Prop. 1 S

(2019–2020)

Svalbardbudsjettet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Driftsutgifter

3 965

5 037

5 189

Sum kap. 0022

3 965

5 037

5 189

Skattekontoret Svalbard har ansvar for å fastsetje skatt etter svalbardskattelova, administrere register over befolkninga på Svalbard, refundere til fastbuande innbetalt avgift til Svalbards miljøvernfond, og rekne ut kolavgift.

Det gjeld særskilte skattereglar for Svalbard. Skatteetaten, som er underlagd Finansdepartementet, har eit eige skattekontor på Svalbard. Drifta av skattekontoret er finansiert over Svalbardbudsjettet.

Svalbardbudsjettet skal dekke lønns- og driftsmidlar for skattekontoret i Longyearbyen. Budsjettløyvinga skal òg dekke utgifter til skatteklagenemnda for Svalbard, og utgifter til fagleg og administrativ bistand og oppfølging frå Skatteetaten. Mål- og resultatstyring av skattekontoret skjer innanfor det som til ei kvar tid er fastsett for skattemyndigheitene.

Auken frå 2018 til 2019 skuldast den nye stillinga som vart tildelt kontoret for å sikre gode tenester og resultat i saksbehandlinga, mellom anna å gjere skattekontoret i betre stand til å oppdatere folkeregisteret.