Prop. 1 S

(2019–2020)

Svalbardbudsjettet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Driftsutgifter

67 376

70 400

71 817

Sum kap. 0005

67 376

70 400

71 817

Sysselmannen på Svalbard hadde 44 tilsette ved utgangen av 2018. I instruks for Sysselmannen på Svalbard fastsett av Justis- og beredskapsdepartementet 9. april 2019, blei føresegnene om åremål endra. Ordinær åremålsperiode for både sjølve sysselmannsembetet og andre stillingar hos Sysselmannen er no tre år, med høve til å søke om å forlenge med tre år. Total åremålsperiode er maksimalt seks år.

Løyvinga på kap. 0005 Sysselmannen skal dekke utgifter til løn og drift av sysselmannskontoret, under dette husleige, utgifter til vedlikehald og fornying av utstyrsparken, mellom anna terrenggåande beltevogner, småbåtar, snøskuterar og utstyr for oljevernberedskap.

Sysselmannen disponerer store utstyrs- og transportressursar som nemnd over. Dette er nødvendig for å kontrollere og halde oppsyn med den store øygruppa. Saman med helikopter og skip er utstyrsparken òg nødvendig for redningsberedskapen på Svalbard.

Ved alvorlege hendingar må system for å halde oppe grunnleggjande funksjonsevne i samfunnet vere solid. Det er vidare viktig å vere godt øvd og førebudd på å handtere situasjonar som kan oppstå. Å styrkje samhandlinga i beredskap og krisehandtering er eit viktig verkemiddel for å redusere sårbarheita i samfunnet. Øvingar er sentralt i dette arbeidet.

Sysselmannen samverkar med alle aktørane på ulike nivå og på ulike arenaer gjennom møteverksemd, samarbeid i enkeltsaker, føredrag, trening og øvingar og behandling av hendingar. I 2018 koordinerte lokal redningssentral (LRS Svalbard) 49 redningsoppdrag mot 78 i 2017. I 2018 var det m.a. store redningsoperasjonar knytt til ein hurtigbåt som kolliderte med kaia i Barentsburg i juli, og då eit fiskefartøy gjekk på grunn ved Hinlopen i desember. Auke i tilreisande turistar og auka aktivitet i havområda rundt Svalbard har tidlegare medverka til auke i talet på redningsoppdrag. No ser ein mellom anna auka fiskeriaktivitet i område som ligg lenger nord, jf. tabell under. Ein må vente at talet på redningsaksjonar kan stige igjen i framtida.

Figur 6.1 Fiskefartøy – seglingar i farvatna ved Svalbard, nord av 79º

Figur 6.1 Fiskefartøy – seglingar i farvatna ved Svalbard, nord av 79º

Kjelde:  Kystverket/Fiskeridirektoratet

Sjå elles pkt. 1.3.1 for utfyllande informasjon om Sysselmannen.