(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

30

Skred- og bustadtiltak, kan overførast

0

45 000

61 150

70

Diverse tilskot

1 046

1 100

1 100

Sum kap. 0007

1 046

46 100

62 250

Løyvinga på post 70 skal mellom anna nyttast til kjøp av tenester frå Telenor for å sikre teletenester på Svalbard.

I samband med revidert nasjonalbudsjett 2018 vart løyvinga på kap. 480 post 50 Tilskot auka med 53 mill. kroner. 26 mill. kroner av løyvinga blei plassert på svalbardbudsjettets kap. 0007 post 30 Skred- og bustadtiltak. Heile løyvinga blei overført til 2019. I 2019 er 20 mill. kroner av løyvinga brukt til å kjøpe ut private bustadeigarar i bustadfeltet Gruvedalen. 6 mill. kroner blei overførte til Longyearbyen lokalstyre i 2019 for å rive bustader i bustadfeltet Gruvedalen, jf. omtale i kap. 0003. Midlane til utkjøp og rivning vil bli rekneskapsførte for 2019.

I svalbardbudsjettet for 2019 vart det løyvd 45 mill. kroner til sikringstiltak i Longyearbyen over kap. 0007, post 30 Skred- og bustadtiltak. Arbeidet med skredsikring inneber m.a. prosjektering og grunnundersøkingar. Nye klimaframskrivingar medfører utfordringar innan geoteknikk, fundamentering og bygging av fysiske tiltak i område med permafrost. NVE får gjennomført supplerande grunnundersøkingar og temperaturmålingar for å kunne ta endeleg stilling til prosjektet. Framdrifta er førebels vurdert å bli forseinka med eitt år samanlikna med opphaveleg plan. Det ligg an til at arbeidet med Sukkertoppen held fram og vert avslutta i 2021. Det ligg òg an til at delar av løyvinga for 2019 ikkje vil bli brukt opp. Regjeringa vil kome tilbake til dette i samband med ny saldering av budsjettet for 2019.

På grunn av ovannemnde forseinking blei løyvinga på kap. 0007, post 30 gitt stikkordet « kan overførast» i samband med revidert nasjonalbudsjett 2019.

Regjeringa foreslår å løyve 61,2 mill. kroner til skredtiltak i Longyearbyen i 2020 på kap. 0007 post 30. Løyvinga vil kunne nyttast av NVE gjennom ei belastningsfullmakt. Regjeringa foreslår òg for 2020 å gi kap. 0007, post 30 stikkordet «kan overførast» .