuerleg og kvalitetsvist godt arbeid med samfunns tryggleik og beredskap, og vurdere behovet for eventuelle særskilte førebuingar.

Tilstanden ved kolkraftverket i Longyearbyen er prega av slitasje ved at kraftverket har vore i dagleg drift frå 1983. Lokalstyret melder om høge utgifter til vedlikehald for kraftverket framover, og utfordringar med å skaffe reservedelar.

Reservekraftanlegget skal hjelpe til med å forsyna Longyearbyen med elektrisitet ved feil eller utfall i kolkraftverket. I samband med utfall av spisslaststasjonen ved kraftverket har det vore nødvendig å køyre reservekraftanlegget som spisslast. Med spisslast meiner ein at toppane i bruken av elektrisitet som ikkje blir dekt av kraftverket, blir dekt inn med straum frå reservekraftanlegget. Som ein konsekvens av større behov for spisslast har reservekraftanlegget gått langt meir enn ein har venta. Forsyningstryggleiken for energi i Longyearbyen er ikkje tilfredsstillande, og det er nødvendig med større kapasitet for reservekraft innan kort tid. Regjeringa foreslo i Prop. 1 S (2018–2019) Svalbardbudsjettet å løyve 19 mill. kroner til Longyearbyen lokalstyre som statleg tilskot for delvis å finansiere bygginga av eit nytt reservekraftverk i Longyearbyen. Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 11 S (2018–2019).

Det er estimert at kostnadene med å byggje eit nytt reservekraftverk i Longyearbyen vil vere på totalt 55,5 mill. kroner. Regjeringa legg opp til at staten finansierer halvparten av kostnadene til eit nytt reservekraftverk. Løyvinga blir foreslått redusert med 10,25 mill. kroner til 8,75 mill. kroner for å dekke delar av kostnadene for 2020.

I samband med Prop 85 S (2017–2018) om tilleggsløyvingar og omprioriteringar i statsbudsjettet for 2018 vart det løyvd 53 mill. kroner til andre bustadtiltak i Longyearbyen. 27 mill. kroner av midlane blei plasserte på svalbardbudsjettet kap. 0003, jf. Prop. 28 S (2018–2019) tilskot til Longyearbyen lokalstyre. Midlane vart øyremerkte til å dekke Longyearbyen lokalstyre sine utgifter til infrastruktur i bustadfeltet Gruvedalen (20 mill. kroner) og til riving av bustader i bustadfeltet Lia (7 mill. kroner). Jf. omtale under kap. 0007 blei 26 mill. kroner av løyvinga til «andre bustad tiltak» overført frå 2018 til 2019. 6 mill. kroner av dei overførte midla er tildelt Longyearbyen lokalstyre, til riving av bustader i bustadfelt Lia.

Etter forskrift 5. april 2000 nr. 347 om overskotsutdeling frå Nordpolet AS, skal nettooverskotet frå sal av alkoholhaldig drikk frå Nordpolet overførast til Longyearbyen lokalstyre, som fordeler midlane til velferdsformål. Lokalstyret fordelte i 2018 overskotet for 2017 som utgjorde 7,2 mill. kroner. Longyearbyen lokalstyre rapporterer til Sysselmannen om bruken av midlane. Overskotet inngår ikkje som ein del av statsbudsjettet.